Nyhende

  • Kombinerer folkehøgskuleår med studium

    Publisert

    Hanne Fuglør (19, frå Florø) og Linda Terese Rosenberg (19, frå Oslo) er studentar på Kristendomskunnskap og ungdomsarbeid ved høgskulen, samstundes som dei er elevar ved Rønningen folkehøgskule. – Vi reiser rundt i inn- og utland i tilknyting til prosjektet Ten Sing Norway. Gjennom studiet får vi litt av alt – studiepoeng, reise, ungdomsarbeid og folkehøgskule, seier Hanne.

  • Datoen for den beste veka i år er klar!

    Publisert

    Veka 2009 blir 23. oktober til 1. november. – Veka i år skal vere inkluderande. Vi vil at alle skal føle seg velkomne under Veka. Det blir så moro at ein kan gle seg allereie no, lovar vekaleiar Sara Hatab.

  • Den skallete sangerinnen er invitert til Teaterfestivalen

    Publisert

    Bachelorgradsstudentene i drama/teater ved Høgskulen i Volda setter opp forestillinga på Arbeideren fredag 7. mars kl. 19.00. – Dette er første gangen dramastudenter deltar på Teaterfestivalen i Ålesund og vi gler oss stort, seier Sigrun Meisingset ved Avdeling for kulturfag.

  • Stor satsing på idrett og friluftsliv

    Publisert

    Seksjon for idrett og friluftsliv kan tilby grunnutdanning og fordjupingsstudium i både idrett og friluftsliv. Med gode fasilitetar og Sunnmørsalpane som klasserom ligg forholda godt til rette for studentane. – Det er stor pågang, og vi må følgje med i marknaden. Seksjonen ønskjer fleire bein å stå på, og satsar derfor på to felt innanfor fagområdet, seier seksjonsleiar og bachelorkoordinator Elisabeth Innselset.

  • Tryggare på lærarrolla med "Nytt på nytt"

    Publisert

    Ei gruppe nyutdanna lærarar deltok torsdag 19. februar på samling i prosjektet ”Nytt på nytt”, rettleiing av nyutdanna i regi av høgskulen.
    – Det ser ut til at det er forventa at vi kan alt når vi kjem ut som nyutdanna. Vi får ein nøkkel i handa, og der står vi utan heilt å vite korleis vi skal takle utfordringane vi møter. Vi blir oppfordra til å stille spørsmål om det er noko vi lurer på, men alle har det så travelt så det er vanskeleg å få det til, uttaler dei nyutdanna.

  • Noregs sprekaste studietilbod?

    Publisert

    Austral-asiatiske kulturstudium er kanskje Noregs sprekaste studietilbod, og er berre for deg som studerer ved Høgskulen i Volda. Studiet passar inn i dei fleste bachelorgradene ved høgskulen, og er eit samarbeid mellom HVO og Griffith University i Brisbane.

  • KRL nettbasert – fleksibel studieordning

    Publisert

    Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag har ulike studietilbod der ein kan velje mellom nettbasert eller samlingsbasert undervisning.
    - Det er fleire som ønskjer å studere KRL frå andre stadar i landet, og sidan emnet kan innpassast i både bachelorgrader og lærarutdanning er det eit fleksibelt tilbod, seier instituttleiar Ralph Meier.