Kompetanse for kvalitet

Programmering, 5. - 10. årssteg

Deltid, Nettstudium

Vidareutdanninga er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering. Målet er å gi lærarar kompetanse i programmering og didaktikk, for å kunne bruke programmering i ulike fag på 5.-10. årssteg. Ein viktig del av studiet er tekstbasert programmeringsspråk og koding med ulike fysiske objekt relevant for eigen praksis. 

Vidareutdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2019

Studieinnhald

Du skal få kompetanse til å planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervising på fagfeltet, samt kunne nytte ulike verktøy til programmering. Vidare skal du kunne grunngi kvar, kvifor og korleis programmering kan nyttast i ulike fag. I studiet vil det også bli fokusert på samfunnsperspektivet og etiske vurderingar. Dei overordna programmeringsfaglege område er koding og modellering. Desse områda heng tett saman og du vil mellom anna jobbe med modellar og koding både åleine og i grupper. 

Det er lagt opp til at du kan fordjupe deg i tema som er relevant for organiseringa av valfag Programmering (PRG1-01)i ungdomsskulen. Til dømes tekstbasert programmering og pedagogisk tilnærming til dette.

Les meir her:

Emneplan første modul

Emneplan andre modul
 

Opptakskrav

Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvararande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning og rettleiing er nettbasert. Sidan studentane på studiet er lærarar i skulen, vert utprøving og progresjon integrert i eigen praksis og tilpassa skulane sine årsplanar.

Kontakt

Fagleg kontaktperson:Torbjørn Frantsen

Studieplan

Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning. 

Om studiet

Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet. 

I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag. 

Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen, med fordjuping i verktøy og metodar relevant for 5.-10.trinn.  Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med blokkprogrammering og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.   

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 5.-10. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i skulen. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studium:

Kunnskapar

Kandidaten kan 

  • vise forståing for programmeringa si nytte i skule og samfunn 
  • vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen 
  • vise forståing for algoritmar og datastrukturar 
  • gjere greie for prinsippa i objektorientert programmering 
  • vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er hensiktsmessig å løyse disse digitalt. 
  • vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk 
  • gjere greie for ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk til bruk i skulen 
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering,  både generelt og knytt til grunnskulen sine fag 
  • gjer greie for korleis integrere prototyping med mikrokontrollar i læringsarbeidet 
Ferdigheiter

Kandidaten kan 

  • utforme algoritmar og pseudokode, generalisere og tilpasse eksisterande algoritmar og kode 
  • lage program ved hjelp av visuell- og tekstbasert programmering 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program 
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering 
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, og vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Generell kompetanse

Kandidaten kan 

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis 
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering 
  • bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen 
  • bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen 
  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet 
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver. 

Navn: 
Programmering, 5.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon. Studenten må også ha tilgang til utstyr knytt til prototyping med mikrokontrollerar. Naudsynt utstyr vert gjort kjent ved semesterstart. 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Ansvarleg
Torbjørn Frantsen