Bachelorgrad
Historie
I dette studiet får du eit historisk perspektiv på det mangfaldige notidssamfunnet vårt, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Du får kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid, og å bygge opp ei reflektert haldning til eiga samtid.
- Start:
- Haust Vår
- Omfang:
- Heiltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 180,0
- Varigheit:
- 6 semester (3 år)
- Studietype:
- Bachelorgrad
- Søknadsperiode:
- 01.11.2024
Kombinert med ulike tilleggsutdanningar opnar studiet veien til ulike yrkesområdar innanfor skule, museum, arkiv og journalistikk.
Studiet kvalifiserer for opptak til Master i kulturmøte og Master i skriftkulturar ved Høgskulen i Volda, og andre relevante mastergradsstudium ved høgskular og universitet.
Høgskulen i Volda har eit historikarmiljø med høg kompetanse som gir viktige bidrag til norsk historieforskning.
Innblikk i studiekvardagen
- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som er rådgivar og elskar jobben sin. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. Kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!)Vis mer
- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som elskar jobben sin. For henne gjekk vegen frå utdanning til å bli rådgjevar for Interkommunalt arkiv. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. For kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!)
- No har eg verdas mest spanande jobb!
Åsta Vadset, tidlegare historiestudent, elskar jobben sin som rådgjevar for Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal. Ho skildrar den som ein slags arkivdetektiv. – For å seie det litt fjasete. Men det er jo i prinsippet det eg er, og har vore heile yrkeslivet mitt. Eg jaktar på enkeltopplysningar i enormt store arkivmengder, fortel ho.
Kvifor historie?
For å bli arkivdetektiv, eller rådgjevar, må du forhalde deg til faktaopplysningar og konteksten i kvar enkelt sak, forklarer Åsta. - Og ha evna til å analysere seg fram til korleis folk i fortida kan ha tenkt.
Og dette var noko av kjerna i utdanningsvalet hennar. Åsta fortel at ho valde å studere historie fordi fortida alltid har interessert henne.
- Korleis menneska levde før, og korleis samfunnsutviklinga har gått føre seg. Ikkje berre dei lange linjene og prosessane, men like mykje historia til enkeltmennesket. Mikronivået.
Ho valde å ta hovudfag (tilsvarande mastergrad i dag). Og erfaringane frå utdanninga, ikkje berre pensum, har mildt sagt vore nyttig i yrkeslivet, seier ho.
- Eg har hatt enormt stort utbytte av det metodiske eg lærde gjennom å skrive ei hovedfagsoppgåve. Ein til tider smertefull prosess med mykje opp og nedturar. Der ein på eit vis kjem ut som ei kanononkule! Ein lærer mykje av strev.
- Historie er eit fantastisk interessant fag!
- Kva tips har du til dei som lurer på om dei skal studere historie?
- Historie er eit fantastisk interessant fag! Det handlar ikkje om å pugge tidslinje eller kongerekka. Det handlar om å lære seg ein metode, som også er brukbar på andre felt enn historiefaget. Historie er eit fag som ein ofte tenker kan brukast i skulen eller i akademia. Der er andre moglegheiter enn det! Til dømes arkiv, smiler Åsta.
Andre som har gått historie har også fått jobb som lærar, er tilsett på bibliotek, i museum og innan media eller kulturbransjen, for å nemne nokre døme. Politiske rådgivarar kan ha stor nytte av ein historiebakgrunn for å forstå og analysere politiske avgjerder og hendingar. Nokre vel å forske. Andre dreg utanlands. Moglegheitene er mange.
Det er dei også om du vil prøve deg som historiestudent ved Høgskulen i Volda!
Fordjuping, årsstudium, bachelor- og mastergrad
Synes du det Åsta fortel høyres spanande ut? Vi har studietilbod til deg som vil studere på fulltid her i Volda, til deg som vil studere på nett og til deg som vil prøve deg på deltid.
For deg som siktar på ein mastergrad, kan du velge å gå vidare på Kulturmøte, anten på fulltid eller deltid med ein historiebachelor med deg i pc-veska. Då tek du utgangspunkt i faga historie og religion, og lærer om møter mellom kulturar, media og samfunnet vårt, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.
Vel du vegen til læraryrket, kan du mellom anna gjere det ved å bygge på med ei Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Lurer du på noko, er du alltid velkomen til å ta kontakt med oss!
PS! Vil du møte fleire noverande eller tidlegare studentar, vil vi tilrå deg å følgje Høgskulen i Volda i sosiale kanalar. På Instagram får du mellom anna innblikk i studielivet og kan stille spørsmål til dei som tek over kontoen vår der.
Studieinnhald
Historiefaget har ingen fasit om fortida. Studieprogrammet lærer deg å tenke kritisk, å samanlikne ulike versjonar av fortida, sjå ulike perspektiv, og forstå fortida med alle dei samansatte strukturane som påverkar kvarandre. Utvikling av evne til sjølvstendig, kritisk tenking gir historiestudentar ein viktig reiskap i den aktuelle kampen mot falske nyhende og konspirasjonsteoriar. Gjennom samarbeid med Interkommunalt arkiv Møre og Romsdal, vil du både få opplæring i kjeldebruk og høve til å nytte arkivmateriale i arbeidet med oppgåver.
Opptakskrav
Generell studiekompetanse
Praksis og utveksling i utlandet
Som student ved Bachelor i historie kan du ta eit eller to semester i utlandet. Vi tilrår blant anna våre samarbeidsinstitusjonar i Australia, Irland, Tyskland og USA.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
All undervisning og innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy (Canvas). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere ved den nettbaserte utdanninga at du er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Aktuelle yrke og vidare studium
All undervisning og innlevering av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy (Canvas). Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere ved den nettbaserte utdanninga at du er kjend med elementær internettbruk – navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut rettleiingar i desse teknikkane på nettet.
Studieplan
Historie - bachelor (nettstudium)
Studiet skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn, lokalt, regionalt, nasjonalt og globalt. Gjennom arbeid med historiefaget og tilknytte fag får studentane trening i å forstå samanhengar og utvikling over tid og byggje opp ei reflektert haldning til eiga samtid.
Bachelorgrad i historie kvalifiserer for opptak til masterprogrammet Kulturmøte ved Høgskulen i Volda, masterstudium i historie ved universiteta i Noreg og relevante masterstudium ved utanlandske lærestader.
Studiet kvalifiserar for ulike former for formidlings-, kultur- og internasjonalt arbeid. Avhengig av fagval og praktisk pedagogisk utdanning kvalifiserer utdanninga for undervisning i skuleverket. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar, kulturarbeidarar og -administratorar i vid forstand. ABM-sektoren (arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.
Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten:
- har grunnleggjande kunnskap om sentrale teoriar og metodespørsmål innanfor historisk forsking
- er i stand til å reflektere omkring vitskaplege grunnlagsproblem og har kunnskap om tilhøvet mellom dei humanistiske faga og samfunnet
- har brei kunnskap om norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kan sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
- gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha fått utvida kunnskap om og innsikt i eit meir avgrensa tema
- har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
- har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Studenten:
- kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei problemstilling
- kan granske historiske data, kjelder og litteratur, og trekkje sjølvstendige slutningar på grunnlag av slikt materiale
- kan skrive meir omfattande fagtekstar (bacheloroppgåve) på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
- kan drøfte historiske problemstillingar og kritisk vurdere historiske framstillingar
- kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
- kan reflektere over historiefaget med utgangspunkt i andre fagtradisjonar
Studenten:
- har medvit om samtidige og fortidige hendingar og prosessar
- kan arbeide sjølvstendig, definere, strukturere og gjennomføre prosjekt
- har evne til å sjå kritisk på omverda, tenkje systematisk, analytisk og sjølvstendig og framføre velformulerte resonnement
- kan handtere større informasjonsmengder, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
- kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kan demonstrere kompetanse i fagleg kommunikasjon gjennom prosessarbeid
- kan dokumentere skriftleg arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Bachelorprogrammet i historie er sett saman av sju historiefaglege emne á 15 studiepoeng, til saman 105 studiepoeng. Fire emne er på grunnivå og tre, inklusive bacheloroppgåva, er på fordjupingsnivå. Emna på grunnivå er obligatoriske, medan det på fordjupingsnivået er høve til å velje blant dei emna instituttet tilbyr. Bacheloroppgåva bør skrivast med utgangspunkt i eit av fordjupingsemna..
Dei resterande 75 studiepoenga kan takast fritt frå emner i samfunnsvitskap og humaniora. Vel gjerne ut frå kva du vil nytte denne graden til. Vi rår deg til ikkje å velje samfunnsfag, sidan det vil føre til studiepoengreduksjon, sjå omfang i emneplanane på grunnivået. Emner frå andre fagfelt kan også veljast inn om dei er relevante for ei historieutdanning.
Studiemodellen syner historiefaglege emne som kan veljast inn i bachelorgraden for studentar med opptak om hausten, fordelt på undervisningssemester. Instituttet tek atterhald for nok påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible.
Obligatoriske historiefaglege emne som inngår i programmet:
- Grunnemna HI100N, HI111N, HI112N og HI113N
- To teoriemne i historie på fordjupingsnivå (200-nivå)
- Bacheloroppgåve (HI210).
Valfrie historieemne som kan inngå i programmet:
To valfrie fordjupingsemne kan veljast inn i bachelorgraden, men det er valfritt kva semester dei blir tekne.
Krav til rekkjefølgje
Dei fire obligatoriske grunnemna må takast første studieår. Bacheloroppgåva (HI210) bør vere knytt til eitt av emna studenten har valt på fordjupingsnivå. Dette emnet bør i så fall takast før eller same semester som HI210.
Emne | 2024 Haust | 2025 Vår | 2025 Haust | 2026 Vår | 2026 Haust | 2027 Vår |
---|---|---|---|---|---|---|
Obligatoriske emne | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
15 | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Bacheloroppgåva skal normalt skrivast i det siste semesteret, men kan etter avtale skrivast i 4 eller 5 semester. | ||||||
15 | 15 | |||||
Fordjupingsemne (30 studiepoeng) | 30 | 30 | 15 | 15 | ||
Studenten må velje to av fordjupingsemna under i løpet av semester 3, 4, 5 eller 6. Ein tek atterhald om tilstrekkeleg påmelding og endringar: | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Valemne (tilsaman 75 studiepoeng) | ||||||
Vi rår til at studentane vel emne innanfor same emnegruppe, t.d. 60 studiepoeng engelsk og eitt ekstra fordjupingsemne i historie. | ||||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
15 | 15 | |||||
Etter vurdering kan andre emne enn dei som går fram av studiemodellen, gå inn i studieprogrammet. Ta kontakt med Studentsørvis. | ||||||
Sum (180 total) | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 | 30 |
Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid. Nettstudiet gjev stort rom for fleksibilitet og krev at du kan planlegge di eiga tid. Det er samstundes viktig at du ikkje prøver å gape over for mykje på ein gong. Dessutan er det viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, då ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Instituttet kan hjelpe til med å finne studiestader for dei som vil ha eit utanlandsopphald i samsvar med eigne faglege interessefelt.
Du legg til/vel støtteemne i utdanningsplanen din på Studentweb i fastlagde periodar for undervisningsopptak kvart semester. Emne frå andre institusjonar kan innpassast etter søknad. Kontakt programansvarleg.