Norsk 2, 8.-13. (Nynorsk i opplæringa)
Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)
Vidareutdanninga er retta mot lærarar som ønskjer meir kompetanse i bruk av nynorsk i opplæringa. Måletjinga i studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnskulen. All undervisning, rettleiing og eksamen er nettbasert.
Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 01.03.2021
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga er nettbasert og nyttar læringsplattformen Canvas. Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav. Som avsluttande eksamen skal det leverast ei semesteroppgåve på ca 3000 ord.
Rettleiing, individuelt og i grupper, er ein viktig del av studiet. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet gir lærarar kompetanse til å drive god opplæring i nynorsk på 8.–13. årssteg.
Studieplan
Nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn, nettstudium, Kompetanse for kvalitet
Studiet er primært retta mot lærarar som underviser i grunnopplæringa. Målet med studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på alle nivå i grunnopplæringa i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet.
Studieprogrammet Nynorsk i opplæringa er 30 studiepoeng vidareutdanning for lærarar.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten har kunnskap om
- den norske språksituasjonen generelt og nynorsk språk og litteratur spesielt
- språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
- rettings- og rettleiingsstrategiar i elevtekstar på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
- nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadsmetodikk
- litteratur og litteraturformidling
Studenten skal kunne
- utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
- leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
Studenten skal
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- bruke ikt i undervisninga, både fagleg og didaktisk
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Studiet er sett saman av to emne på 15 studiepoeng kvar. Sjå emnetabell.
Studiet skal formidlast gjennom lesing av leksjonar, lesing av pensum og skriftleg refleksjon over dette. Deltakarane vil få rettleiing og vurdering frå lærarar, og produkta, som vert lagde i mappe for endeleg vurdering, skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar. Det vert lagt vekt på at studentane skal arbeide sjølvstendig med fagstoffet.
Alle arbeidskrav og eksamenssvar i studiet skal skrivast på nynorsk.
Emne | 2021 Haust | 2022 Vår |
---|---|---|
15 | ||
15 | ||
Sum | 15 | 15 |
Datamaskin med Internett.
Det er ikkje praksis knytt til studiet
- Deltid, Nettstudium
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 30 studiepoeng
- Start haustSøknadsfrist 01.03.2021
- Opptakskrav
Fullført lærarutdanning
- Studieplan
Søknadskode : 4161