Har debutert med publisert forsking

Stipendiat Lars Ørjan Kråkenes er ein av tolv ved Høgskulen i Volda som publiserte vitskapleg for første gong i 2024. – Mange gode kollegaer har støtta og motivert meg, fortel Kråkenes om milepålen.

Lars Ørjan Kråkenes.

Lars Ørjan Kråkenes med beviset på at han har publisert sin første vitskaplege artikkel: «Education for Agonistic Democracy: Reclaiming the Political Insights of Agonism».

Tekst: Steinarr Sommerset, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Det er ikkje berre berre å få publisert noko vitskapleg. For å få innpass hos eit anerkjent tidsskrift eller forlag må du klare å forske fram ny og kvalitetssikra kunnskap som står seg gjennom ei omfattande fagfellevurdering. Har ein aldri gjort det før, er læringskurva bratt.

For å heidre dei som har publisert vitskapleg for første gong, har Forskingsadministrasjonen ved Høgskulen i Volda (HVO) laga ein årleg tradisjon: Kvar debutant får ein unik kopp inspirert av forskingsarbeidet dei har debutert med.

– Dette er ei lita, men symboltung påskjøning for den solide innsatsen ein slik publikasjon krev. Det ligg ofte ekstra mykje arbeid bak den aller første publiseringa ein forskar gjer, og derfor vil vi heidre spesielt dei som debuterte med publikasjon i fjor. Dette er viktige milepålar for enkeltforskarane og for høgskulen som forskingsinstitusjon, seier forskingssjef Henriette Hafsaas.

Seks av tolv debutantar i 2024.
Seks av dei tolv som debuterte med vitskapleg publisering ved HVO i 2024 (f.v.): Rebecca Nedregotten Strand, Beate Farstad, Lars Ørjan Kråkenes, Ingrid Løvik Saure, Raúl Grau-Ruiz og Eleanor Dodson.

Forskar på korleis skulen kan lære opp elevar i demokrati

Ein av dei tolv debutantane i året som gjekk, er stipendiat Lars Ørjan Kråkenes. Han er tidlegare samfunnsfagslærar og har mellom anna mastergrad i kulturmøte frå HVO. Stipendiaten i samfunnsfagsdidaktikk har om lag eitt og eit halvt år att av ph.d.-stipendperioden sin på fire år.

– Eg forskar på demokratidiskurs og demokratiutdanning. I dag er fleire vestlege demokrati under aukande press, og mitt prosjekt handlar om skulen si rolle i å førebu framtida sine borgarar på å stå imot eit slikt press, fortel han.

Den første artikkelen hans er publisert i tidsskriftet Studies in Philosophy and Education (open tilgang). Artikkelen handlar om korleis skulen kan hjelpe elevar å forstå politikk og demokrati i ei tid der stadig fleire kjenner på politisk framandgjering og avmakt.

– Mitt argument er at det ikkje nyttar å snakke om flotte ideal om toleranse og likeverd innanfor klasserommet sine fire veggar, dersom ikkje elevane også blir kjende med dei demokratiske og udemokratiske rørslene som finst i den verkelege verda der ute, utdjupar han.

Viktig å våge å vise fram det uferdige

Kråkenes fortel at det å skrive ein vitskapleg teoriartikkel var meir krevjande enn han trudde.

– Å få vanskelege tankar til å henge i hop på ein forståeleg og truverdig måte tok meir tid og tolmod enn eg kunne førestilt meg.

Kråkenes går på eit ph.d.-program ved UiB, og mange av HVOs stipendiatar har kontor i Lettbygget ved HVO og jobbar med doktorgradsprosjekt knytte til fagmiljø ved andre institusjonar. Dette skaper eit rikt, tverrfagleg stipendiatmiljø i Volda.

– Eg har hatt mange gode kollegaer som har støtta og motivert meg, ikkje minst på Lettbygget, der mange stipendiatar møter ein del felles utfordringar. Der har eg hatt mange gode samtalar som ofte, på litt tilfeldig vis, har hjelpt meg når eg har stått fast, fortel Kråkenes.

Har du eit råd til andre som kan tenkje seg å publisere vitskapleg, men ikkje har teke steget?

– Det viktigaste rådet mitt er å tore å dele tankar og utkast, sjølv om det svir litt å vise fram ting som er langt frå ferdig. Eg har lært aller mest av å få kritiske tilbakemeldingar på det som har vore både dårleg og uferdig.

Desse debuterte med vitskapleg publisering ved HVO i 2024:

Roar Amdam, Siv M. Gamlem og Stig J. Helset.
Tre professorar publiserte mest ved HVO i 2024 (f.v.): Roar Amdam, Siv M. Gamlem og Stig J. Helset.

Amdam, Gamlem og Helset publiserte mest

Dei tre HVO-forskarane som oppnådde flest publiseringspoeng i 2024, er professorane Roar Amdam, Siv M. Gamlem og Stig J. Helset, som alle fekk blomar frå høgskulen for den viktige innsatsen med å forske i studiebygda.

Gamlem står for ei rekkje vitskaplege bidrag hovudsakleg innan utdanningsvitskap, medan Helset har publisert fleire tidsskriftartiklar innan språkvitskap.

Amdams hovudutgiving i 2024 er monografien New Perspectives in Health Promotion: Health in All Policies (HiAP). Forlaget Routledge skriv at denne viktige boka ikkje berre skildrar korleis politikkutforming på alle nivå kan skape dei rette vilkåra for betre folkehelse, men også undersøkjer dei ibuande utfordringane ved den overordna tilnærminga Health in All Policies (HiAP, «helse i alt vi gjer»).

Rekordhøg andel publisering på nivå 2

I forskingsåret som gjekk, oppnådde HVO også ein oppløftande høg andel publiseringar på nivå 2, det øvste nivået i det såkalla teljekantsystemet.

Heile 27,8 prosent av publiseringane ved HVO i 2024 var på nivå 2, som er kategorien for dei mest innflytelsesrike publiseringskanalane. Gjennomsnittet blant statlege institusjonar var 23,5 prosent.

Dette er HVOs beste andel publisering på nivå 2 nokosinne, og berre i 2016 har HVO tidlegare lege over landsgjennomsnittet for nivå 2 blant statlege institusjonar.

– Det er svært gledeleg at HVO har oppnådd ei ny bestenotering for andelen publiseringar på nivå 2. Dette viser kvaliteten på fagmiljøa våre og gir inspirasjon til vidare satsing. Vi håpar at endå fleire vil bidra til å løfte forskinga ved HVO gjennom å publisere vitskapleg i åra som kjem, avsluttar ein fornøgd forskingssjef Henriette Hafsaas.

Del på: