Mastergrad

Kulturmøte

Deltid, Samlingar

Med utgangspunkt i faga historie og religion, er Master i kulturmøte eit studium om møte mellom kulturar: regionalt, nasjonalt og internasjonalt.

Reiseverksemd, migrasjon og nye kommunikasjonsteknologiar fører menneske frå ulike kulturar i tettare kontakt med kvarandre. Denne utviklinga skaper behov for å forstå kulturmøte både i eit historisk perspektiv og i notida.

Vil du bruke utdanninga i skulen, kan du byggje på med eittårig praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).

Søk studieplass!

Søknadskode : 4361

Info og frister

Varigheit 8 semester (4 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Programmet er bygd opp av fire kulturhistoriske emne, kvart på 15 studiepoeng, og ei mastergradsoppgåve på 60 studiepoeng. Det vil kvart år bli gitt tilbod til studentane om å skrive masteroppgåve innanfor prosjekt som programansvarleg tilbyr.

Obligatoriske emne:

  • Nasjon, kultur og religion
  • Vitenskapsteori og metode inkl. prosjektomtale/oppgåvedisposisjon
  • Masteroppgåve i Kulturmøte

Valbare emne:

  • Brennpunkt Midtausten
  • Sekularitet og skule i møte med religiøs pluralitet.
  • Migrasjon, kjønn og religion
  • Mikrohistorie

Det vert vektlagt å gi studentane kompetanse til å leie arbeid med kulturell integrering, og kunne planleggje og gjennomføre FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre. 

Opptakskrav

  • Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 stp. fordjuping i det same faget.
  • Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i graden.

Internasjonalisering

Det vil bli lagt til rette for utanlandsopphald på eitt til to semester ved samarbeidsinstitusjonar i utlandet, til dømes ved University of Limerick i Irland eller ulike spanske og skotske universitet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

I Studiet vert det nytta varierte undervisnings- og arbeidsformer – seminar og førelesning, i tillegg til prosessorientert skriving. Når det gjeld den teoretiske delen, vil eitt obligatoriske emne (Nasjon, kultur og religion) gå i haustsemesteret og det andre (Vitskapsteori og metode) gå i vårsemesteret. I dei to obligatoriske emna er undervisninga obligatorisk. Kvart semester tilbyr vi to valfrie emne. Oppgåvedelen av studiet gjennomfører studenten i samråd med rettleiaren. Det er viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Master i kulturmøte gir nyttig og etterspurd kompetanse i dagens globaliserte samfunn, der kulturmøta er meir omfattande og intense enn tidlegare. Studiet har relevans for ulike yrkesvegar :

  • Internasjonalt arbeid
  • Arbeid i organisasjonar og politiske parti
  • I forskings- og utgreiingsarbeid (FoU)
  • I skuleverket
  • I medie- og informasjonsverksemd
  • I offentleg og privat forvaltning
  • I ABM-sektoren
  • Kultursektoren elles

Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

 

Kontakt

Spørsmål om opptak kan rettast til Studentsørvis epost: sok@hivolda.no,  tlf. 70 07 50 18

Faglege spørsmål kan rettast til studieprogramansvarleg Inger Marie Okkenhaug

Administrative spørsmål  kan rettast til studiekoordinator Gunnvor Bakke

Les elles meir informasjon på heimesida vår.

Oppstart

Vi tek atterhald for endringar i tidspunkt og planar grunna Korona-restriksjonar eller føringar frå styresmaktene.

Les meir om studiestart her 

***

We reserve the right to make any changes in time and plans due to Corona restrictions or rulings by the government.
 
Read more about the semester start here 

 

Studiet er samlingsbasert:

KUM301 har første samling i veke 36, oppstart måndag 31. august kl 09:30 på C-paviljongen. Samlinga held fram heile dagen tysdag 1. september og onsdag 2. september fram til ca kl 12:00. Emnet har 2. samling i veke 41, frå måndag 5. oktober kl 10:15 til og med onsdag 7. oktober ca kl 14:00.

KUM305 har ei samling i veke 38, oppstart måndag 14. september kl 08:30 på Kaarstad 108. Samlinga held fram heile tysdag 15. til og med fredag 18. september, måndag, tysdag, onsdag og fredag frå kl 08:30-14:30, torsdag frå 11:30-17:15. 

KUM309 har første samling i veke 36, oppstart onsdag 2. september kl 11:30 (rom kjem her når det er klart). Samlinga held fram torsdag 3. og fredag 4. september, begge dagar frå kl 08:30 - ca kl 15:15. Emnet har 2. samling i veke 41, frå onsdag 7. oktober ca kl 12:00 til og med fredag 9. oktober ca kl. 16:00.

 

Samlingsinformasjon/Samlingar

Studiet nyttar e-læringsverktyet Canvas til informasjon, utlegging og innlevering av arbeidskrav osv.

Oppbygging av studiet finn du i studieplanen. Her finn du og lenke vidare til obligatoriske og valfrie emne. I emneplanane kan du lese om arbeidskrava, vurderingsforma ol.

Heiltidsstudenten skal gjennomføre to emne pr. semester. Deltidsstudenten gjennomfører eitt.

I alle emna vil delar av pensumlitteraturen verte tilgjengeleg i kompendium. Desse vil du finne som lenker i Canvas.

Pålogging Canvas (klikk her)

 

Du vil finne meir informasjon i Canvas etter at du har registrert deg på emne i Studentweb etter 1. august.

 

Undervisningsstad

Sjå elles i undervisningsplanar som du vil finne i Canvas etter registrering.

 

Studieplan

Master i kulturmøte (deltid)

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i kulturmøte, deltid
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2020
Studieplassar: 
10
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav
  • Bachelorgrad eller tilsvarande i historie eller religion med minimum 80 studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Allmennlærarutdanning/grunnskulelærarutdanning med fagval i historie/RLE/samfunnsfag og minimum 20 studiepoeng fordjuping i det same faget.
  • Tilsvarande kompetanse innanfor humaniora eller samfunnsvitskap etter særskild vurdering.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre.

Om studiet

Studiet skal medverke til å utvikle kandidatane si forståing av kulturmøte som eit tverrfagleg forskingfelt, auke den realhistoriske kompetansen og evna til å analysera kva funksjon og verdi kulturmøte har hatt og har. Kulturmøte vil gje studentane kompetanse innan eit breidt spektrum av arbeidslivet – internasjonalt arbeid, arbeid i organisasjonar og politiske parti, forskings – og utgreiingsarbeid, i skuleverket, i kyrkjer, i arbeid innan media og informasjon, offentleg og privat forvaltning, i ABM-sektoren og kultursektoren elles.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om det teoretiske grunnlaget for forsking om møte mellom kulturar historisk og i vår eiga tid
  • avansert kunnskap om fagområdet som tverrfagleg forskingsfelt, særleg forankra i religions- og historievitskap
  • spesialisert kjennskap til og innsikt i eit utval av møte mellom kulturar på ulike arenaer i fortid og samtid
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • finne fram i og vurdere kritisk kulturhistorisk forskingslitteratur og relevant kjeldemateriale
  • analysere eksisterande kulturvitskaplege teoriar, metodar og fortolkingar og nytte dei i sjølvstendig arbeid med praktisk og teoretisk problemløysing
  • planleggje, avgrense og utforme eit sjølvstendig forskingsarbeid under rettleiing og i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • vurdere og forstå kulturell sameksistens og konflikt realhistorisk og interdisiplinært
  • nytte kunnskapane sine på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt innan forsking, utgreiing, undervisning og formidling om feltet
  • ha faglege føresetnader for å leie arbeid med kulturell integrering
  • planleggje og gjennomføre nye FOU-prosjekt – åleine og i samarbeid med andre
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er sett saman av tre kulturhistoriske emne, eit vitskapsteoretisk emne, alle fire à 15 studiepoeng, og ei masteroppgåve på 60 studiepoeng. Masteroppgåva, det vitskapsteoretiske og det kulturhistoriske emnet er obligatoriske; to fagemne er valfrie.

Anna som vedkjem gjennomføringa av studiet:

Studiet har obligatorisk frammøte i den første samlingsveka om hausten første studieår (ca. veke 36).

Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Etter måten få undervisningstimar gjev deg stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav om at du kan planlegge di eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.

Navn: 
Kulturmøte - deltidsstudium
Praksis

Ingen praksis.

Ansvarleg
Inger Marie Okkenhaug, telf 70075422, e-post okkenhai@hivolda.no

Last ned studiet som PDF