Linn får utvikla musikkdraumen sin i Volda
Gjennom ei innhaldsrik musikkutdanning ved Høgskulen i Volda har Linn Risnes Hol (24) funne seg sjølv i livet. I eit kreativt musikkmiljø dyrkar ho hobbyen sin både på skule og fritid, og har allereie planen klar for kva ho vil bruke utdanninga til.

Linn Risnes Hol saman med klassa si på bachelor i musikk.
Linn Risnes Hol (24) frå Molde startar til hausten på sitt siste år på bachelor i musikk.
– Eg hadde ei venninne som studerte her, og eg hadde høyrt mykje godt om miljøet. Volda verka som ein fin og trygg plass å studere - og det stemte, seier ho.
Variert undervisning og inkluderande miljø
På bachelor i musikk ved Høgskulen i Volda får du prøve deg på alt frå studioarbeid og miksing til dirigering og praksis som lærar i skule. Linn likar spesielt godt at studiet er så variert.
– Det er mykje praktisk arbeid, og du får hjelp når du treng det. Lærarane er tilgjengelege, og vi studentar støttar kvarandre. Det er eit skikkeleg fellesskap.
Ho trekk også fram det gode samhaldet i klassen.
– Vi hjelper kvarandre. Det andre er gode på, kan du lære av – og det du er god på, kan du hjelpe andre med. Det er veldig viktig på eit sånt studium å kunne lene seg litt på kvarandre og bygge kvarandre opp.
Små klasser, tett oppfølging og eit inkluderande miljø gjorde overgangen frå vidaregåande skule mykje lettare, fortel Linn.
– Eg såg for meg at det å vere student var å sitje inne åleine og lese i mange timar. Men her er det mykje praktisk arbeid, og det er lett å få hjelp. Du kan berre gå til faglæraren din og spørje, og dei seier ja. Det overraska meg veldig positivt.

Mykje kjekt å gjere på fritida
For Linn har tryggleik og eit godt studiemiljø vore det viktigaste ved å studere i Volda. Ho hadde forventa at ho skulle bli godt kjent med klassa si, men vart positivt overraska over kor godt kjent ein blir på tvers av studium. Det meiner ho studenthuset Rokken kan mykje av ære for.
– Det er svært positivt at ein så liten studiestad har eit så stort og fint studenthus, seier ho.
På fritida er det mykje å finne på, både med og utan instrument.
– Eg og sambuaren min spelar frisbeegolf, brukar svømmehallen ein del og klatrar av og til. Og så spelar vi mykje musikk saman med andre studentar, både i band og i samspelprosjekt på tvers av årskull. Det er lagt opp til mykje samspel i studiet, og det er veldig kjekt.

Veit kva ho vil jobbe med
Med piano som hovudinstrument og ein bakgrunn frå barnehage, har Linn klare tankar om kva ho vil bruke utdanninga til.
– Eg har hatt mange fine opplevingar med musikk og barn. Eg vil gjerne bruke musikken i arbeid med barn, og planen er å ta PPU (praktisk-pedagogisk utdanning) slik at eg kan jobbe i skulen. Eg vurderer også å søkje vidare på musikkterapi.