GRS-sommarskule om tverrfaglegheit: tre opne foredrag

Grieg Research School in Interdisciplinary Music Studies (GRS) kjem til Volda med sommarskule 16.–18. juni. Det overordna temaet for samlinga er tverrfaglegheit. Det er høve for tilsette og andre interesserte å få med seg dei tre hovudforedraga.

Hovudtalarane på GRS-sommarskulen i Volda i juni 2025.

Desse held opne hovudforedrag under GRS-sommarskulen (f.v.): Simon Rose, Victoria Kinsella-Hadjinestoros og Erik Fooladi.

Høgskulen i Volda (HVO) er ein av eigarinstitusjonane for GRS saman med Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet.

Sommarskulen er éi av to årlege samlingar som fungerer som både eit ph.d.-kurs og ein konferanse for nasjonale og internasjonale forskarar frå relevante fagområde.

Tre opne foredrag for alle

Når sommarskulen no kjem til Volda, er det høve for tilsette og andre interesserte å få med seg dei tre hovudforedraga som innleier kvart dagsprogram. Alle foredraga er på engelsk.

Simon Rose er frilansmusikar og forskar basert i Berlin med særinteresse for tverrestetisk relasjonell improvisasjon. Foredraget hans vil handle om relasjonell improvisasjon i musikk, dans og samtidskunst.

Victoria Kinsella-Hadjinestoros er tidlegare kunst og design-lærar og no førsteamanuensis ved Birmingham City University. Ho vil halde foredrag om arbeid med tverrfaglege inclusive-prosjekt i ulike typar skule og fengsel.

Erik Fooladi er professor i tverrfagleg didaktikk og formidling ved Høgskulen i Volda. Han vil halde foredrag om sansemessige/sensoriske erfaringar og faglege relasjonar i læring, performance og kommunikasjon.

Tidsplan

  • Simon Rose, måndag 16. juni kl. 14.00–14:45 på Skildringa (HS227) i Hans Strøm-huset ved HVO. Tema: «Relational Improvisation. Music, Dance and Contemporary Art».
  • Victoria Kinsella-Hadjinestoros, tysdag 17. juni kl. 10.00–10.45 på Skildringa (HS227) i Hans Strøm-huset. Tema: «Developing Inclusive Perspectives on Creativity and Music Education through Interdisciplinary Entanglements».
  • Erik Fooladi, onsdag 18. juni kl. 9.00–9.45 på Skildringa (HS227) i Hans Strøm-huset. Tema: «Sense/ory experiences and disciplinarities in education, communication and performance».

Del på: