Mastergrad

Kulturmøte

Heiltid, Samlingar

Med utgangspunkt i faga historie og religion er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og ut frå vår samtid.

Stengt for søking

Søknadskode : 4360

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2019

Studieinnhald

Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.

Obligatoriske emne:

  • Nasjon, kultur og religion
  • Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
  • Masteroppgåve i Kulturmøte

Valbare emne:

  • Brennpunkt Midtausten
  • Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet.
  • Migrasjon, kjønn og religion
  • Mikrohistorie

Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre. 

Opptakskrav

1. Opptaksgrunnlaget til mastergraden i kulturmøte er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

- bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.) i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.

-allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget.

-tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

2. Ein krev minst karakteren C (G, 2, 8 eller stått) i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap eller anna) som det blir søkt opptak på grunnlag av.

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

I Studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, vil eitt obligatoriske emne (Nasjon, kultur og religion) gå i haustsemesteret og det andre (Vitskapsteori og metode) gå i vårsemesteret. I dei to obligatoriske emna er undervisninga obligatorisk. Kvart semester tilbyr vi to valfrie emne. Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar :

  • Internasjonalt arbeid
  • Arbeid i organisasjonar og politiske parti
  • I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU)
  • I skuleverket
  • I medie- og informasjonsverksemd
  • I offentleg og privat forvaltning
  • I ABM-sektoren
  • Kultursektoren elles

Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Inger Marie Okkenhaug

Studieplan

Master i kulturmøte

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering: 
Heiltid
Opptakskrav: 
  1. Opptaksgrunnlaget til mastergraden i kulturmøte er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule med minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:
    • bachelorgrad eller tilsvarande (minimum 180 stp.) i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.
    • allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping (200-nivå) i det same faget.
    • tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.
       
  2. Ein krev minst karakteren C (G, 2, 8 eller stått) i fordjupingsfaget (historie, religionsvitskap eller anna) som det blir søkt opptak på grunnlag av.
Om studiet: 

Studiet skal medverka til å utvikla kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auka den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren, kyrkja og kultursektoren elles.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
 

Kunnskapar: 

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
  • avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
  • spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunnen

  • finna fram i og vurdera kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
  • analysera eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytta dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
  • planleggja, avgrensa og utforma eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse: 

Studenten skal kunne

  • vurdera og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • nytta kunnskapane sine på nye område for å gjennomføra avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leia arbeid med kulturell integrering
  • planleggja og gjennomføra nye FoU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det eine kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.

Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka om hausten første studieår (ca.veke 36).

Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Praksis: 

Ingen praksis.

Evaluering og kvalitetssikring : 

Studiet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvlitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Inger Marie Okkenhaug, telf 70075422, e-post okkenhai@hivolda.no