Det fysiske og sosiale viktig ved studiestart i Volda

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Mykje fysisk undervisning, ei rekke sosiale møteplassar og ein start på studieåret der nye studentar skal få bli godt kjend med kvarandre både fagleg og sosialt i trygge rammer – velkomen til studiestart i Volda!

Når situasjonen med korona er blitt som den er blitt, er leiinga ved Høgskulen i Volda glad for at ein har erfaringar frå fjoråret på stø seg på. I år veit ein meir kva ein går til, det er enklare å planlegge og vere trygge på dei vala som blir tatt. 

– Studiestart i fjor gjekk veldig bra for seg, vi opplevde så å seie ikkje smitte den hausten. Fadderveka var flinke til å planlegge, og vi ved høgskulen trefte også ganske godt planane våre. Når studentane då var veldig flinke til å halde rett avstand og følgje smittevernråda fungerte det godt. Dette håper vi gjentek seg i år – eg veit for eksempel at Fadderveka legg ned mykje godt arbeid med førebuingar, fortel Odd Helge Mjellem Tonheim, prorektor ved Høgskulen i Volda.

Varm velkomst

I beste fall kan ein ved studiestart 17. august ha kome til steg 4 i regjeringa sin gjenopningsplan. Det betyr at studentane kan vere litt friare i år enn i fjor.

– Vi håper situasjonen blir litt betre i haust enn det den var førre år. Kanskje er det tillet med litt fleire til stede på fysiske arrangement, som gjer at for eksempel Studenthuset Rokken kan ta imot fleire, seier Tonheim med forhåpningar i stemma. 

Tysdag 17. august opnar studieåret ved Høgskulen i Volda med ei offisiell markering. Det vil vere studieprogramvise oppstartar denne dagen. Det vil seie at studentar frå kvart einskild studium med nye studentar møtast ein stad på høgskuleområdet, får sjå ein opningsfilm på storskjerm, møte dei ansvarlege for sitt studium og få praktisk informasjon før fadrane kjem og tek med seg dei nye studentane.

Nett- og deltidsstudentar har for det meste andre oppstartstidpsunkt- og ordningar. Informasjon om dette får ein i Canvas når ein har registrert deg som student, som ein kan gjere frå 1. august.

Les meir praktisk informasjon om studiestart 2021 her.

Det er mykje å glede seg til i Fadderveka. Sjå alle planane styret for Fadderveka har her.

Meir fysisk undervisning enn andre

På grunn av lavt smittetrykk i Volda hadde ein studieåret i 2020/21 mykje fysisk undervisning.

– Vi hadde vesentleg meir fysisk undervisning enn landsgjennomsnittet for universitet og høgskular, det viser tal frå både SHoT (Studentenes helse- og trivselsundersøkelse) og Studiebarometeret. Det er vi glade for, seier Tonheim.

Han og resten av leiinga ved Høgskulen i Volda gjer alt dei kan for at studentane skal få mest mogleg fysisk undervisning i haustsemesteret. Om ein ved studiestart har kome til steg 4 i regjeringa sin gjenopningsplan, vil regelen om ein meters avstand framleis gjelde. Det betyr at det vert plass til færre studentar i undervisningsroma enn normalt.

Difor vil Høgskulen halde fram med å leige rom hos Uppheim og Studenthuset Rokken, for å ha fleire undervisningsrom å spele på.

– Vi vil at studentane skal ha mest mogleg fysisk undervisning, og legg opp til at alle skal ha minimum 50 prosent av dette. Nokon vil oppleve å få all undervisning fysisk, medan andre halvparten. For det meste vil det ligg ein stad mellom 50 og 70 prosent, fortel Tonheim. 

For å få til dette er ein avhengig av å «strekke» skuledagen litt i begge endar. Det normale undervisningstida i haustsemesteret vil difor vere klokka 08.30-18.15. Dette vil halde fram så lenge smitteverntiltaka tilseier det.

Sosialt og trygt

Høgskuleområdet med alle bygga vil vere opne, og Tonheim ønsker at fasilitetane blir brukt av studentane.

– Vi ser at den fysiske undervisninga er viktig for læringsmiljøet, men også det generelle studentmiljøet og den psykiske helsa. Ein god del nye studentar flyttar til Volda utan nettverk og da er det sosiale spesielt viktig. Eit ope høgskuleområde gjer det lettare for studentane å ha arenaer til å vere sosiale på og også samarbeide fagleg.  Det håper vi er med på å gjere at nye studentar får oppleve det gode studentmiljøet Volda er kjend landet over for, seier Tonheim.

Høgskulen har fått god erfaring med å handtere smittevernreglar og har tett dialog med Volda kommune ved behov.

– Det skal vere trygt å kome til Volda og vere på høgskulen. Dei som kjem skal føle seg godt tatt vare og velkomen, lovar prorektoren.

Del på