Semestre
NO101N Språket som struktur
Ingen.
Språket som struktur gir ei innføring i språksystemet i norsk, frå dei minste byggesteinane, språklydane, til strukturen i ord og setningar. Studentane lærer eit omgrepsapparat for å beskrive språksystemet vitskapleg, og å nytte omgrepsapparatet i analyse av lydar, ord og setningar. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Morfologi og semantikk
TP2: Syntaks
TP3: Fonetikk og fonologi
Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp. Emnet er eit basisemne i Norsk (nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- forstår omgrep som blir brukte for å beskrive språksystemet vitskapleg
- har brei kunnskap om norske språklydar (fonetikk) og lydsystem (fonologi)
- har brei kunnskap om norsk ordstruktur, bøying og orddanning (morfologi)
- har brei kunnskap om norske setningsstrukturar (syntaks)
Studenten
- kan identifisere språkvitskaplege kategoriar i norske språklydar, ord og setningar
- kan beskrive norske språklydar, ord og setningar ved hjelp av språkvitskaplege kategoriar
- meistrar IPA-teikna for norske språklydar
- kan analysere strukturen til norske ord
- kan analysere strukturen til norske setningar
Studenten
- kan skrive tekstar på korrekt bokmål og korrekturlese tekstar på bokmål
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tektstar, med klar struktur og
korrekt bruk av kjelder
Undervisninga blir gitt i form av nettleksjonar, øvingsoppgåver og oppgåveskriving med rettleiing.
Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Alle skriftlege innleveringar skal skrivast på bokmål. Alle arbeidskrav skal godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen. Viser til Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7-7.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda - Kapittel 10.
- Historie - bachelor (nettstudium)
- Norsk (nordisk) - årsstudium (nettstudium, deltid)
- Religion og kultur - bachelor (nettstudium)
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Nettbasert. Eksamen skal skrivast på bokmål. |