Vidareutdanne deg som lærar? Sjå her!

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Om du er lærar og ute etter vidareutdanning, bør du hive deg rundt no. Ikkje gå glipp av Utdanningsdirektoratet sine gode støtteordningar og Høgskulen i Volda sine studium som scorar høgt hos studentane. Hugs søknadsfrist 1. mars!

Dette er vidareutdanningar som er ein del av den landsomfattande Kompetanse for kvalitet (KfK)-ordninga i regi av Utdanningsdirektoratet (Udir). For studieåret 2020/21 tilbyr Høgskulen i Volda (HVO) 15 slike vidareutdanningar, 13 for lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule og 2 for barnehagelærarar.

Høgskulen i Volda har desse KfK-tilboda for studieåret 2020/21 med oppstart hausten 2020. Les meir om kvart enkelt og søk ved å klikke på lenka under:

Andrespråkspedagogikk 1, 1.-10. trinn
Engelsk 1 for 1.-7. årssteg
Engelsk 1 for 5.-10. årssteg
Engelsk 2 for 5.-10. årssteg
Kunst og handverk 1, 1.-10. trinn
Matematikk 1 for 5.-10. årssteg
Matematikk 2 for 5.-10. årssteg
Matematikk 1 for 1.-7. årssteg
Norsk 2, 1.-7. årstrinn
Norsk 2, 8.-13. (Nynorsk i opplæringa) 
Programmering, 1.-7. årssteg
Programmering, 1.-10. årssteg
Realfag i barnehagen
Retteleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen
Spesialpedagogikk 1, 1.-10. årssteg

Støtteordningar

For alle desse studia skal ein søke Udir innan 1. mars 2020. Studia startar hausten 2020, går over to semester, tel 30 studiepoeng og har eksamen i siste semester.
Alle studia gir grunnlag for støtteordningar frå Udir.

Lærarar i grunnskulen og vidaregåande skule kan velje mellom to støtteordningar: 
1.    Stipend på kr. 116 000,- for 30 stp. Les meir om det her.
2.    Vikarstøtte, der arbeidsgjevar får økonomisk bidrag frå staten til å redusere arbeidstid (62,5 % av normal stilling for 30 stp). Les meir om det her

Barnehagelærarar får også støtte til vidareutdanning, men gjennom tilretteleggingsmidlar for barnhehageeigar. For 2020 er satsen 70 000,- (30 stp.) Midlane kan nyttast til vikarstøtte, reise, opphald, semesteravgift og læremidlar. Les meir om det her.

Ole Frank Bakken
Seniorrådgivar Ole Frank Bakken

– Støtteordningane er svært gode. Ein får auka og etterspurd kompetanse, i tillegg til høgare løn. Løna har ein med seg resten av yrkeskarriera og kan utgjere mykje. Når ein i tillegg får god støtte for å ta ei slik vidareutdanning, er det berre opp til motivasjonen hos den einskilde, spør du meg, seier Ole Frank Bakken, seniorrådgivar ved Høgskulen i Volda.

Scorar høgt i studentundersøking

KfK-studia ved Høgskulen i Volda er populære og i dag er det 277 lærarar som tek studia – eit rekordhøgt tal. I Deltakarundersøkinga 2019 for lærarar som tek KfK-studium svarer 93 prosent av HVO sine studentar «svært god/god» på heilskapleg tilfredsheit, som er i toppsjiktet nasjonalt. Vidare syner undersøkinga at HVO har gode studentaktive læringsformer, er praksisnære og legg vekt på refleksjon og deling i vidareutdanningane.

Dette er noko førstelektor i norsk, Birgitte Fondevik, og høgskulelektor i matematikk, Ingeborg Katrin Lid Berget, kjenner seg igjen i. Dei har erfaring med å undervise i KfK-studium frå tidlegare, og skal frå hausten av vere med på å starte opp to nye KfK-studium ved HVO – høvesvis Andrespråkspedagogikk 1, 1.-10. trinn og Realfag i barnehagen.

Praktiske oppgåver

Berget har undervist på liknande tilbod tidlegare, men det nye for Realfag i barnehagen er at det no er omgjort frå eit samlingsbasert studium til eit reint nettstudium.

– Det blir spennande å arbeide med praktisk undervising på denne måten. Det blir forventa at studentane involverer barna og kollegaer i barnehagen i ulike aktivitetar, og så vil ein reflektere rundt erfaringar som blir gjort. Studiet er svært praksisnært, og ein vil få inspirasjon til korleis ein konkret kan legge til rette for arbeid med realfag i barnehagen. 

Om barnehagelærarar er uroa for om det blir for avansert matematikk, fysikk, biologi og kjemi, kan Berget avkrefte dette. Målet med studiet er at studentane skal lyfte fram det som skjer av matematikk og naturfag i barnehagen til dagleg, og undre seg i lag med barna. Det er viktig å setje ord på det ein ser, og bruke omgrepa. 

– Systematisk arbeid med ord og omgrep er også eit viktig tema i studiet Andrespråkspedagogikk. Minoritetsspråklege elevar har gjerne eit smalt ordforråd. Det er difor heilt sentralt at lærarane har kunnskap om korleis dei kan arbeide systematisk med utvikle ordforrådet til denne elevgruppa, seier Fondevik. 

Fruktbart med yrkeserfaring

Både Berget og Fondevik set stor pris på studentane si yrkeserfaring som dei aktivt tar med seg inn i undervisninga. 

– Oppgåvene som studentane skal løyse undervegs i studiet lagar vi så praksisnære som mogleg. Desse kan vi diskutere i undervisninga, og då blir det ekstra fruktbart når studentane har så mykje erfaring å spele på. Då forsøker vi å knyte teori og forsking opp mot dette, fortel Fondevik.

For hennar del vil erfaringar med fleirspråklege barn og ungdom i skulen vere sentralt å diskutere med studentane i undervisninga.– Studiet vil ta for seg utfordringar og moglegheiter som det fleirkulturelle og fleirspråklege klasserommet gir. Studentane skal lære korleis ein skal tilpasse opplæringa slik at dei minoritetsspråklege elevane får utvikle norskferdigheitene sine, seier Fondevik. 

Studentane skal etter fullført studium kunne legge til rette for eit inkluderande læringsmiljø som tek utgangspunkt i språkleg og kulturelt mangfald som ressurs. 
 

Del på