Var vertskap for internasjonal sommarskule i tverrfagleg musikkforsking
Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies sin internasjonale sommarskule gjekk nyleg av stabelen ved Høgskulen i Volda. Professor Erik Fooladi ved høgskulen var ein av dei inviterte hovudinnleiarane.

HVO-professor Erik Fooladi presenterer under GRS-sommarskulen i Volda. Foto: HVO / Tale Rørvik Lejon.
16.–18. juni 2025 samla Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (GRS) seg til sommarskule ved Høgskulen i Volda (HVO).
HVO er ein av eigarinstitusjonane for GRS saman med Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet.
Eit tilbod for forskarar i startgropa
Høgskulelektor Lars Ove Stene Fossheim og dosent Elizabeth Anne Oltedal ved HVO tok del i organiseringskomiteen, i samarbeid med Morten Norheim og Jill Halstead ved Universitetet i Bergen. Sommarskulen gjekk over tre dagar og omfatta presentasjonar, workshops, paneldiskusjonar og samarbeidsøkter.
Sommarskulen inviterte deltakarane til å diskutere aktuelle tema og problemstillingar innan tverrfagleg musikkforsking, både gjennom presentasjon av eigne prosjekt og ved å delta i faglege samtalar med forskarar frå ulike disiplinar.
GRS-tilbodet er retta mot ph.d.-stipendiatar og forskarar tidleg i karrieren, og har mål om å gi rom for dialog, fagleg tilbakemelding og vidareutvikling av individuelle prosjekt.


Popkorn med smak og melodi
Professor Erik Cyrus Fooladi var blant dei inviterte foredragshaldarane. Han har doktorgrad i kjemi, og har særleg interesse for forsking på utdanning og vitskapskommunikasjon i skjeringspunkt mellom ulike fagområde, som til dømes mellom vitskap, matlaging og matkultur.
Fooladi er òg musikar, og han bidrog med ein improvisasjon knytt til lydane av vatn. I tillegg fekk deltakarane smake på to ulike variantar av popkorn som dei skulle knyte til melodiar dei lytta til – basert på eigne assosiasjonar og kjenslemessige inntrykk.

Fruktbare samarbeid på tvers
Medorganisator Fossheim meiner dette arrangementet er med på å styrke og synleggjere fagmiljøet ved høgskulen, ikkje berre hjå Avdeling for kulturfag.
– Under konferansen var det fleire frå andre fagmiljø hjå HVO som deltok og presenterte sine prosjekt. Dette synleggjer at fleire av disiplinane hjå HVO har tangeringspunkt, og at samarbeid mellom dei ulike institutta og avdelingane er både mogleg og ikkje minst fruktbart! Personleg tykkjer eg det er noko av det som er unikt med Høgskulen i Volda, og eg ønskjer å jobbe for at det blir enda meir samarbeid på tvers av avdelingane, avsluttar Fossheim.

