Vel 500 eksamenar fullført ved Høgskulen i Volda

Fredag 20. juni markerte slutten på vårsemesteret ved Høgskulen i Volda – og med det vart rundt 500 eksamenar gjennomført i løpet av semesteret. Studentar frå ulike fagområde har no levert sine siste vurderingar, og sommaren kan offisielt starte

Bachelorstudentar_

Bachelorstudentar ved sosialt arbeid, sosionom og barnevern. Foto: Lill Amalie Berntsen

Tekst: Vilde Moltudal Igland, Foto: Lill Amalie Berntsen

- Oppdatert

Del på:

Semesteret er over og vi vil rette ei stor takk til alle studentane for innsatsen de har lagt ned. Nok ein gong har vi ved Høgskulen i Volda fått æra av å sende ut dyktige kandidatar som no er klare for arbeidslivet – eller som styrker sin kompetanse vidare i jobben dei allereie har. Vi gratulerer med fullført utdanning og ønskjer kvar og ein av dykk alt godt på vegen vidare! 😃

Samtidig ser vi fram til å møte mange av dykk igjen til hausten. Vi gler oss allereie til å fylle gangane med liv, læring og nye moglegheiter!

Del på: