Kompetanse for kvalitet Vidareutdanning (bachelornivå)

Programmering, 1. - 7. årssteg

Deltid, Nettstudium

Studiet er tilrettelagt for lærarar utan erfaring i programmering, og skal gi kompetanse i programmering og didaktikk, for å kunne undervise i grunnskulen. Det vert fokusert på visuelle programmeringsspråk og koding med ulike fysiske objekt relevant for eigen praksis. 

Vidareutdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for kvalitet frå Utdanningsdirektoratet (UDIR) når det gjeld vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar.

Info og frister

Varigheit 2 semester (1 år)

Studiepoeng 15

Start Haust

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Du skal få kompetanse til å planlegge, gjennomføre og vurdere eiga undervising på fagfeltet, samt kunne nytte ulike verktøy til programmering. Vidare skal du kunne grunngi kvar, kvifor og korleis programmering kan nyttast i ulike fag. I studiet vil det også bli fokusert på samfunnsperspektivet og etiske vurderingar. Dei overordna programmeringsfaglege område er koding og modellering. Desse områda heng tett saman og du vil mellom anna jobbe med modellar og koding både åleine og i grupper. 

Les meir her:

Emneplan første modul

Emneplan andre modul

Opptakskrav

Fullført grunnskulelærarutdanning eller tilsvarande.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

All undervisning og rettleiing er nettbasert. Sidan studentane på studiet er lærarar i skulen, vert utprøving og progresjon integrert i eigen praksis og tilpassa skulane sine årsplanar.

Kontakt

Fagleg kontaktperson:  Kim Andre Refvik

Studieplan

Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet

Studieprogram: 
Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
15
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2019
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning

Om studiet

Studiet er tilrettelagt og reservert for lærarar som er tekne opp gjennom Kunnskapsdepartementet si satsing Kompetanse for kvalitet.

I studiet får studentane, uavhengig av tidlegare erfaring, utvikle kompetanse til å planlegge, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som gir elevane grunnleggjande ferdigheiter i programmering. Studiet gir gode høve til å utvikle eigen kompetanse i programmering og didaktikk, og det å integrere programmering i ordinære undervisningsfag.

Hovudfokuset ligg på korleis ein kan arbeide praktisk med programmering i grunnskulen. Studentane får erfaring med metodar for å utvikle algoritmisk tenking utan digitale verktøy, og med blokkprogrammering og tekstbasert programmering. Programmeringa går føre seg på nettbrett, PC og med mikrokontrollerar som t.d. Micro:bit og Arduino.

Gjennom studiet skal studenten tileigne seg eit didaktisk og fagleg grunnlag for å kunne planleggje, organisere, tilpasse, gjennomføre og evaluere ulike læreprosessar i programmering for elevar på 1.-7. steg. Studenten skal få kompetanse til å undervise i og integrere programmering i dagens skule.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar

Kandidaten kan

  • vise forståing for programmeringa si nytte i skule og samfunn
  • vise forståing for diskursen om modellering, algoritmisk tenking og programmering i skulen
  • vise grunnleggjande forståing for algoritmar og datastrukturar
  • vise forståing for omgjering av problem til delproblem, og vurdere når det er hensiktsmessig å løyse desse digitalt.
  • vise forståing for grunnleggande element i eit programmeringsspråk
  • gjere greie for ulike programmeringsverktøy og programmeringsspråk til bruk i skulen
  • gjere greie for ulike didaktiske tilnærmingar til programmering, både generelt og knytt til grunnskulen sine fag
Ferdigheiter

Kandidaten kan

  • utforme algoritmar og pseudokode, generalisere og tilpasse eksisterande algoritmar og kode
  • lage program ved hjelp av visuell- og tekstbasert programmering
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering
  • integrere programmering i elevar sitt læringsarbeid, og vurdere elevarbeid som inkluderer programmering med og utan mikrokontrollar
Generell kompetanse

Kandidaten kan

  • oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
  • arbeide sjølvstendig og saman med andre for å identifisere, analysere og løyse problem knytt til elevars læring og utvikling om programmering
  • bidra til kritisk refleksjon over programmering i skulen
  • bidra til å utvikle fagleg grunngjeven bruk av programmering i skulen
  • reflektere over korleis programmering kan styrke samarbeid og djupnelæring, og stimulere entreprenørskap og kreativitet
Organisering og arbeidsmåtar

Emnet er nettbasert. Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver vil vere praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver.

Navn: 
Programmering, 1.-7. trinn, Kompetanse for kvalitet
Ansvarleg
Kim André Stavenæs Refvik T: 70 07 53 08 E: kim.refvik@hivolda.no