Historie

Bachelorgrad

Historia – eit nytt blikk på verda rundt deg. 

Bachelorprogrammet i historie har som mål å gi deg eit historisk perspektiv på det mangfaldige notidssamfunnet vårt, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Du får kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og å byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid. 

Historiefaget har ingen fasit om fortida. Studieprogrammet lærer deg å tenke kritisk, å samanlikne ulike versjonar av fortida, sjå ulike perspektiv, og forstå fortida med alle dei samansatte strukturane som påverkar kvarandre. Utvikling av evne til sjølvstendig, kritisk tenking gir historiestudentar ein viktig reiskap i den aktuelle kampen mot falske nyhende og konspirasjonsteoriar. Gjennom samarbeid med Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal, vil du både få opplæring i kjeldebruk og høve til å nytte arkivmateriale i arbeidet med oppgåver.  

Høgskulen i Volda har eit historikarmiljø med høg kompetanse som gir viktige bidrag til norsk historieforskning. 

  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Sterke inntrykk frå vakker arkitektur og kunst frå antikken til våre dagar, fagleg inspirasjon frå dyktige omvisarar, føredragshaldarar og medstudentar, samt smerte frå gnagsår etter mykje vandring. Dette er nokre av erfaringane historiestudentane sit att med etter studieturen til Roma.

515befd4e0e4f6b8cfac697d8e97a833

Tekst: Kaspar Selvik, historiestudent.

Om dei ansvarlege for ekskursjonen ved Historisk institutt, Arnfinn Kjelland og Hans Jacob Orning, har tenkt på det gamle ordtaket «alle vegar fører til Roma» under planlegginga av ekskursjonen, er uvisst. Sitatet av ukjent opphav kan skrive seg frå tida då Roma var sentrum i Romarriket, og det vel utbygde vegsystemet i keisartida gjekk frå Roma sitt sentrum til alle delar av riket. At Roma vart rekna som sentrum i kristenheita, kan også forklare ordtaket. I overført tyding kan det handle om å nå eit felles mål ved hjelp av ulike metodar, og i så måte gav studieturen 6. til 11. mars deltakarane ei unik moglegheit til auka forståing av sentrale historiefaglege problemstillingar.

Studentpresentasjonar

Både studentar og tilsette ved historisk institutt budde i nærleiken av Termini, sentraljernbanestasjonen i Roma. Dette var eit ideelt utgangspunkt for dei daglege ekskursjonane på programmet. Studentar ved Hi100, eit historisk innføringsemne som gir innføring i sentrale  spørsmål og arbeidsmåtar i historiefaget, hadde i forkant av studieturen førebudd framføringar om bygg og områder i Roma. Dette vart ein interessant og studentaktiviserande del av studieturen.

Vakker kyrkjekunst

Første ettermiddagen i fint vêr og sol tok Hans Jacob Orning oss med på kyrkjeomvising i Termini-området. Han fekk også hjelp av studentar med framføringar om visse bygg undervegs på turen. Roma er kjend for sine mange kyrkjer, og først fekk vi oppleve den store kyrkja Basilica di Santa Maria Maggiore, som vart bygd på 400-tallet, tidleg etter kristninga av Romarriket under keisar Konstantin og Theodosius på 300-tallet. Sjølv om kyrkja er mykje endra i seinare tid, blant anna med ny fasade, har den framleis den originale strukturen.  Det mest spesielle vi fekk oppleve i denne kyrkja var fantastiske veggmosaikkar frå sein-antikken på 400-talet. Mosaikken skildra sener frå Det gamle testamentet, der Jesus var plassert inn i motiva, mest truleg for å skape ein samanheng mellom Det nye- og Det gamle testamentet.

Vidare gjekk vi til to kyrkjer som var dedikerte til døtrene til ein av dei tidlege kristne i Roma, helgenen Pudens. Kyrkjene Santa Prassede og Santa Pudenziana såg ikkje merkverdige ut frå utsida, men då vi kom inn såg vi nydeleg mosaikk frå seinantikken. Spesielt ved fleire tidlege kyrkjer i Roma er at dei som reiste dei kunne finne på å sette seg sjølv eller familiemedlemmer inn i mosaikken som del av ornamentet. I mosaikken som skildrar kjende kvinneskikkelsar frå bibelen, var døtrene til Pudens, Prassede og Pudenziana også plassert. Å plassere seg sjølv inn mellom dei heilage, kunne kanskje fungere som ei løn for strevet med å reise kyrkjer.

7a4c45f0128de6c4540d1042c262b7dd
Inge Lyse Hansen fortel om historia til Forum Romanum. Her frå ruinane etter keisarpalasset på Palatinhøgda.

Kosmas- og Damiankyrkja ligg ved Forum Romanum, lett tilgjengeleg frå Via dei Fori Imperial, som er den breie vegen Mussolini fekk bygd frå bustaden sin til Colosseum. I denne kyrkja erfarte vi lag på lag med historie. Blant anna var det opna ein panoramavegg ned til ei utgraving under kyrkja, der det tidlegare hadde vore ein Romulus-kult i frå tidleg antikk tid. Noko spesielt med mellomalderkunsten i kyrkja var måten Jesus på krossen var attgjeven på. Jesus hadde på seg kongekrone og var fullt kledd, og dette bryt med tidlegare og seinare kunstnariske skildringar av Jesus på krossen.

Å forstå bygg i antikken

Den første heile ekskursjonsdagen gjekk vi samla ned til Forum Romanum som var det politiske, økonomiske og religiøse sentrum i det antikke Roma. Dette vaks fram naturleg mellom dei sju høgdene i byen. På Forum vart vi introdusert for den danske arkeologen Inge Lyse Hansen frå det amerikanske universitetet i Roma, John Cabot. Ho forklarte i store trekk korleis sentrumet vaks fram, og la stor vekt på korleis vi kan forstå bygningane reist av keisarar og/eller Senatet. Byggverka kan vi forstå som ein dialog mellom partane. Ein keisar som kom i konflikt med Senatet satt sjeldan lenge, og ein kunne ikkje berre bygge det ein følte for. Dei store offentlege bygga i Roma vart ofte reiste av rike individ som ville vise at dei gav noko tilbake til byen for å sikre si eiga politiske makt.

Ein av dei som lykkast aller best med dette var Julius Cesar, forklarte Lyse Hansen. Han bygde Basilika Julia og investerte på ein måte som Roma aldri før hadde opplevd. Ved hjelp av dette kunne han også utnemne seg sjølv til diktator over Romarriket, og sjølv om han vart drepen av senatsmedlemmar, vart aldri riket den same republikken som før. Vidare fekk vi også innføring i historia til Palatinhøgda, før vi tok turen inn på Colosseum og fekk utforske bygget meir sjølve.

Om ettermiddagen var Orning guide i Roma sentrum, og fleire studentar heldt presentasjonar. Vi var blant anna innom Diokletians termar som var eit enormt badeanlegg bygd av keisaren som innførte det absolutte keisardømme omkring 300 e.Kr. i Romarriket. Vidare gjekk turen via Piazza Barberini til Spansketrappa, Trevifontena og Piazza Navona.

Akveduktar, vegar og universitetsbesøk

Neste morgon tok vi tog ut av byen til stasjonen Capannelle, der vi kunne sjå restar i frå ein av dei elleve akveduktane som forsynte Roma med vatn. På ein kilometer hadde desse akveduktane to meter helling. Å få eit slikt system til å fungere var ei stor bragd, og fortel noko om ingeniørkunnskapen som var nødvendig for å kunne ha millionbusetnad i Roma.

Vidare vandra vi til Via Appia Antica. Dette var den viktigaste blant dei romerske vegane, og kalla ”regina viarum” som tyder vegens dronning. Vi følgde denne inn til Roma igjen, og langs vegen såg vi fleire gravminner og ruinar etter antikke villaer som eliten eigde utanfor byen. Forklaringa på dei mange gravminna langs vegen utanfor byen, er at det var ulovleg å gravlegge dei døde innanfor bymuren. Ved å sette dei langs vegen vart dei eksponert for at mange fekk sjå dei. Eit stort utgravingsfelt vi såg langs vegen var Quintillis villa. Lenge trudde ein dette var ein del av byen på grunn av storleiken. Vidare såg vi mellom anna Capo di Bove-komplekset, og gravminnet etter Cecilie Metella som vart bygd om til ei borg i mellomalderen.

Langs Via Appia Antica kom vi til St. Sebastiankyrkja, der vi fekk vi omvising av ein lokal guide i katakombane under kyrkja. Katakombane hadde blitt bygd ut sidan om lag 100 år e.Kr., og grunnen av vulkansk stein gjorde det trygt å grave ut enorme holrom under bakken.

Om ettermiddagen gjekk vi til Keiserforuma og Piazza Venezia. Vi studerte Pantheon som saman med Colosseum er av dei mest ikoniske byggverka i Roma. Vi kryssa Tiberen til andre sida av Roma og det amerikanske universitetet John Cabot. Her gav professor Tom Govero oss omvising, og svarte på spørsmål om universitetet. Synfaringa vart avslutta med fellesmiddag på ein lokal restaurant anbefalt av Govero like ved Universitetet.

Firenze

Ekskursjonen til renessansebyen Firenze med tog, vart eit høgdepunkt for mange på turen. Firenze hadde stordomstida si i ei hundreårsperiode på 13.- og 14.-årshundretalet. Firenze var med sine 300 000 innbyggarar den største byen i Italia på 1400-talet, medan til dømes Roma var nede i 15 000 innbyggjarar i same tidsperiode. Talet på innbyggjarar i Firenze har halde seg stabilt sidan renessansen. 

Vi drog først til Santa Maria Novella-katedralen, der vi såg flotte gotiske freskemaleri og tidleg renessansekunst. Her fekk vi sjå det antatt første tredimensjonale maleriet i verda, som var med på å markere skiljet inn til renesansen som periode. Vi såg også det spanske klosteret i kyrkja, med freskar frå 1360-åra.

5cc9f0efdc33f684dcfaa88827674917
Firenze sett i frå San Minato.

Vidare gjekk vi til Piazza del Duomo og det flotte Baptisteriet som hadde ”dei gyldne portane” i gull skapt av Lorenzo Ghiberti. Portane vart i samtida rekna som så fantastiske at Michelangelo ga dei namnet ”Porta del Paradiso” som tyder Paradisportane. Her såg vi også den storslåtte Santa Maria del Fiore katedralen som vart ferdigstilt i 1436. San Lorenzo og San Marco-klosteret gjorde også inntrykk.

På Piazza della Signora låg i si tid Firenzes rådhus. I dag inneheld dette Uffizigalleriet med fleire kunstverk av blant anna Michelangelo. Dei to timane vi hadde til rådigheit i galleriet flaug, og det var umogleg å studere alt. Fleire tok så turen til Ponte Veccio-brua også kalla ”gullsmedbrua”, og opp til høgda San Minato med eit spektakulært utsyn over heile Firenze. Heile den fantastiske dagen i renessansebyen hadde vi fint vêr.

Vatikanet og Ostia Antica

Siste ekskursjonsdagen tok vi metroen til stasjonen Ottaviano og rusla til Vatikanet. I Vatikanstaten gjekk vi mellom anna opp i kuppelen på Peterskyrkja, der vi fekk eit fantastisk utsyn over Roma. Etter omsyning i Peterskyrkja gjekk vi til Castel St. Angelo. Dette fungerte som borga til fleire av Borgia-pavane då dei kontrollerte Roma.

Vi tok så banen til hamnebyen Ostia Antica. Her møtte vi arkeologen Lyse Hansen igjen, og ho guida oss i ruinane frå Roma sin første koloni. Ho kopla byane saman og forklarte forholda mellom dei, og korleis hamnebyen fekk ein ny posisjon då den gjekk i frå å vere eit reint forsvarsverk til å verte hovudhandelsbyen for kornimport til Roma. Ho viste oss korleis vi kunne sjå at ruinar var kommersielle bygg, og det unike med at lagerbygga låg langs vegane inn og ut av byen. Vi fekk blant anna sjå ein antikk ete-stad, og korleis vi kan vite at dei aller fleste, både fattig og rik, budde i leilegheiter i byen. Dei aller rikaste hadde til og med innlagt vatn. Etter omsyninga i Ostia, var det uformell avslutting på ekskursjonen på kvelden.

dbd19a686ef1b90873c9becdbca96b50
Arkeolog ved John Cabot Inge Lyse Hansen fortel studentane om Ostia ved inngangen til byen.

Gjevande og lærerikt

Studieturen til Roma gav inntrykk og innsikt som er vanskeleg å erfare om ein reiser på eiga hand. Gjennom dyktige førelesarar og omvisarar fekk vi auka forståing for det vi såg og opplevde. Mellom anna fekk vi lære korleis ein kan skilje mellom kunst frå antikken, mellomalder og renessansen. Vi gjekk mykje og langt på turen, og sjølv om vi åt mykje god italiensk mat undervegs fekk vi truleg ikkje overskot av kaloriar av den grunn. Turen styrkar det sosiale samhaldet i studiet. Dei fleste studentane nytta sjansen til nokre ekstra dagar til utforsking i byen på eiga hand. Er du interessert i historie kan du med fordel la vegen føre deg til Roma med historisk institutt ved Høgskulen i Volda.

På historisk grunn

Lækjande vatn, sagnet om ein helgen frå Irland og ein festning bygd av russiske krigsfangar var blant det som møtte historiestudentane då dei reiste på ekskursjon.

Lækjande vatn, sagnet om ein helgen frå Irland og ei festning bygd av russiske krigsfangar var blant det som møtte historiestudentane då dei reiste på ekskursjon.

Skyssbåten Ennholm, på folkemunne kalla Klosterbåten, låg klar ved kaia i sentrum av Selje. Ved roret sat guide Adrian Mortensen klar til å skysse historiestudentane over til øya Selja.

Dagen før hadde dei mellom anna besøkt bygda Ervik på Stadhalvøya. Der fortalde ein kjentmann og pensjonert lærar om det gamle bygdesamfunnet og ein gravplass frå 1500-talet. Men også nyare hendingar var noko som gjorde inntrykk på dei ferske historiestudentane. Under andre verdskrigen bygde russiske krigsfangar ein festning under strengt vakthald av tyske soldatar. 21 russiske soldatar døydde.

– Den tunnelen som dei russiske fangane hadde grave ut, var heilt utruleg, det same med sjølve festningen. Det gjorde inntrykk, synest student Tuva Hilton.

Imponerande kloster 

På land på Selja fortel guide Mortensen om ei øy som no har ti fastbuande, men som langt tilbake tid husa langt fleire menneske. Han hoppar sjølv om bord i båten igjen og lèt høgskulelærarane Arnfinn Kjelland og Harald Krøvel vise veg fram til dagens store mål for
studentane. Etter eit drygt kvarter skimtar dei eit høgt tårn bygd i stein. Det er omkransa av endå meir stein – som ikkje ragar like høgt. Selje kloster står framfor dei. Guiden har køyrt båten rundt øya og står klar i munkekjortel for å fortelje om klosterruinane og historia til klosteret.


Heile anlegget er komplett med klosterkyrkje, tårn, andre klosterbygningar, indre og ytre yrkjegardsmur, ytre klostermur, klosterhage og beitemarker, og helgenanlegget i fjellsida med Mikaelskyrkja og Sunnivakyrkja.

 

Foto: Lea Albertsen/HVO

- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som er rådgivar og elskar jobben sin. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. Kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!)

- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som elskar jobben sin. For henne gjekk vegen frå utdanning til å bli rådgjevar for Interkommunalt arkiv. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. For kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!) 


- No har eg verdas mest spanande jobb! 

Åsta Vadset, tidlegare historiestudent, elskar jobben sin som rådgjevar for Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal. Ho skildrar den som ein slags arkivdetektiv. – For å seie det litt fjasete. Men det er jo i prinsippet det eg er, og har vore heile yrkeslivet mitt. Eg jaktar på enkeltopplysningar i enormt store arkivmengder, fortel ho. 

Historiker Åsta Vadset. Foto: Piotr Cabajj, SEDAK.
Historiker Åsta Vadset. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK.


Kvifor historie? 

For å bli arkivdetektiv, eller rådgjevar, må du forhalde deg til faktaopplysningar og konteksten i kvar enkelt sak, forklarer Åsta. - Og ha evna til å analysere seg fram til korleis folk i fortida kan ha tenkt. 
Og dette var noko av kjerna i utdanningsvalet hennar. Åsta fortel at ho valde å studere historie fordi fortida alltid har interessert henne. 
- Korleis menneska levde før, og korleis samfunnsutviklinga har gått føre seg. Ikkje berre dei lange linjene og prosessane, men like mykje historia til enkeltmennesket. Mikronivået. 
Ho valde å ta hovudfag (tilsvarande mastergrad i dag). Og erfaringane frå utdanninga, ikkje berre pensum, har mildt sagt vore nyttig i yrkeslivet, seier ho. 
- Eg har hatt enormt stort utbytte av det metodiske eg lærde gjennom å skrive ei hovedfagsoppgåve. Ein til tider smertefull prosess med mykje opp og nedturar. Der ein på eit vis kjem ut som ei kanononkule! Ein lærer mykje av strev. 


- Historie er eit fantastisk interessant fag! 

- Kva tips har du til dei som lurer på om dei skal studere historie?
- Historie er eit fantastisk interessant fag! Det handlar ikkje om å pugge tidslinje eller kongerekka. Det handlar om å lære seg ein metode, som også er brukbar på andre felt enn historiefaget. Historie er eit fag som ein ofte tenker kan brukast i skulen eller i akademia. Der er andre moglegheiter enn det! Til dømes arkiv, smiler Åsta. 

Andre som har gått historie har også fått jobb som lærar, er tilsett på bibliotek, i museum og innan media eller kulturbransjen, for å nemne nokre døme. Politiske rådgivarar kan ha stor nytte av ein historiebakgrunn for å forstå og analysere politiske avgjerder og hendingar. Nokre vel å forske. Andre dreg utanlands. Moglegheitene er mange.

Det er dei også om du vil prøve deg som historiestudent ved Høgskulen i Volda!


Fordjuping, årsstudium, bachelor- og mastergrad

Synes du det Åsta fortel høyres spanande ut? Vi har studietilbod til deg som vil studere på fulltid her i Volda, til deg som vil studere på nett og til deg som vil prøve deg på deltid. 

For deg som siktar på ein mastergrad, kan du velge å gå vidare på Kulturmøte, anten på fulltid eller deltid med ein historiebachelor med deg i pc-veska. Då tek du utgangspunkt i faga historie og religion, og lærer om møter mellom kulturar, media og samfunnet vårt, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

Vel du vegen til læraryrket, kan du mellom anna gjere det ved å bygge på med ei Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).  

Lurer du på noko, er du alltid velkomen til å ta kontakt med oss!


PS! Vil du møte fleire noverande eller tidlegare studentar, vil vi tilrå deg å følgje Høgskulen i Volda i sosiale kanalar. På Instagram får du mellom anna innblikk i studielivet og kan stille spørsmål til dei som tek over kontoen vår der.

Praksis og utveksling i utlandet

Som student ved Bachelor i historie kan du ta eit eller to semester i utlandet. Vi tilrår blant anna våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Irland, Tyskland og USA.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i historie er organisert som forelesingar og seminar, og nokre av emna på fordjupingsnivået har nettbasert undervisning. Første studieåret vil du få vere med på ein studietur til Roma over fem dagar, med innlagt undervisning.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Gjennom studieprogrammet i historie skal studentane tileigne seg brei realhistorisk innsikt med tematisk og kronologisk fordjuping. Studiet vil også gi innføring i metodar for handsaming av ulike typer kjelder og god trening i å analysere og samanfatte store informasjonsmengder. Kombinert med ulike tilleggsutdanningar opnar studiet veien til ulike yrkesområdar innanfor skule, museum, arkiv og journalistikk. 

Studiet kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte og Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda, og andre relevante mastergradsstudium ved høgskular og universitet.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart: Det første informasjonsmøtet for emner HI111 og HI112 vil bli halde på tirsdag 15. august klokka 12:30 i Aasen 106.

Semesterplanen er tilgjengeleg i Canvas-rommet.

Her er et detaljert kart over campus med navn på hus, rom og det du skulle trengeLinks to an external site..

 

Studieplan

Historie - bachelor

Studieprogram: 
Historie - bachelor
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
180
Studielengd: 
6 semester
Kull: 
2023
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Bachelorgradsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.

Bachelorgraden i historie kvalifiserer for opptak til masterprogramma Kulturmøte og Nynorsk skriftkultur ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.

Bachelor i historie frå HVO kvalifiserer for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål i historisk forsking
  • vere i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
  • har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kunne sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, har fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet 
Ferdigheiter

Studenten:

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
  • kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
  • kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
  • kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar 
Generell kompetanse

Studenten:

  • har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
  • kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
  • har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
  • kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
  • kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva bør skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna.

Dei resterande 75 studiepoenga  kan takast fritt frå emner i samfunnsvitskap og humaniora. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til. Vi rår deg til ikkje å velje samfunnsfag, sidan det vil føre til studiepoengreduksjon, sjå omfang i emneplanane på grunnivået. Emner frå andre fagfelt kan også veljast inn om dei er relevante for ei historieutdanning.

Emna i første studieår har tilbod om forelesingar og seminar. Emna på fordjupningsnivået (200-emna) går anten med forelesingar og/eller som nettstudium. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.

Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:

  • Grunnemna HI100, HI111, HI112 og HI113
  • To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (200-nivå)
  • Bacheloroppgåve (HI210).

Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:

To valfrie fordjupingsemne kan veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.

Krav til rekkjefølgje

Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) bør vere knytt til eitt av emna studenten har valt på fordjupingsnivå. Dette emnet bør i så fall takast før eller i same semester som HI210.

Det er høve til å ta studiet på deltid etter avtale.

Navn: 
Historie - bachelor
Emne2023 Haust2024 Vår2024 Haust2025 Vår2025 Haust2026 Vår
Obligatoriske emne
30301515
 
15
 
15
 
15
 
15
Bacheloroppgåva skal normalt skrivast i det siste semesteret, men kan etter avtale skrivast i 4 eller 5 semester.
 
1515
Fordjupingsemne (30 studiepoeng)
30301515
Studenten må velje to av fordjupingsemna i løpet av semester 3, 4, 5 eller 6. Ein tek attehald om tilstrekkeleg påmelding og endringar:
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Valemne (tilsaman 75 studiepoeng).
Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk og eitt ekstra fordjupingsemne i historie eller IPA213.
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Anna relevant valemne: Merk evnt. krav til forkunnskap i emneplanen.
 
1515
Etter vurdering kan andre emne enn dei som går fram av studiemodellen, gå inn i studieprogrammet. Ta kontakt med Studentsørvis.
NB! Skuleretta samfunnsfag kan ikkje veljast som valemne pga. fagleg overlapping.
Internasjonalisering

Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.

Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.

Anna
På dei obligatoriske grunnemna er det obligatorisk frammøte til undervisinga, jf. §4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Den som ikkje kan fylle frammøtekravet, kan søkje om dispensasjon frå kravet mot å levere andre arbeidskrav. Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Undervisningsmengda per veke gjev rom for ein viss grad av fleksibilitet og krev at du kan planlegge di eiga tid. Det er samstundes viktig at du ikkje prøver å gape over for mykje på ein gong. Dessutan er det viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Ansvarleg
Harald Johannes Krøvel, harald.johannes.krovel@hivolda.no (+47) 70 05 48 79
  • Heiltid
  • Varigheit 6 semester (3 år)
  • 180 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Søk frå 1. februar

Søknadskode : 223 481

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt