På studietur frå barneskulen: – Kjekt og lærerikt
Tysdag fekk lærarstudentane ei real utfordring: Undervis åtti elevar i norsk i to timar. Det viste seg å gi meirsmak for både store og små.

Astrid, Elsie, Elias og Ravn frå klasse 7 B på Øyra skule likte godt å få norskundervisning frå førsteårsstudentane på grunnskulelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda.
– Ein får jo litt kick av at det snart kjem nesten hundre 11-åringar.
Det er stille før stormen i det store auditoriet i Berte Kanutte-huset på Høgskulen i Volda (HVO). Lærarstudentane har starta dagen tidleg for å førebu seg. Snart skal dei fylle to klokketimar med norskundervisning. Målgruppa er ikkje eit Word-dokument, men åtti sprell levande elevar frå mellomtrinnet på Øyra skule.
– No kjem 6 A her! No må vi vere flinke studentar, oppmodar ein undervisar med raske steg.
Det er ikkje så lett å sjå kven som er mest spent av dei tilsette og studentane deira.
Gradvis fyller salen seg opp, og eit mylder av barnestemmer er straks i overtal. Litt info til alle, så deler dei seg i grupper for å lære om grammatikk, lesing, skriving eller litteratur.

Eit grufullt, sjelsugande monster
– Namn, dyr, bevegelse. Eg kan begynne: Hedda, hamster …
Utan blygsel kjem det ein liten dans frå lærarstudenten som dreg i gang ein bli-kjend-leik. Elevane lèt seg forsiktig overtale til å gjere det same, og litt etter litt varmar dei seg opp. Latter og engasjement byggjer snart bru over det vesle tiåret som skil elevane og studentane.
Førsteårsstudentane Hedda, Nikolai og Dordi har førebudd eit mangfaldig undervisningsopplegg for norskfaget om samisk.
– Er det nokon som veit noko om samane og samisk? spør Nikolai.
– Det er noko med «Lihkku beivviin», kjem det prøvande.
– Dei måtte gå på norske skular, foreslår éin som har høyrt om fornorskinga.
Saman diskuterer elevane og studentane temaet litt før Dordi tek ordet:
– I dag skal de få lære meir om samisk gjennom eit samisk eventyr. I Sápmi fortel dei om eit monster som heiter Stallo. Eit grufullt monster som kan suge sjela ut av folk med eit jernrøyr. Set dykk ned, så skal vi starte forteljinga!
Snart blir elevane losa gjennom den spennande historia med engasjerande framføring, actionfylt rollespel, stemningsskapande musikk, tematisk teikning og si eiga vidaredikting av det dei får oppleve. Det er lett å sjå at dette er ein norsktime dei kjem til å hugse.




Vil vise seg frå si beste side for elevane
– Det er jo heilt fantastisk at vi har ein barneskule omtrent inne på høgskuleområdet som gjer at vi har elevar så tilgjengelege for å prøve ut undervisningsopplegg i praksis, fortel Dordi mellom slaga.
Medstudent Nikolai har også sett fram til få jobbe tett med elevane denne dagen:
– Det er kjekt å få sjå korleis barna tek det inn – det er jo dette vi vil drive med. Tanken med opplegget vårt var å prøve å setje stemninga og la elevane kjenne på korleis det er å vere med.
– Vi har jobba med estetiske læringsprosessar særleg det siste halvåret, så det er fint å få prøve det ut i praksis, supplerer Dordi.
Barna har gjerne kort merksemd, så kva blei taktikken for å nå inn og få dei til å både lære og hugse noko i dag?
– Vi ville vere engasjerande og vise at vi trivst, så det ikkje blir kjedeleg for elevane – vi vil vise oss frå vår beste side. Og det verka som dei treivst og hadde det gøy, smiler Nikolai.

Bruker heile kroppen i undervisninga
HVO har eit tett samarbeid med tre LU-skular (lærarutdanningsskular) i nærområdet: Ulstein ungdomsskule, Velle skule i Ørsta og Øyra skule i Volda. Sidan sistnemnde ligg eit steinkast unna campus, har lærarutdanningane ved HVO ein unik fordel i å kunne vere tett på praksisfeltet.
Før besøket denne dagen har lærarstudentane førebudd eit breitt spekter av undervisningsopplegg. Robin og Emil er mellom dei som hadde action på lur.
– Vi hadde ein stafett med nynorsk- og bokmålsord der elevane skulle springe ein liten distanse og plassere ordet på rett plass. Vi har lært om det å bruke heile kroppen i undervisninga og prøve å få til eit meir dynamisk klasserom ved bruk av leik, fortel Emil.
Robins gruppe gjekk for escape room (kodekammer) som metode i dagens undervisning.
– Vi laga til utfordringar og spørsmål på tid, så det blei litt konkurranse i klasserommet. Og så fekk dei ein liten premie til slutt – dersom dei klarte å få opp hengjelåsen.
De går berre på det første året av lærarstudiet framleis. Korleis har de blitt komfortable med å leie ei klasse med elevar allereie?
– Vi lærer mykje om klasseleiing teoretisk, så dagen i dag er ei veldig god øving, der vi får prøve dette ut i praksis. Det er også veldig kjekt å få sjå korleis det funkar, og flott å ha elevar så nær at vi kan invitere dei inn for uttesting også utanom praksisperiodane på studiet, seier Emil.
Kvartetten vi snakkar med, er samstemte om at dei gler seg til å få jobbe meir med barn i det viktige og givande yrket som ventar etter mastergraden i Volda.

Prøvekaninar eit steinkast unna
Under ein pust i bakken i kantina finn vi ein trio som har vore sentrale i å få i stand besøksdagen: høgskulelektor Guro Tafjord, Trygve Norhagen, som jobbar i ei kombinert stilling mellom Øyra skule og HVO, og Eivind Patrick Hanevik, som er studieleiar for grunnskulelærarutdanninga ved HVO.
Dagens opplegg med førsteårsstudentar og ein stor elevflokk teiknar til å vere ein suksess.
– Fleire av kontaktpersonane som har vore med elevane i dag, gir positive tilbakemeldingar og vil ha meir av dette samarbeidet. Og dette har berre vore norskfaget – tenk kor mange andre fag i lærarutdanninga som kan sjå moglegheitene her, seier Tafjord.
Hanevik dreg fram LU-skulesamarbeidet som ein viktig styrke for lærarutdanninga ved HVO.
– Mange av kollegaene våre ved større lærarutdanningsinstitusjonar er nok misunnelege på at vi har så lett tilgjengelege klassar og ein LU-skule så nær campus – det er det som er litt unikt i Volda. Studentane ønskjer seg også ei meir praksisnær undervisning, så det tek vi med oss inn i utviklinga av studiet.
Norhagen ser også mange gevinstar ved å få ta med Øyra-elevane «over gata» for å delta i eit tilrettelagt studentopplegg.
– Eg er kjempepositiv til eit slikt samarbeid, og det er veldig viktig at studentane får erfare kva som må til for å engasjere elevane, anten det er med lett tvang eller sterk motivering for å få med elevane i opplegga sine.

– Gøy, annleis og engasjerande, synest elevane
Kva synest så elevane etter å ha vore «prøvekaninar» for førsteårsstudentane i to timar med norskundervisning?
Vi tok ein prat med Astrid, Elsie, Elias og Ravn (elevane på bildet øvst i artikkelen), som alle går i klasse 7 B ved Øyra skule.
Astrid og Elsie fekk lære om samisk kultur gjennom å lese og høyre ei samisk historie som mellom anna tok dei med til underverda, og ved å få lære om skilnader og likskapar mellom samisk og norsk kultur.
– Det var gøy! Veldig spennande. Og så fekk vi teikne også. Det var både annleis og mykje gøyare opplegg enn det vi bruker å ha i timane, smiler jentene.
Ravn var med på eit skriveopplegg om å beskrive draumehuset sitt.
– Vi skulle skrive ein tekst om dette, kor stort draumehuset er, kva vi har inni det, fargane på veggen, material og slikt. Og så skulle vi teikne det. Det var ganske kjekt og lærerikt, synest eg.
Elias lærte også om samisk kultur, og han likte godt å bli undervist av lærarstudentar frå høgskulen.
– Eg synest det var betre enn ein vanleg skuletime. Det var litt meir å gjere, ikkje berre å sitje og høyre på læraren heile tida.
Om studentane kan gjere sånt igjen, trur de at det hadde funka i andre skulefag også?
– Ja, eg trur dette gjer at barna får meir engasjement, seier Elsie.
– Og motivasjon, for det kan gjere skulen litt gøyare, føyer Elias til.
Kanskje vi ser att desse elevane ein dag som lærarstudentar ved Høgskulen i Volda?
– Nei, kjem det kjapt i kor, med ein liten latter attpå, for planen er klar: tannlege, advokat, fotballspelar og ingeniør.
Uansett kva framtida bringar, kan både elevar og studentar setje to strekar under svaret for denne dagen: «kjekt og lærerikt».
Takk for besøket, 6. og 7. klasse ved Øyra skule!
