Vidareutdanning (masternivå)
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring
I dette studiet får du omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar
- Studiepoeng:
- 30
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026 - 15.04.2026
I følgje retningsliner for barnehagelærarutdanning må alle som skal vere praksislærarar ha minimum 30stp. Praksislærarar i grunnskulelærarutdanninga må ha minimum 15 stp. Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning på masternivå for lærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehagen, grunnskulen eller vidaregåande opplæring. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis.
Studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.
Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet, må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR.
Har du spørsmål om dette kan du kontakte EVU-koordinator Ole Frank Bakken.
Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det er til saman seks todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på digitale plattformer tilsvarande ei samling.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
16. og 17. september
14. og 15. oktober
25. og 26. november
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning og vere i arbeid i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.
Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet skal gi praksislæraren kompetanse i å rettleie studentar og på denne måten bidra til å styrke praksisopplæringa i barnehagelærarutdanninga, grunnskulelærarutdanning og vidaregåande opplæring.
Utdanninga kan etter søknad, godskrivast som del av masterprogrammet i barnehagekunnskap (120 stp) ved Høgskulen i Volda. Ein eventuell søknad om godskriving skjer i etterkant av opptak på masterprogrammet.
Studieplan - Deltid
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring (samlingar, deltid)
Rettleiing for praksislærarar er ei profesjonsretta utdanning for lærarar som er, eller ynskjer å bli, praksislærarar i barnehage, grunnskule eller vidaregåande opplæring.
Gjennom studiet får studenten omfattande kunnskap og innsikt i eit breitt spekter av teoriar og metodar for rettleiing som verkty for læring og kompetanseutvikling. Sentrale tema er kommunikasjon, relasjon og samspel, etiske dilemma og makttilhøve i rettleiing. Det blir lagt vekt på korleis rettleiing, både individuelt og i gruppe, kan styrke læring og utvikling for studentar i praksis. Studiet rettar seg også inn mot kollektive læringsprosessar. Vidare er utvikling av profesjonsidentitet, profesjonell identitet og deltaking i profesjonelle læringsfellesskap sentralt. Emnet er på 30 studiepoeng.
I fylgje nasjonale retningsliner må alle som skal vere praksislærarar i barnehagelærarutdanninga ha minimum 30 studiepoeng rettleiarutdanning. Praksislærarar i grunnskulelærarutdanninga må ha minimum15 studiepoeng. Studiet skal gi praksislærarar kompetanse i å rettleie studentar og gjennom dette bidra til å styrke praksisopplæringa i grunnutdanninga.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om:
- ulike teoretiske tilnærmingar til rettleiingsfeltet
- etiske utfordringar og maktforhold i rettleiing og i lærarprofesjonen
- korleis rettleiing kan nyttast i praksisopplæring og kompetanseutvikling i barnehage og skule
- korleis ein kan inkludere studentar i eit kritisk reflekterande fellesskap
- studentar og nyutdanna sine vilkår og utfordringar
- nasjonal og internasjonal forsking om rettleiing
Studenten skal kunne:
- nytte forskingsbasert kunnskap om rettleiing
- bruke ulike rettleiingsstrategiar og modellar for rettleiing
- planleggje, grunngje, gjennomføre og evaluere rettleiing
- stimulere læring og utvikling i relasjonar og meistre kommunikasjon på ulike nivå
- støtte og utfordre studentar gjennom fagleg og pedagogisk rettleiing
- analysere og reflektere kritisk over rettleiingsteoriar og eigen og andre sin praksis som rettleiar
- vurdere eigen rettleiingspraksis i eit lærings- og danningsperspektiv
- utøve etiske vurderingar i samband med rettleiing
- nytte rettleiing som reiskap for kvalitetsutvikling
Generelt skal studenten:
- kunne kritisk vurdere ulike rettleiingsteoretiske tilnærmingar
- ha innsikt i relevante etiske problemstillingar knytt til rettleiingsfeltet
- kunne analysere og drøfte teoriar og erfaringar med andre innanfor fagområdet og gjennom dette bidra til nytenking og utvikling av god praksis
- ha innsikt i korleis dei kan nytte seg sjølve som reiskap for å støtte lærarstudentar si utvikling av personleg og profesjonell kompetanse
I emnet vert det lagt vekt på studentaktive læringsformer og studentane må rekne med høg deltakaraktivitet. Studiet har som mål å gjere nytte av og vidareutvike dei ressursane som ligg i studentane si yrkeserfaring, og legg vekt på korleis desse kan bidra til å skape eit godt læringsmiljø. Studentane vert organiserte i lokale nettverksgrupper som rettleiar kvarandre og drøftar faglege tema. Her inngår skriftlege rapporteringar frå arbeidet som ein viktig læringsstrategi.
Det er til saman seks todagarssamlingar fordelt over to semester. Desse inneheld varierte arbeidsformer, som undervisning, rettleiingsøvingar, obligatorisk studentframlegg og plenumsdiskusjonar. Mellom samlingane skal det gjennomførast rettleiingsarbeid på arbeidsplassen og i lokale nettverksgrupper. Det vert i tillegg gjennomført undervisning på digitale plattformer tilsvarande ei samling.
| Emne | 2026 Haust | 2027 Vår |
|---|---|---|
Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehage, grunnskule og vidaregåande opplæring | 15 | 15 |
| 15 | 15 | |
| Sum (30 total) | 15 | 15 |
Studentane må ha tilgang til pc med program som gjer det mogleg å følgje undervisning i Zoom eller andre digitale plattformer med lyd og bilete.
Studentane skal gjennomføre rettleiing på eigen arbeidsplass og rettleiing av medstudentar
