Årsstudium

Religion, kultur og samfunn

Nettstudiet gir deg grunnleggande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Kunnskap om religion er svært viktig i vårt fleirkulturelle samfunn.

Start:
Haust Vår
Omfang:
Deltid Heiltid Nettstudium
Studiepoeng:
60
Varigheit:
Inntil 2 semester (1 år)
Studietype:
Årsstudium
Søk frå:
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Kva lærer du?

Nettstudiet består av fem emne der studentane vél fire av dei. Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:

  • Religion og livssyn I
  • Religion, media og populærkultur
  • Religion og livssyn II
  • Religion og samfunn

Dei ulike emna i årsstudiet kan takast kvar for seg og i ulike kombinasjonar. 

For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ønskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Desse emna gir innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt. 

Vil du studere vidare?

Om du ønskjer å studere vidare innanfor fagfeltet, kan årsstudiet godskrivast i Bachelor i religion og kultur ved Høgskulen i Volda.

Studiet gir også grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium.
 

Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav.

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er nettbasert og all undervisning, rettleiing og eksamen vert gjennomført i undervisningsverktyet Canvas. Undervisninga er organisert i leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas. Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

I kombinasjon med ei lærarutdanning vil studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen og i RE-faget i den vidaregåande skulen. Vidareutdanninga er også aktuell for fleire yrkesgrupper som til dømes i helsesektoren, i media og kyrkje- og kulturliv.

Studiet grunnlag for opptak til Religion, livssyn og etikk (RLE) fordjupingsstudium.

Studieplan

Religion, kultur og samfunn (nettstudium)

Studieprogram: 
Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
150
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Heiltid
Deltid
Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Om studiet

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg. Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn. Dei ulike emna i nettstudiet Religion, kultur og samfunn kan innpassast i ulike bachelorgrader. Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og ynskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gjev innføringskunnskap, medan emna Religion, media og populærkultur og Religion og samfunn går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar
  • om religionar, livssyn, etikk og filosofi.  
  • om kva religiøs tru, livssyn, etikk og filosofi har å seie for einskildmennesket og for samfunnet 
  • om religions- og livssynskritikk 
  • om aktuelle spenningar i pluralistiske samfunn 
  • om heilage tekstar og religiøse praksisar 
  • om religion og livssynsuttrykk i samtidskulturen  
Ferdigheiter
  • analytisk kompetanse i å tolke tekstar og andre kulturuttrykk  
  • evne til å reflektere sjølvstendig over religionsfaglege spørsmål  
  • evne til å uttrykke denne kunnskapen skriftleg  
Generell kompetanse
  • kunne nytte religions- og livssynskunnskap sjølvstendig, reflektert og kritisk 
  • kunne diskutere spørsmål knytte til religion og livssyn med innsikt og respekt 
  • kunne bruke kunnskapen frå studiet i yrkessamanheng  
  • kunne vurdere og bruke ulike digitale kjelder kritisk 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet består av fire emne. Studiet er heilt nettbasert og lagt til rette i undervisningsverktyet Canvas. Studiet vert organisert etter ein kalender for leksjonar, testar, undervisningsfilmar og arbeidskrav. Studenten har sjølv det primære ansvaret for læringsutbyttet gjennom lesing, oppgåveskriving, refleksjon og aktiv deltaking i Canvas.  

Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
Navn: 
Religion, kultur og samfunn (nettstudium)
Emne2026 Haust2027 Vår
Studentane kan ta emna kvar for seg eller i ulike kombinasjonar
3030
 
15
 
15
 
15
 
15
Ansvarleg
Ralph Meier T: 70 07 51 44 E: ralphm@hivolda.no