Forskingsadministrasjonen

Forskingsadministrasjonen skal medverke til at Høgskulen i Volda når dei strategiske måla sine innanfor forsking og gir råd til leiinga i forskingsspørsmål. Forskingssjefen er del av leiargruppene til rektor og direktør.

Vi gir støtte og råd til dei tilsette når det gjeld: 

  • vitskapleg publisering og forskingskommunikasjon, 
  • prosjektutvikling og søknader om ekstern finansiering av forskingsprosjekt,
  • forskarutdanning og faglege opprykk, 
  • internasjonalisering i forskinga, 
  • forskingsetikk og personvern i forsking.

Forskingsadministrasjonen er ansvarleg for vitskapleg rapportering, sekretariatet for Forskingsutvalet, administrasjon av sentrale støtteordningar, utvikling av forskingsgrupper, rutinar og retningslinjer for forskingsetikk og personvern i forsking, samt institusjonell oppfølging og koordinering av vitskapleg verksemd og forskarutdanning. Forskingsadministrasjonen er eit internt og eksternt kontaktpunkt for forsking, og vi skal bidra til å styrke arbeidslivssamarbeid og innovasjon ved høgskulen.


Tilsette: 

Henriette Hafsaas - forskingssjef. E-post: henriette.hafsaas@hivolda.no Telefon: 70 07 54 89.

Geir Tangen - forskingsrådgivar. E-post: geir.tangen@hivolda.no Telefon: 70 07 53 44.

Sunniva Hagen - forskingsrådgivar. E-post: sunniva.hagen@hivolda.no Telefon: 70 07 50 36.

Kontaktinfo:

Forskingsadministrasjonen held til i 3. etg. på Berte Kanutte (BK). 

E-post: forskingsadministrasjonen@hivolda.no

Film: Høgskulen i Volda