Historie

Årsstudium

Årsstudium i historie gir deg ei grunnleggande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. 

Studiet kan saman med anna utdanning kvalifisere for jobb innanfor mange forskjellige område. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar ved til dømes arkiv, bibliotek og museum hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen innanfor ei godkjent lærarutdanning.

Årsstudiet tilsvarer første året i Bachelor i historie ved Høgskulen i Volda og kan etter søknad godskrivast bachelorgraden,

 

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Studer historie i Volda!

Sjå meir om historie i Volda!

Foto: Lea Albertsen/HVO

- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som er rådgivar og elskar jobben sin. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. Kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!)

- Eg har hatt enormt utbytte av historiestudiene! Det seier Åsta Vadset, som elskar jobben sin. For henne gjekk vegen frå utdanning til å bli rådgjevar for Interkommunalt arkiv. Andre som har studert historie har fått seg jobb innan politikk, media og skulen. For kva kan ein eigentleg bli, om ein studerer fortida? Og ER det eigentleg berre fortid i historiefaget? (Avsløringsåtvaring: NEI!) 


- No har eg verdas mest spanande jobb! 

Åsta Vadset, tidlegare historiestudent, elskar jobben sin som rådgjevar for Interkommunalt arkiv i Møre og Romsdal. Ho skildrar den som ein slags arkivdetektiv. – For å seie det litt fjasete. Men det er jo i prinsippet det eg er, og har vore heile yrkeslivet mitt. Eg jaktar på enkeltopplysningar i enormt store arkivmengder, fortel ho. 

Historiker Åsta Vadset. Foto: Piotr Cabajj, SEDAK.
Historiker Åsta Vadset. Foto: Piotr Cabaj, SEDAK.


Kvifor historie? 

For å bli arkivdetektiv, eller rådgjevar, må du forhalde deg til faktaopplysningar og konteksten i kvar enkelt sak, forklarer Åsta. - Og ha evna til å analysere seg fram til korleis folk i fortida kan ha tenkt. 
Og dette var noko av kjerna i utdanningsvalet hennar. Åsta fortel at ho valde å studere historie fordi fortida alltid har interessert henne. 
- Korleis menneska levde før, og korleis samfunnsutviklinga har gått føre seg. Ikkje berre dei lange linjene og prosessane, men like mykje historia til enkeltmennesket. Mikronivået. 
Ho valde å ta hovudfag (tilsvarande mastergrad i dag). Og erfaringane frå utdanninga, ikkje berre pensum, har mildt sagt vore nyttig i yrkeslivet, seier ho. 
- Eg har hatt enormt stort utbytte av det metodiske eg lærde gjennom å skrive ei hovedfagsoppgåve. Ein til tider smertefull prosess med mykje opp og nedturar. Der ein på eit vis kjem ut som ei kanononkule! Ein lærer mykje av strev. 


- Historie er eit fantastisk interessant fag! 

- Kva tips har du til dei som lurer på om dei skal studere historie?
- Historie er eit fantastisk interessant fag! Det handlar ikkje om å pugge tidslinje eller kongerekka. Det handlar om å lære seg ein metode, som også er brukbar på andre felt enn historiefaget. Historie er eit fag som ein ofte tenker kan brukast i skulen eller i akademia. Der er andre moglegheiter enn det! Til dømes arkiv, smiler Åsta. 

Andre som har gått historie har også fått jobb som lærar, er tilsett på bibliotek, i museum og innan media eller kulturbransjen, for å nemne nokre døme. Politiske rådgivarar kan ha stor nytte av ein historiebakgrunn for å forstå og analysere politiske avgjerder og hendingar. Nokre vel å forske. Andre dreg utanlands. Moglegheitene er mange.

Det er dei også om du vil prøve deg som historiestudent ved Høgskulen i Volda!


Fordjuping, årsstudium, bachelor- og mastergrad

Synes du det Åsta fortel høyres spanande ut? Vi har studietilbod til deg som vil studere på fulltid her i Volda, til deg som vil studere på nett og til deg som vil prøve deg på deltid. 

For deg som siktar på ein mastergrad, kan du velge å gå vidare på Kulturmøte, anten på fulltid eller deltid med ein historiebachelor med deg i pc-veska. Då tek du utgangspunkt i faga historie og religion, og lærer om møter mellom kulturar, media og samfunnet vårt, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Mastergraden kvalifiserer til opptak ved doktorgradsstudium og ein vidare karriere som forskar.

Vel du vegen til læraryrket, kan du mellom anna gjere det ved å bygge på med ei Praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).  

Lurer du på noko, er du alltid velkomen til å ta kontakt med oss!


PS! Vil du møte fleire noverande eller tidlegare studentar, vil vi tilrå deg å følgje Høgskulen i Volda i sosiale kanalar. På Instagram får du mellom anna innblikk i studielivet og kan stille spørsmål til dei som tek over kontoen vår der.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga i oversynsemna er organisert som førelesingar og seminar, medan nokre av fordjupingsemna har nettbasert undervisning.

Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Årsstudium i historie kan saman med anna utdanning kvalifisere for jobb innanfor mange forskjellige område. Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar ved til dømes arkiv, bibliotek og museum hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie.

Årsstudiet tilsvarer første året i Bachelor i historie ved Høgskulen i Volda. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studiestart: Det første informasjonsmøtet for emner HI111 og HI112 vil bli halde på tirsdag 15. august klokka 12:30 i Aasen 106.

Semesterplanen er tilgjengeleg i Canvas-rommet.

Her er et detaljert kart over campus med navn på hus, rom og det du skulle trengeLinks to an external site..

Studieplan

Historie - årsstudium

Studieprogram: 
Historie - årsstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Studenten:

  • har grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og vere i stand til å sjå samanhengar og samanlikne i tid og rom
  • har innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område eller tema
  • har grunnleggjande kunnskapar om historisk metode og teori
  • har kunnskap om fagområdet si historie, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter

Studenten: 

  • kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse

Studenten:

  • kan sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kan handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • kan dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar

Historie årsstudium er sett saman av fire emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, i tillegg vel ein eit historisk innføringsemne (HI100) eller eit fordjupingsemne. Fordjupingsemnet kan ikkje veljast før to av dei obligatoriske grunnemna er fullført. Studenten kan velge mellom alle fordjupningsemna som det er tilbod i, anten emnet går lokalt med forelesing eller om det går som nettstudium. Det må melde seg minimum åtte studentar for at eit fordjupningsemne skal gå med undervisning.

Historie - årsstudium
Navn: 
Historie - årsstudium
Emne2024 Haust2025 Vår
Obligatoriske emne
3015
 
15
 
15
 
15
Valbare emne vårsemesteret (Instituttet tek atterhald om påmelding og at nødvendige lærarkrefter er disponible):
15
 
15
 
15
 
15
Anna
Alle oversynsemna har obligatorisk frammøte. Dersom ein ikkje har minst 80% frammøte på både forelesningane og seminara, vert det gitt ekstra arbeidskrav, sjå meir under vilkår for å framstille seg til eksamen i den einskilde emneplan. Ein bør merke seg at studiet stiller krav om at studenten kan legge til rette si eiga arbeidstid. Dette gjeld særleg for lokale studentar som følgjer førelesing og seminar i Volda. Etter måten få undervisningstimar i veka gjev stor fleksibilitet, men stiller samstundes krav til at planlegging av eiga tid. Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, fordi ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Ansvarleg
Harald Johannes Krøvel, harald.johannes.krovel@hivolda.no, telf: 70054879
  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2024 - 15.04.2024
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan
Stengt for søking!

Søknadskode : 223 179

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt