Semestre
- 2026 Haust
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
NO111S Språket som struktur
Ingen.
Språket som struktur gir ei innføring i språksystemet i norsk, frå dei minste byggesteinane, språklydane, til strukturen i ord og setningar. Studentane lærer eit omgrepsapparat for å beskrive språksystemet vitskapleg, og å nytte omgrepsapparatet i analyse av lydar, ord og setningar. Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
TP1: Morfologi og semantikk
TP2: Syntaks
TP3: Fonetikk og fonologi
Språket som struktur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av bachelorprogrammet Språk og litteratur og som fritt emne i andre bachelorløp.Språket som struktur er eit basisemne i Norsk (Nordisk) årsstudium og bør takast som første språkemne i årsstudiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- forstår omgrep som blir brukte for å beskrive språksystemet vitskapleg
- har brei kunnskap om norske språklydar (fonetikk) og lydsystem (fonologi)
- har brei kunnskap om norsk ordstruktur, bøying og orddanning (morfologi)
- har brei kunnskap om norske setningsstrukturar (syntaks)
Studenten
- kan identifisere språkvitskaplege kategoriar i norske språklydar, ord og setningar
- kan beskrive norske språklydar, ord og setningar ved hjelp av språkvitskaplege kategoriar
- meistrar IPA-teikna for norske språklydar
- kan analysere strukturen til norske ord
- kan analysere strukturen til norske setningar
Studenten
- kan skrive tekstar på korrekt bokmål og korrekturlese tekstar på bokmål
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tektstar, med klar struktur og korrekt bruk av kjelder
Undervisninga blir gitt i form av førelesingar og øvingsoppgåver på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar på campus i løpet av semesteret, kvar på to og ein halv dag, med seks timar undervisning dei to første dagane og tre timar analyseøving den tredje dagen. I tillegg kjem ei digital oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Alle skriftlege innleveringar skal skrivast på bokmål. Alle arbeidskrav skal godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.
Det er krav om oppmøte til minst to av dei tre samlingane på campus. Dersom ein ikkje kan møte på ei samling, må ein levere eit arbeidskrav i tillegg til dei andre obligatoriske arbeidskrava. Arbeidskravet skal godkjennast før studenten kan gå opp til eksamen.
Sensur vert gjennomført i tråd med kapittel 10 i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda
- Historie - bachelor
- Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
- Språk og litteratur - bachelor
| Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
|---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Nettbasert. Skrivast på bokmål. |