Ny professor: – Kven er ikkje interessert i språk?
Når måten vi snakkar på, endrar seg, spissar Randi Neteland både øyra og blyanten. – Motivasjonen min er ikkje så lett å forklare, eg er berre veldig nerdete og har lyst til å finne ut av ting, seier den ferske språkprofessoren ved Høgskulen i Volda.

Professor Randi Neteland utanfor høgskulebiblioteket ved Høgskulen i Volda. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
– Sjølvsagt må du spørje om det.
Høgskulen i Volda (HVO) har fått ein ny professor i nordisk språkvitskap, nordlendingen Randi Neteland. Akkurat no ler ho hjarteleg av kor vanskeleg eit enkelt spørsmål kan vere: Kvifor er språk så spennande?
– Eg er interessert i det som kommunikasjonsverktøy, men også fordi vi kommuniserer så mykje meir enn berre ord. Når vi snakkar, seier vi mykje om kven vi er og har lyst til å vere. Kven er vel ikkje interessert i språk?
Randi Neteland har jobba ved høgskulen i to år, men allereie rokke over mangt. Ho underviser både internasjonale studentar i norsk (NIS), framtidige barnehagelærarar i språkutvikling og masterstudentar i sosiolingvistikk. Mellom slaga har ho forska på dialektutviklinga i Ørsta og Volda og blitt med i ei nasjonal storsatsing på fagspråk – mellom anna.
– Eg kastar mange ballar opp i lufta og håpar at ingen treffer meg i hovudet når dei kjem ned igjen, seier den ferske professoren litt beskjedent.

Fann det gode miljøet på høgskulen
Neteland byrja den akademiske reisa si ved Universitetet i Bergen (UiB), der ho både tok mastergrad i nordisk i 2009 og disputerte for doktorgrad om industristad-dialekt i 2014. Sidan har ho jobba på lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet og hatt ei postdoktor-stilling som språkforskar ved UiB.
– Då vi seinare flytta til Ulsteinvik for å vere nærmare familien til kona mi, søkte eg jobb ved HVO. Her er eg veldig nøgd! Høgskulen er ein svært god arbeidsplass for meg – eg har fått fine arbeidsoppgåver og gode vilkår for å drive med den forskinga eg er interessert i.
Opprykket til professor i haust blei ein god dag på jobben i Volda.
– Eg tenkte «yes!» og sende melding til familien, og så ropte eg frå kontoret og ut i gangen til kollegaene mine at eg hadde fått professorkompetanse. Dei er veldig kjekke og støttande!
At ho i si tid byrja på ein mastergrad i nordisk, var ein konsekvens av å innsjå kva ho ville i livet: bli språkforskar.
– Og no synest eg at eg kan seie at eg er det, smiler Neteland.
Forskar på endring og variasjon i talespråket
Som sosiolingvist er ho oppteken av det sosiale og kulturelle forholdet mellom språket og samfunnet. Ho forskar på korleis språket varierer og endrar seg over tid.
Det å få opprykk til professor i faget sitt krev betydeleg innsats innan utdanning og forsking. Neteland er takksam for anerkjenninga av den faglege innsatsen ho har lagt ned.
– Det er veldig fint å tenkje på at tre professorar på fagfeltet mitt har lese og vurdert søknaden og alle publikasjonane mine og syntest det var godt nok til at eg kunne bli professor.
Motivasjonen bak alt arbeidet er ikkje så lett å forklare.
– Eg er berre veldig nerdete og har lyst til å finne ut av ting. Til dømes kvifor folk snakkar og skriv slik dei gjer, kva som skal til for at barn eller vaksne utviklar norskkunnskapane sine, eller kvifor talespråket og skriftspråket har endra seg på den måten det har gjort.

Del av nasjonal storsatsing dei neste åtte åra
Når vi møter den nye professoren ein fin novembermorgon i Volda, har ho nett vore i Bergen på den høgtidelege opninga av Senter for norsk fagspråk (Fagspråksenteret).
Saman med HVO-professorkollegaene Stig J. Helset og Tor Arne Haugen skal ho dei neste åtte åra bruke ein andel frikjøpt forskingstid berre på denne nasjonale storsatsinga.
– Eg er veldig glad for å vere ein del av det store teamet av forskarar ved senteret. Det er mange dyktige folk med der som eg ser opp til og gler meg til å få samarbeide med. Eg ønskjer å få bidra med kompetansen min til denne samfunnsrelevante språkforskinga framover.
I senteret skal Neteland mellom anna undersøkje korleis ein kan utforme nye og tilgjengeleggjere eldre språkressursar for moderne språkforsking.
– I fleire generasjonar har folk samla inn masse data og informasjon om kvardagsspråket i Noreg, men dette finst i alle slags gamle format og system utan at det er særleg lett å finne fram og bruke det i dag. Alt dette skal vi prøve å få samla og gjort lettare tilgjengeleg.
Er det overveldande å byrje på noko sånt?
– Ja, det er stort. Vi skal halde på i åtte år, så vi skal no få gjort noko, smiler ho.
– Men no i starten er det litt overveldande. Før eg kjem i gang, kjennest det uklart korleis eg skal få det til, og kva resultata eigentleg blir. Det er veldig kjekt å få lov til å bruke tida si på det.

Fascinert der andre blir irritert
Språk engasjerer så mange av oss, sjølv om det er få som tek interessa heilt til eit professorat. Skriveslurv og feil uttale er det lett å hengje seg opp i – men kva irriterer ein språkprofessor?
– Som sosiolingvist blir eg ikkje så irritert over språklege feil – mykje av det er endringar i mine auge. Heller enn å bli provosert over at ungdommen no til dags snakkar sånn og sånn, blir eg interessert. Eg blir kanskje meir irritert på dei som blir veldig irriterte, seier Neteland.
Og der vi andre kanskje hevar augebryna i møte med knoting og språking, går språkprofessoren helst i detektivmodus.
– Ta til dømes dialektane her i nærområdet, som kan vere stabile ganske lenge over fleire generasjonar, og så plutseleg skjer det mange endringar på ein gong. Når eg har forska på talemål på industristader, veit eg liksom kvifor endringane skjer, for der kjem det særs mange innflyttarar på ein gong, og dét omkalfatrar heile dialekten. Men når vi tilsynelatande opplever masse dialektendringar samtidig utan slike openberre grunnar, synest eg det blir veldig interessant, på tvers av tid og stad.
Les også Randi Netelands populærvitskaplege tekstar om dette i tidsskriftet Språkprat:
Men har professoren nokon spådommar om korleis vi snakkar om femti år?
– Det er ingen tvil om at det blir større likskapar mellom dialektane i Noreg, og kanskje ordforrådet blir meir likt. Kva konsekvensane blir av at unge i dag bruker så mykje meir engelsk, at dei endåtil bryt ut i heile engelske setningar, veit vi ikkje. Blir dei berre fleirspråklege av det eller kjem det til å skje noko med det norske språket deira? Foreløpig ser det ut til at dei kodevekslar, og at dei klarer å skrive «vanleg» norsk når dei skriv stil i norskfaget, til dømes.

Den viktige inspirasjonskjelda
Drivkrafta til å bli forskar kom ikkje heilt av seg sjølv. Den ferske professoren vil drage fram éin person som avgjerande for vegen hennar inn i fagdjupet: UiB-professor Agnete Nesse.
– Ho var forelesar då eg tok grunnfag og mellomfag på Høgskolen i Bodø, og ho var så interessert og engasjert. Ho forklarte ting på ein forståeleg måte, samtidig som ho gjekk skikkeleg i djupna på ganske avanserte ting, slik som det å lese norrønt. Vi klarte det – med hennar hjelp! Så ho fekk meg liksom heilt hekta på språk, rosar Neteland.
Etter mellomfag jobba Randi som lærar i vidaregåande skule, men ønskte noko meir.
– Først tenkte eg at ein mastergrad i nordisk berre sikra at eg blei lærar vidare. Men så kom eg på jobben hennar Agnete Nesse: Ho viste meg at ein også berre kan køyre på og fordjupe seg skikkeleg og faktisk bli språkforskar. Så ho har vore ei ordentleg inspirasjonskjelde og er det framleis. Ho har vore ein klok og snill rettleiar, kollega og venn for meg heile vegen.
Kva sa inspirasjonskjelda di då du blei professor?
– Ho var fornøgd. Ja, kanskje litt stolt av meg, sjølv om ho ikkje sa det med ord, smiler Neteland.
Livet som professor er om lag slik det var før. Men éin person ville ha litt meir pomp og prakt, nemleg Randis fem år gamle nevø:
– Det første han spurde om, var: «Må du ha på deg andre klede no?» Det lurte han på. Det er no eit veldig gøy spørsmål, då. Han laga til ein heil fest, han, ler Randi Neteland, ny professor i nordisk språkvitskap ved Høgskulen i Volda.






