Religion, kultur og samfunn, samlingsbasert
Årsstudium Vidareutdanning (bachelornivå)
Studiet passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk. Det er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor, til dømes i innanfor skuleverket, helsesektoren, media og i ulike trus- og livssynssamfunn.
Du får kunnskap om religiøse tekstar, historia til kristendommen andre religionar og livssyn. Religions- og livssynsmangfaldet i Noreg i dag er også ein viktig del av studiet.
- Deltid, Heiltid, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 -
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Studieinnhald
Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:
- Religion og livssyn I (haust 23)
- Religion, media og populærkultur (haust 23)
- Religion og livssyn II (vår 24)
- Religion og samfunn (vår 24)
- Intercultural understanding (vår 24)
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
I kvart av dei samlingsbaserte emna vert undervisninga gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. For kvart emne er det tre fysiske samlingar i semesteret, og kvar slik samling går over to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det er krav om 75% frammøte til undervisninga i desse emna, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Studiet er lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.
For eksamensordning, sjå emneplanar.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor. I kombinasjon med ei lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen.
Studiet kan godskrivast i Årsstudium i religion, kultur og samfunn.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Felles oppstart på zoom/hybrid mandag 21. august kl.1500
Link vert utsendt.
Studiestad for samlingane er Høgskulen i Volda.
Det blir tre samlingar:
1. Veke 35:
REL153 Religion, media og populærkultur: måndag 28.august og tysdag 29. august.
REL151 Religion og livssyn 1: onsdag 30.august og torsdag 31.august.
2. Veke 39
REL151 Religion og livssyn 1: måndag 25.september og tysdag 26.september.
REL153 Religion, media og populærkultur: onsdag 27.september og torsdag 28. september.
3. Veke 44
REL151 Religion og livssyn 1: måndag 30.oktober og tysdag 31. oktober,.
REL153 Religion, media og populærkultur: onsdag 1. november torsdag 2. november.
Vi brukar læringsplattformen Canvas. Der finn du informasjon om undervisningsrom, arbeidskrav og eksamenar.
Sjå elles informasjon om datoar og klokkeslett for eksamenar her.
- Deltid, Heiltid, Samlingar
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 -
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
Søknadskode : 4035