Ei utforska plate

Tekst:

- Oppdatert

Førsteamanuensis i musikk Stein Helge Solstad har brukt forskingsresultat for å perfeksjonere si nye plate, «Elvane møtest», og skal også sjå med forskarauge på den i ettertid.

– Kroppskunnskap er viktig i kommunikasjonen mellom musikarar som spelar saman. Det er mange ting ein ikkje får sagt eksplisitt med ord i eit samspel, men som ein kan lese i kroppsspråk. Mellom improviserande musikarar er denne spesielt viktig fordi den signaliserer musikalske avgjersler som skjer i augneblinken og som formar den musikalske utviklinga. Ein har rammer som ein improviserer over, men kva strategiar ein vel er avhengig av den musikalske kommunikasjonen, og i kva grad ein er i stand til å lytte og oppfatte dei signala som kjem frå medmusikarar, seier Solstad.

Han har akkurat gjeve ut plata «Elvane møtest», som han har hatt i emning i mange år. Det er ei plate der førsteamanuensisen har sett musikk til dikt av Olav H. Hauge.

Film som verktøy

Dikta vert framført vokalt, og sjangeren beskriv Solstad som lyrisk jazz, tidvis inspirert av folkemusikk og med ein del rytmiske innslag som gjer at plata inneheld mange ulike taktartar. Med seg på plata har Solstad, som sjølv spelar gitar, ein solid musikalsk kvintett. På song Therese Lech og Beate Slettevoll Lech, på piano Erlend Slettevoll, på bass Audun Ellingsen og på trommer Henrik Lødøen.

I arbeidet med doktorgradsavhandlinga «Strategies in jazz guitar improvisation» spelte Solstad saman med fem profesjonelle jazzgitaristar i New York og tok det opp med eit videokamera, for å få med seg det som skjedde i samspelet. Det same har Solstad no gjort med den nye plata som er spelt inn i Sparkle Sound Studios i Oslo og miksa i Ocean Sound Recordings på Giske. Gjennom å nytta 360 graders kamera i denne prosessen får ein med seg alt som skjer i rommet, og ting som ser uviktige ut med ein gong, kan vise seg å vere svært interessante i ettertid.

– Ved å dokumentere denne innspelingsprosessen frå innøving til innspeling, har eg fått høve til å fokusere på ulike utfordrande aspekt ved innspelinga. Videodokumentasjon av intervju/samtalar med dei andre musikarane har supplert det som eg kan observere og såleis gjeve meg høve til å finne ut om vi opplever desse utfordringane på same måten. Det kan vere vanskeleg å setje ord på det som skjer i eit slikt samspel, men i etterkant kan ein faktisk tolke mykje berre gjennom å sjå på kroppsspråket me nyttar i samspelet. God kommunikasjon gir ofte god musikk, og det håper eg lyttarane vil oppleve at dei finn på denne plata, smiler gitaristen.

Spennande rytmikk

Arbeidet med plata hadde sin spede start for 22 år sidan. Solstad sin tredje son, Trygve, skulle døypast og Solstad sette tonar til Olav H. Hauge sitt dikt «Det er den draumen».

Eg vart inspirert av variasjonen i dikta hans, og spesielt det rytmiske i dikta var spennande å arbeide med.

Stein Helge Solstad

Etter framføringa av det eine diktet i sonen sin dåp, har Solstad i ettertid sett musikk til elleve andre dikt av Hauge – som ein no finn på denne plata.

– Alle tolv komposisjonane har lege i skuffa nokre år, men no fann eg ut at det var på tide å få gitt ut materialet, seier Solstad som for nokre dagar sidan sette seg på flyet til Australia og Brisbane. Ved hjelp av eit FoU-stipend skal han no vere i Australia i eit halvt år og forske. Der vil han fortsette på forskingsarbeidet han dreiv med i doktorgradsavhandlinga si.

«Elvane møtest» er til sals i kantina ved Høgskulen i Volda, Ivar Aasen-tunet og bokhandelen Norli, men kan også kjøpast på ulike musikkstrøymetenester på nett. Med plata følger det også eit teksthefte.

Del på