Støttar utviking av kunst- og kulturtilbod for lokal ungdom
Høgskulen i Volda ønskjer å vere ein ressurs innan forsking og utvikling i regionen. Gjennom samarbeidet med YKS Ung er høgskulen med på utviklinga av kunst- og kulturtilbod for unge.

Eit glimt av YKS Ung frå Raudesanden på Folkestad. Pressefoto: Kristina Juul Jørgensen.
YKS Ung er eit prosjekt innan dansekunst leia av koreograf Solveig Styve Holte, som arbeider med å etablere Ytste Holen Koreografiske Senter (YKS) på Folkestad i Volda kommune.
Gjennom YKS Ung skal ungdom få erfare kunstproduksjon frå̊ innsida gjennom å vere utøvarar sjølve, og denne våren har dei på eit kveldsskuletilbod øvd til fleire komande framsyningar.
Høgskulen i Volda (HVO) er mellom aktørane som støttar prosjektet YKS Ung, mellom anna ved å tilby øvingslokale for kveldsskulen i Henrik Kaarstad-huset, bidra fagleg i referansegruppa for prosjektet og opne for vidare samarbeidsmoglegheiter.
Tilretteleggjar og ressurs for utvikling i regionen
Dekan ved Avdeling for kulturfag (AKF) på HVO, Jon Are Steen, fortel at høgskulen ønskjer å utvikle regionen gjennom samarbeid med viktige prosjekt som YKS Ung:
– HVO skal vere ein ressurs i regionen, og vi syntest det var viktig å vise at AKF ønskjer å bidra til realisering av kunstnariske prosjekt med høg kvalitet, og slik kanskje inspirere til tverrfagleg tenking.
YKS Ung rekrutterer ungdomane i prosjektet gjennom ein open kveldsskule i dans og koreografi for tenåringsjenter frå 16 til 19 år. Kveldskulen er gratis og er både ein lågterskel-arena og ein stad for talentutvikling der ungdom får erfaring med koreografiske oppgåver og teknikkar som dei kanskje ikkje kjenner frå̊ før.
Professor Helga Synnevåg Løvoll ved Institutt for idrett og friluftsliv er involvert i prosjektet på vegner av HVO:
– Mi rolle i YKS Ung på dette tidspunktet er å vere i ei referansegruppe for prosjektet. Med min bakgrunn innanfor psykologi og friluftsliv kan eg bidra med tverrfaglege innsikter knytte til opplevingar, livskvalitet (wellbeing) og naturforståingar. Eg håpar også at innsikter frå YKS Ung kan føre til nye samarbeidsprosjekt knytte til både forsking og formidling.

Kunstprosjektet knyter saman ungdom og profesjonelle
YKS Ung blir utvikla som ein tverrkunstnarisk arena for produksjon, formidling og framsyning som blir bygd opp i eksisterande busetnad. YKS Ung inngår også i doktorgradsarbeidet til Solveig Styve Holte ved Kunsthøgskulen i Oslo.
Prosjektet skal veksle mellom framføring utandørs i naturen og innandørs i museum og gallerirom. Initiativtakar Holte fortel at prosjektet vil involvere lokale ungdomar og profesjonelle kunstnarar og bli utvikla i samarbeid med ei rekkje regionale kunstarenaer og festivalar. Holte er tildelt fleirårig prosjektstøtte frå ordninga Fri Scenekunst Dans i Norsk Kulturråd for å utvikle YKS Ung.
Prosjektet blir skapt i samarbeid med eit sterkt kunstnarisk team samansett av både kunstnarar med lokal forankring og internasjonale kapasitetar. Kvart år vil eit nytt musikalsk verk bli skrive til prosjektet. I 2025 er det vokalisten og komponisten Sofia Jernberg som er knytt til prosjektet, medan verket i 2026 blir skrive og framført av Anja Lauvdal og Lars Ove Stene Fossheim. Sistnemnde jobbar også som høgskulelektor ved Institutt for musikk på HVO.
Kostyma og scenografien blir begge åra utvikla av designaren Molly Raak. Dansekunstnar Rina Rosenqvist blir med som medskapande utøvar, og dansekunstnar May Stene Fossheim blir prøveleiar og arbeider tett med Holte om å utvikle både kunstprosjektet til YKS Ung og kveldskulen til YKS Ung.

Premiere under festivalen Tonehimmel
YKS Ung har premiere på sin første produksjon, Røyster, i Folkestaddalen under samtidsmusikkfestivalen Tonehimmel 27. juni. Det blir også framsyningar på Anders Svor-museet og KUBE i Ålesund under festivalen Høstscena. I 2026 blir prosjektet også̊ produsert saman med og framført under Moldejazz.
Verket Røyster har Holte utvikla i samarbeid med fleire medkunstnarar og dessutan fem ungdomar frå regionen.
– Eit av måla med YKS Ung har vore å vise at ein kan ha regionale turnear, og ikkje nødvendigvis må reise til Oslo for å stå på scena. Vi håpar eit slikt prosjekt vil bidra til at fleire kunstnariske produksjonar vel å kome til regionen vår, då det i dag er mangel på slike kulturtilbod, fortel Holte.
Vil styrke aktivitetstilbodet til unge innan kunst og kultur
Då YKS Ung starta rekrutteringsprosessen for Røyster, opplevde dei at mange frå området var interesserte i å vere med. Holte meiner dette viser mangelen på tilbod for unge som engasjerer seg innan kunst og kultur i regionen.
– Regionstilboda og talenttiltaka for born som til dømes driv med fotball i regionen, er gode. Slike tilbod manglar innan kunst og kultur. Det er få talentutviklingstiltak innan dans og scenekunst for ungdom i dag, difor er det viktig at unge får sjansen til å lære meir om kva eit profesjonelt virke innan til dømes dans og koreografi kan vere, og kanskje bli motiverte til å søkje ei høgare kunstutdanning seinare. Dette ønskjer vi å vere med og utvikle, avsluttar Holte.
