Institutt for design, kunst og handverk

Som student ved Design, kunst og handverk i Volda får du utvikle deg innanfor kreativt arbeid, bli fortruleg med dine eigne skapande prosessar og arbeide med formidling.Vi legg vekt vekt på å gi deg innsikt og kunnskap for å kunne realisere dine eigne idear og utøve og formidle kunst og kultur.
Våre studietilbod:
- Bachelor i design, kunst og handverk
- Årsstudium i design, kunst og handverk
- Entrepenørskap i kulturnæringar
Hos oss møter du mange ulike fagområde:
- Arkitektur
- Funksjonell design
- Kunst - skaping og formidling
- Objekt i rom
- Visuell kommunikasjon
Vi har 8 ulike verkstadar som er døgnopne, alt frå proff maskinpark i sløydverkstaden til godt utstyrt leire- og tekstilverkstad. I hjartet av alle verkstadane har vi ein topp moderne skaparverkstad med alt frå 3d-printar og laserkuttar til teiknebrett med ny digital programvare.
Som student møter du også eit aktivt studentmiljø der du mellom anna kan ta del i tverfagleg prosjekt og arrangement m.m
Seksjonen for Design, kunst og handverk utdannar også barnehagelærarar og grunnskulelærarar.
Les meir om tilboda til Design, kunst og handverk under studietilbod.