Kulturfag

  • Thumbnail

    500 kunstnarar på opphald hjå Seanse

    Publisert

    Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, har som hovudverksemd å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge. Nyleg kunne Seanse feire at over 500 kunstnarar har vore på kunstnaropphald i Volda sidan starten i 2004.

  • Thumbnail

    Fire vidareutdanningstilbod for lærarar i KfK

    Publisert

    Høgskulen i Volda skal tilby fire vidareutdanningstilbod for lærarar i dei neste 3 åra innanfor strategien Kompetanse for kvalitet (KfK). – I alt betyr dette 170 nye vidareutdanningsplassar for lærarar i faga kunst og handverk, programmering og spesialpedagogikk, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for lærarutdanning.

  • Thumbnail

    To nye samspelrom ved musikkutdanninga

    Publisert

    – Musikkstudentane våre har i mange år ytra eit sterkt ønske om fleire samspelrom. I dag er vi glade for at vi kan opne to slike fullt utstyrte rom i Henrik Kaarstad-huset, sa dekan Aud Folkestad ved Avdeling for kulturfag i høve opninga av romma onsdag.

  • Thumbnail

    Studentar fornøgde med Volda som studiestad

    Publisert

    Studentane ved Høgskulen i Volda er meir fornøgde med studiestaden sin enn landsgjennomsnittet, og målt opp mot andre studiestader i Møre og Romsdal og Trøndelag, er det berre studentar i Trondheim som er meir fornøgde med studiestaden sin enn Volda-studentane.

  • Thumbnail

    Kammermusikkfestivalen – opne foredrag

    Publisert

    Sunnmøre kammermusikkfestival er meir enn konsertar med tilreisande artistar i verdsklasse. Festivalen byr også på programpostar som foredrag, meisterklassar, gratiskonsertar, konsert med unge musikarar frå kulturskulane og talentkonkurranse. Tre av fire foredragshaldarar er tilsette ved Høgskulen i Volda.

  • Thumbnail

    Nordisk samarbeid om tradisjonsbåtar

    Publisert

    Seksjon for idrett og friluftsliv har nytta klinbygde trebåtar ved basen sin på Yksnøya sidan slutten av 1970-talet. Førstelektor Frode Sætre og høgskulelektor Ola Einang var i førre veke på Vikingeskibsmuseet i Roskilde for å lære og dele erfaringar knytt til bruk av tradisjonsbåtar og formidling av kystkultur.