Lærarstudent med elev

Spesialpedagogikk 1, 1. - 10. årssteg

Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Målgruppa for studiet er lærarar utan spesialpedagogisk utdanning og som underviser i 1. til 10. klassesteg. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa: språk/lesing/matematikkvanskar og åtferd. Tilpassa opplæring og inkludering er sentralt. Studiet gir innsikt i skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa, og har spesielt fokus på å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø.

Les meir i studieplanen.

Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar. 

    • Deltid, Samlingar
    • Varigheit 2 semester (1 år)
    • 30 studiepoeng
    • Start haust
      Søknadsfrist 04.06.2021
    • Opptakskrav

      Fullført allmennlærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, faglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning.

    • Studieplan

    Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

    Studiet er samlingsbasert og elles organisert gjennom læringsportalen Canvas. Det er tre samlingar (kvar på to dagar) i Volda i semesteret. Det er obligatorisk oppmøte til samlingane. Det er i tillegg lagt opp til skriftlege og/eller munnlege mellomarbeid på nett mellom samlingane. Det skal leverast ei semesteroppgåve/heimeeksamen på ca 5000 ord. For å gå opp til eksamen i eit emne må alle arbeidskrav og oppmøte knytt til emnet vere oppfylt.

    DU kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

    Aktuelle yrke og vidare studium

    Dette studiet vil gi auka kompetanse for spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i skulen og andre relevante institusjonar.

    Etter søknad kan Spesialpedagogikk 1 godskrivast slik at det utgjer ein del av ei masterutdanning i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda.

    Tidspunkt for oppmøte og samlingar

    Samlingstidspunkt for hausten 2021 er: 

    • Veke 36: onsdag 08/09 og torsdag 9/9
    • Veke 42: onsdag 20/10 og torsdag 21/10
    • Veke 48: onsdag 1/12 og torsdag 2/12

    Undervisningstidene vil variere dei ulike dagane grunna romtilhøva ved pandemien, og at avstandskravet om 1 meter framleis er gjeldande. Denne informasjonen vil de finne i semesterplanen.

    Det kan kome små justeringar i undervisningsrom. Vi legg ut informasjon og endringar i Canvas.

    Oppstart er 8. september kl. 10.30 i strøm 243. Undervisninga er ferdig 16.15 denne dagen. 

    Studieplan

    Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet

    Studieprogram: 
    Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
    Studienivå: 
    Bachelor (grunnivå)
    Studiepoeng: 
    30
    Studielengd: 
    2 semester
    Kull: 
    2021
    Studieplassar: 
    35
    Studietype: 
    Vidareutdanning (bachelornivå)
    Organisering
    Deltid
    Opptakskrav

    Fullført lærarutdanning (allmennlærar-, grunnskulelærar-, eller praktisk pedagogisk utdanning).

    Om studiet

    Fagområdet spesialpedagogikk er omfattande med tradisjon for både breie og allmenne tilnærmingar og mange ulike spesialiseringar. Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialundervisning i skulen.  

    Studiet har som utgangspunkt at opplæringa i skulen skal ha inkludering som ideal og vere grunnlagt i ei klar og kritisk vitskapleg tilnærming til fagfeltet. Det blir lagt stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring, der tilpassa opplæring er sentralt. Studiet gir ei forskingsbasert innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare og forstå behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak. Ved gjennomført studium skal lærarar i grunnskulen vere betre i stand til både å meistre utfordringar i klasseromma og å kunne gje god og adekvat spesialundervisning for dei som har enkeltvedtak med særleg vekt på dei mest frekvente vanskane elevar strevar med i opplæringa. Studiet er delt inn i to emne, kvart på 15 studiepoeng. Dei to emna tek for seg vanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk og læringsmiljø og åtferd.  

    Læringsutbytte

    I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

    Kunnskapar

    Studenten skal ha:  

    •    inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering, utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne  

    •    gode og forskingsbaserte kunnskapar om korleis møte og gje opplæring til elevar med dei mest vanlege forklaringane på behovet for spesialundervisning: utfordringar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, læringsmiljø og åtferd.  

    Ferdigheiter

    Studenten skal kunne:  

    •    legge til rette for ein inkluderande fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for å sikre best mogleg tilpassa opplæring for den enkelte  
    •    legge til rette for ei god opplæring til elevar med dei mest vanlege forklaringane på behovet for spesialundervisning: utfordringar knytt til språk, lesing, skriving og matematikk, læringsmiljø og åtferd.  

    Generell kompetanse

    Studenten skal kunne: 

    • på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld elevheterogeniteten i opplæringa 

    • vurdere, integrere og ta i bruk forsking i eigen yrkespraksis 

     

    Organisering og arbeidsmåtar

    Studiet er delt inn i to emne:  

    Emne 1: Spesialpedagogikk: læringsmiljø og åtferd. 
    Emne 2: Spesialpedagogikk: språk, matematikk og leseutvikling. 

    Kvart av emna går over eit semester: Emne 1 i haustsemesteret og emne 2 i vårsemesteret.  

    Navn: 
    Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
    Krav til utstyr eller ferdigheiter

     

    Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon 

    Ansvarleg
    Anne Randi Fagerlid Festøy
    • Deltid, Samlingar
    • Varigheit 2 semester (1 år)
    • 30 studiepoeng
    • Start haust
      Søknadsfrist 04.06.2021
    • Opptakskrav

      Fullført allmennlærarutdanning, grunnskulelærarutdanning, faglærarutdanning eller praktisk-pedagogisk utdanning.

    • Studieplan
    Stengt for søking

    Søknadskode : 4207