Synnøve Heggedal Moltudal har disputert ved UiB

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Synnøve Heggedal Moltudal disputerte 24. juni 2021 for ph.d.-graden ved Universitetet i Bergen med avhandlinga: «Purposeful Actions in Leadership of Learning Processes: A Mixed Methods Study of Classroom Management in Digital Learning Environments».

Avhandlinga rettar merksemd mot læraren si klasseleiing og om, og eventuelt korleis, denne har auka i kompleksitet som følgje av digitaliseringa i skulen. Den undersøkjer læraren si konseptuelle -og kontekstuelle forståing av klasseleiing, og adresserer dette i lys av kunnskapsgrunnlaget på området. Avhandlinga sine hovudfunn bidreg med meir kunnskap om korleis elevane si læring og læraren si klasseleiing utspelar seg i teknologirike læringsomgjevnadar. Både pedagogiske og didaktiske funn indikerer at digitaliseringa i skulen har bidrege til å endre nokre av premissa for klasseleiing i dagens skulekvardag. Studien finn at god teknologitettleik (1:1) skaper fleire nye didaktiske moglegheiter, men også ein del utfordringar for lærarar si klasseleiing.

Avhandlinga bygger på tre forskingsartiklar. Den første artikkelen undersøker samanhengen mellom lærarar si klasseleiing og den digitale kompetansen deira, og viser korleis ulike og dels motstridande oppfatningar om teknologien sin plass i skule og opplæring kan leve side om side i norske skular. Den andre artikkelen utforskar kva som skjer med motivasjonen og læringa til elevar når ny læringsteknologi vert systematisk innført. Resultata frå artikkelen viser at for mange elevar kan bruken av slik teknologi bidra til både auka læring og motivasjon, medan tilsvarande bruk kan bidra til det motsette hos andre elevar. Den tredje artikkelen utforskar korleis lærarar resonnerer og kva for handlingar og strategiar dei tek i bruk når ny teknologi vert introdusert i klasse- og læringsleiinga deira. Resultata frå artikkelen viser at lærarar si integrering av ny teknologi i klasserommet er nært knytt til eiga fagforståing, men også til dei meir allmennpedagogiske haldningane og verdiane deira. Avhandlinga avdekkjer at føremålstjenleg klasse- og læringsleiing i teknologirike læringsmiljø er kontekstavhengig, og at det er ein kompleks samanheng mellom lærarar sin klasseleiarpraksis og den digitale kompetansen deira.

Heggedal Moltudal er tilsett ved Digital kompetanse i læring, Avdeling for mediefag, Høgskulen i Volda.

På heimesida til UiB finn du meir informasjon om disputasen og avhandlinga til Heggedal Moltudal.

Tekst: Synnøve Heggedal Moltudal og Geir Tangen.

Foto: Johann Roppen
Synnøve H. Moltudal saman med stolte rettleiarar, frå venstre Ivar John Erdal, Kjetil L. Høydal og Rune Krumsvik. Foto: Johann Roppen. 


 

Del på