Religion, kultur og samfunn

Årsstudium

Studiet passar for deg som er interessert i religion, kultur, livssyn og etikk.

I det fleirkulturelle samfunnet, der menneske med ulike overtydingar og tradisjonar lever saman, er kunnskap om religionar og livssyn viktig. Studiet gir grunnleggjande kunnskapar om religionar, livssyn, etikk og filosofi inkludert religions- og livssynmangfaldet i Noreg og er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter slikt mangfald, t.d. i offentleg sektor som skule og helse, i media og i ulike trus- og livssynssamfunn.

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

Studieinnhald

Du kan velje mellom desse emna, kvart på 15 studiepoeng:

  • Religion og livssyn I (haust 21)
  • Religion og populærkultur (haust 21)
  • Religion og livssyn II (vår 22)
  • Religion og samfunn (vår 22)
  • Intercultural understanding (vår 22)

Emna kan takast kvar for seg eller i ulike kombinasjonar. For lærarar som tek dette som vidareutdanning og som ønskjer å ta 30 studiepoeng, tilrår vi emna Religion og livssyn I og II. Dei gir innføringskunnskap, medan emna Livstolking i populærkulturen, Religion og samfunn og Intercultural understanding går djupare inn i nokre aktuelle og samfunnsrelevante aspekt. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er organisert i førelesingar, seminar, individuell oppgåveskriving og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte. For eksamensordning, sjå emneplanar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet er aktuelt for fleire yrkesgrupper som møter religionsmangfold både i privat og offentleg sektor. I kombinasjon med ei lærarutdanning kan studiet kvalifisere for undervisning i KRLE-faget i grunnskulen. 

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

Søk studieplass!

Søknadskode : 223 196

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt