Spesialpedagogikk

Vidareutdanning (masternivå)

Faget spesialpedagogikk er konsentrert om å forstå og betre vilkåra for barn, unge og vaksne som møter ulike barrierar med konsekvensar for læring, utvikling og livsutfalding. Det er såleis eit svært viktig grunnlag for å planlegge, gjennomføre og vurdere lovpålagd  spesialpedagogisk hjelp i barnehagen og spesialundervisning i skulen. Studiefaget spesialpedagogikk gir også eit grunnlag for å forstå, utvikle og halde ved like inkluderande læringsmiljø og inkluderande opplæring for alle barn, unge og vaksne i barnehage og skule.  

Spesialpedagogikk er både eit vitskapsfag og eit profesjonsfag. Vitskapsfaget inneheld kunnskap og innsikt om fagfeltet som kjem fram i systematisk, metodisk og kritisk forsking. Profesjonsfaget byggjer så langt det er mogleg på vitskapsfaget, men også på relevante, etablerte og prøvde praksisbaserte erfaringar frå pedagogisk og spesialpedagogisk verksemd. Personale med spesialpedagogisk kompetanse kan bidra til å sikre kvaliteten i opplæringstilbodet til alle barn, unge og vaksne, men er særleg viktig for å sikre kvaliteten på opplæringstilbodet til barn, unge og vaksne med behov for ekstra tilretteleggingar i opplæringa.  Viktige føringar for dette er tidleg innsats, førebyggande arbeid, tilpassa og inkluderande opplæring og inkluderande læringsmiljø.  

Studiet gir studentane inngåande kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som gjeld opplæringa i barnehage og skule. Merksemda er særleg retta mot dei spesialpedagogiske utfordringane og korleis kombinere omsyna til den enkelte med inkluderande opplæring som ramme.  

  • Heiltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
  • Opptakskrav

    Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:

    • Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.
    • Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.
    • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.
    • Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.
    • Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.
    • Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi tillegg med 1 poeng per 30 stp. inntil 90 stp. Totalt maks 3 poeng. 
  • Studieplan

Studieinnhald

Studiet skal gi studentane brei praktisk, teoretisk og kritisk kunnskap om opplæringa i barnehage og skule, med særskild merksemd retta mot spesialpedagogiske tiltak. Målet er å gi kompetanse i ulike faglege tilnærmingar med særleg vekt på å støtte dei barna og elevane som strevar åtferdsmessig og/eller fagleg i opplæringa. Studentane skal også bli vel kjende med dei aktuelle spesialpedagogiske støttesystema. Studiet gir innsikt i institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa for å forklare behov for spesialpedagogiske tiltak og i drøfting av slike tiltak. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal med ein klar og kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis.

Praksis og utveksling i utlandet

Det er opna for at studentane kan ta enkelte emne ved relevante miljø i utlandet. Studentane må sjølve ta initiativ til eit slikt opphald.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og lagd til Høgskulen i Volda. Kvart emne går over eit semester med i alt fem to-dagars samlingar. Det er obligatorisk frammøte på samlingane. E-læringsprogrammet Canvas vert nytta. Studiet kan gjennomførast som heiltids- eller deltidsutdanning. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Haust 2022
UL301 Måndag og tysdag i vekene 35, 39, 42, 45, 48
ULSP303 Måndag og tysdag i vekene 36, 40, 43, 46, 49
UL305 Måndag og tysdag i vekene 35, 37, 40, 44, 47
UL306 Torsdag og fredag i vekene 35 og 39

Vår 2023
UL302 Måndag og tysdag i vekene 2, 5, 9, 12, 16
ULSP304 Måndag og tysdag i vekene 3, 7, 10, 13, 17 
UL306D Torsdag og fredag i vekene 3 og 8

Studieplan

Spesialpedagogikk vidareutdanning, heiltid

Studieprogram: 
Vidareutdanning i spesialpedagogikk - masternivå
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2022
Studieplassar: 
15
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering
Heiltid
Opptakskrav

1. Opptaksgrunnlaget til vidareutdanning i spesialpedagogikk er fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar: 

  • bestått minimum dei tre første åra i grunnskulelærarutdanninga 
  • allmennlærarutdanning 
  • barnehagelærarutdanning/førskulelærarutdanning
  • faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar. 

2. Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning kan takast opp etter særskild vurdering. 

3. Det vert gjeve tilleggspoeng slik: 

  • eitt poeng pr. år inntil fem år for pedagogisk praksis frå barnehage, skule eller annan pedagogisk institusjon etter avslutta grunnutdanning. 
  • eitt poeng pr. 30 studiepoeng og inntil 3 poeng (90 studiepoeng) når søkjaren dokumenterer høgare utdanning ut over opptaksgrunnlaget. 

4. Norsk og eventuelt engelsk må vere dekt etter gjeldande regelverk. 

Om studiet

Studiet i spesialpedagogikk sitt hovudmål er å gje studentane solid kompetanse for arbeid med tilpassa opplæring, inkludering og likeverdige tilbod i barnehage og skule. 

Studiet gir vitskapleg funderte kunnskapar og ferdigheiter. Det gir ei innføring i vitskaplege arbeidsmåtar og forskingsmetodar, og trening i sjølvstendig vitskapleg arbeid. Undervisninga er forskingsbasert og handlar om det teoretiske og metodiske grunnlaget for spesialpedagogikken. Det vert lagt vekt på analytisk tenking, teoretisk og praktisk problemløysing, trening i skriftleg og munnleg presentasjon og tilrettelegging for læring.

Studiet legg stor vekt på omsynet til fellesskapen og mangfaldet i gruppa av barn, unge og vaksne under opplæring. Tilpassa opplæring er sentralt. Utgangspunktet er at all opplæring skal ha inkludering som ideal. Det har ein kritisk vitskapleg og forskingsmessig basis. Studiet gir innsikt i barnehagefaglege, skulefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar i opplæringa. Det gir grunnlag for å få kunnskap om ulike faglege tilnærmingar både for ordinær undervisning og spesialundervisning.

Vidareutdanninga i spesialpedagogikk kvalifiserer til m.a.:

  • spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i barnehage, grunnskule, vidaregåande skule og andre relevante institusjonar
  • arbeid i PP-tenesta
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Studenten

  • har inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld utvikling, læring og undervisning av mangfaldet av barn, unge og vaksne 
  • har avanserte kunnskapar om spesialundervisning, inkludering og tilpassa opplæring som opplæringsperspektiv
  • har grundige kunnskapar om forskingsmessige tilnærmingar til fagfeltet
Ferdigheiter

Studenten

  • kan legge til rette for fellesskap og aktiv deltaking i opplæringa for alle
  • kan sikre best mogleg kvalitet på tilpassa opplæring for den enkelte 
Generell kompetanse

Studenten

  • kan på eit vitskapleg grunnlag vere fagleg kritisk analyserande og vurderande i spørsmål som gjeld mangfaldet i barne- og elevgruppa
  • kan vurdere, integrere og ta i bruk forsking og kunnskap frå studiet i eigen yrkespraksis
  • kan planlegge og gjennomføre utviklingsarbeid i ulike utdanningsinstitusjonar
Organisering og arbeidsmåtar

Emna UL301, UL302,ULSP303 og ULSP304  går over eitt semester, og har fem samlingar pr. emne i Volda. Kvar samling er på to dagar. 

Alle emna er obligatoriske for å få godkjent studiet. Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6.

Studentane byrjar til vanleg med emnet Overordna perspektiv på kvalitet i opplæringa i barnehage og skule (UL301). Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.

Studentar med vidareutdanning i spesialpedagogikk eller med anna relevant utdanning, kan søkje om å få innpassa og godkjent dette i masterprogrammet. Etter individuell vurdering er det også mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet. 

Navn: 
Spesialpedagogikk. Heiltid, oppstart haust (2 semester)
Evaluering og kvalitetssikring

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Det skal normalt vere ekstern sensor på alle emna. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og vurderingsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. Alle emna blir vurderte i høve til karakterskalaen A til F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Kvart emne vil verte vurdert fortløpande på fleire måtar: 

  •  samlingsevalueringar 
  •  sluttevaluering 
  •  møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet 
  •  tilbakemelding frå sensor
Ansvarleg
Anne Randi Fagerlid Festøy, epost: anne.randi.fagerlid.festoy@hivolda.no
  • Heiltid, Samlingar
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
  • Opptakskrav

    Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum 180 studiepoeng, innanfor følgjande:

    • Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning.
    • Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning.
    • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning innan yrkesfag eller allmennfag, faglærar med eigen bachelor eller yrkesfaglærar.
    • Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog, vernepleiar eller anna treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.
    • Dokumentert pedagogisk praksis etter fullført utdanning kan gi eitt poeng pr år inntil fem år.
    • Høgare utdanning utover grunnutdanning kan gi tillegg med 1 poeng per 30 stp. inntil 90 stp. Totalt maks 3 poeng. 
  • Studieplan
Søk studieplass!

Søknadskode : 4328

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt