Professor på seks strengar
Musikaren og forskaren Stein Helge Solstad har blitt professor ved Høgskulen i Volda. No kan den fjellglade jazzgitaristen også la seg inspirere av utsynet frå ein akademisk topp.

Stein Helge Solstad, professor ved Institutt for musikk på Høgskulen i Volda. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.
At jazz og friluft skulle bli stikkord om Stein Helge Solstad, er kanskje ikkje så rart. Spolar vi teipen tilbake til syttitalet og trykkjer Play, snurrar filmen fram mektige fjell og fossefall over verdsvande, virtuose tonar.
Stein Helge Solstad (f. 1961) vaks nemleg opp på Voss, den vidkjende festivalbygda for jazz og ekstremsport. Han har budd i Volda sidan 1992, då han fekk jobb i musikkseksjonen ved den dåverande lærarskulen.
Musikkutdanninga hans byrja med formative år i Trondheim, der han var del av det første ordinære kullet med jazzstudentar ved musikkonservatoriet i 1982. Solstad tok også hovudfag ved NTNU, og i 2015 disputerte han til doktorgrad ved Noregs musikkhøgskule.
– Eg har også budd fire år i utlandet med ulike stipend. Både i Trondheim og i Volda har eg jobba på musikklinje i den vidaregåande skulen, og i Volda var eg var med og forma musikklinja frå starten i 1995, fortel Solstad.
Underteikna er ein av mange tidlegare elevar som opplevde den karismatiske læraren på musikklinja starte skulemorgonen med ei økt meditativ tai chi før øyra skulle spissast til harmonilære.

Har forska på korleis jazzgitaristar improviserer
No har altså vossingen blitt professor, etter mange års arbeid ved Høgskulen i Volda (HVO). Men korleis kjendest det å få nyheita om opprykk?
– Eg blei veldig letta og følte at no var siste etappen mot toppen teken akademisk. Eg er svært glad i å gå fjellturar, og det å bli professor kan kanskje samanliknast med å endeleg ha nådd toppen etter fleire etappar, smiler Solstad.
Han ønskjer å trekkje fram Rune Krumsvik, som er professor 2 ved Avdeling for kulturfag på HVO, som ein viktig støttespelar i denne prosessen.
Kva betyr denne milepålen for deg, Stein Helge?
– Det betyr at alt arbeidet ein har gjort knytt til forsking, har bore frukter, og at ein i tillegg kanskje får større tyngde i internasjonalt samarbeid, noko som heile tida har vore viktig for meg, poengterer han.
For musikaren Solstad har utøving og teori veksla på melodiføringa opp gjennom åra. Han har gitt ut plater med eigenkomponert musikk til tekstar av både Olav H. Hauge og Ivar Aasen. I doktorgraden forska han på kva strategiar profesjonelle jazzgitaristar bruker i improvisasjon – no kan vi kanskje kalle han «improfessor»?
– På eit utøvande plan har eg blitt meir bevisst på at mykje av min kroppslege praksis byggjer på teori eg ikkje har vore bevisst på, og dette har gitt meg større forståing for musikalsk ekspertise, reflekterer Solstad.
- Sjå Stein Helge Solstad fortelje litt om arbeidet sitt i denne videoen (2019):
Fann sterk inspirasjon i New York
Læraren og gitaristen Solstad byrja å jobbe fram mot ein doktorgrad allereie tidleg på 1990-talet, men endra kurs av ulike grunnar og blei engasjert i arbeidet med å få musikklinja ved Volda vgs. opp og stå.
– Eg var den einaste med undervisningsbakgrunn frå musikklinje i den vidaregåande skulen blant dei nytilsette, og eg opplevde derfor at eg hadde noko å tilføre i den samanhengen, fortel han beskjedent.
Solstad takkar kona, Marit Ulvund, som i dag er HVO-professor og leier kunstproduksjonssenteret Seanse, for å ha inspirert han til å ville forske.
– Ho byrja med sin doktorgrad og lurte på om ikkje eg også ville prøve. Det rykte litt i den akademiske foten, og nokre år seinare blei eg ph.d.-stipendiat ved Høgskulen i Volda. Eg fekk mellom anna eit forskingsår ved Columbia University i New York som del av doktorgraden, og det var særdeles engasjerande og lærerikt for meg som både musikar og forskar, fortel Solstad, som også har vore gjesteforskar i Brisbane i Australia og bygd faglege nettverk internasjonalt.
- Les også intervjuet med Solstad om boka hans Expertise in Jazz Guitar Improvisation: A Cognitive Approach (2020): «Samanliknar gitarspeling med sjakk»

Vil dyrke samspelet mellom tone og tanke
Når Institutt for musikk ved HVO no har fått ein ny professor, er det eit viktig tilskot til kultur- og forskingsmiljøet i Volda.
– Eg håpar professoropprykket kan føre til eit forsterka samarbeid med andre musikkmiljø, ikkje minst på forskingssida. Ettersom eg jobbar med å knyte det praktiske og teoretiske tettare saman, så vil eg tru det praksisleia forskingsmiljøet vårt kan ha nytte av kompetansen min. Det er ikkje mange i Norge som har utøvarbakgrunn kombinert med ein akademisk professortittel, seier Solstad.
HVOs ferskaste professor har mange strengar å spele på, mellom anna leier han forskingsgruppa Skapande læringsprosessar i musikk. Denne gruppa skal om kort tid presentere noko av arbeidet sitt på Grieg Research School i Volda, der temaet er tverrfaglegheit.
– Eg ønskjer å jobbe fram eit musikkmiljø som ser nytten av både det praktiske og det teoretiske, og som evnar å jobbe tverrfagleg. Her har eg gode kollegaer på Institutt for musikk som dreg i same retning. I brytninga mellom ulike fagfelt kan mykje spennande skje. I framtida blir ein kanskje mindre bunden av einsidig spesialisering, noko som kan skape både nye fagfelt og nye perspektiv, avsluttar den engasjerte HVO-professoren Stein Helge Solstad.
