Sjå sending om kvinneløft i forskinga

Tekst: Per Straume , Foto: Høgskulen i Volda

Høgskulen sparkar i dag i gang eit eige prosjekt for å få fleire kvinnelege professorar og dosentar. Her kan du sjå sending om temaet med gjestar som byr på seg sjølve.

Og kva passar vel ikkje betre enn at ein gjer det i dag 11. februar, som er internasjonal dag for kvinner og jenter innan forsking. 

Høgskulen i Volda skal dei neste to åra ta del i det nasjonale prosjektet BalanseHub, etter å ha fått tilslag på søknaden til Noregs forskingsråd. Prosjektet har som hovudmål å betre kjønnsbalansen i norsk forsking gjennom ny kunnskap, læring og innovative tiltak. Det skal støtte forskingsinstitusjonanes arbeid for kulturelle og strukturelle endringar som fremmer likestilling og kjønnsbalanse.

1 av 4 kvinner

I dag er det slik at 25 prosent av professorar og dosentar (tilsette med toppkompetanse) ved HVO er kvinner. Det står i sterk kontrast til stipendiatstillingane, dei som skal ta ein doktorgrad, der kvinnene utgjer om lag 70 prosent. Dette er ikkje eit Volda-fenomen – tala er nokså like også på landsbasis.

– Vi har mange kvinnelege førsteamanuensar som publiserer bra og som kan oppnå toppkompetanse med riktig støtte og motivasjon, seier Henriette Hafsaas, prosjektleiar og forskingssjef ved HVO.

Innhaldsrik sending
 


Som eit startskot for prosjektet har høgskulen i dag laga ei sending som tek for seg denne tematikken. Forskingssjef Hafsaas, rektor Johann Roppen og Hildegunn Hovde, som vil leie den lokale nettverket ved HVO som kjem ut av prosjektet, deler alle sine tankar om prosjektet og temaet.

Hovuddelen av sendinga er via til tre kvinnelege forskarar ved HVO. Førsteamanuensis Silje Dahl, professor Siv Måseidvåg Gamlem og professor Wenche Torrissen fortel og diskuterer om deira karriere og kva dei trur som skal til for å få fleire kvinner til å bli professorar og dosentar. Dette gjer dei i samtale med journalistikkstudent Dina Storvik.

Lære av kvarandre

Siv Måseidvåg Gamlem er opptatt av at rammene rundt forskarane er gode og det same støtteordningar som gjer at ein kan oppnå toppkompetanse. Etter sjølv å ha vorte førsteamanuensis og professor kom ho raskt inn i doktorgradskommisjonar og fekk også arbeid med å rettleie doktorgradsstudentar. 

– Eg har sjølv lært mykje av mine mentorer. Det som dei gjorde for meg, ønsker eg å gjere andre for andre. Eg er veldig opptatt av at nettverk og moglegheiter. Eg er professor, men min jobb er no å løfte andre som også ønsker ei vidare karriere, seier Gamlem og er tydeleg på kor viktig det er at forskarar som er på veg oppover i systemet kan få råd og hjelp frå dei som er professorar og dosentar.

Les meir om forsking og utvikling ved HVO her.

Gav ikkje opp

Førsteamanuensis Silje Dahl starta å jobbe som vitskapleg assistent etter å ha fullført si mastergrad i Trondheim. Ho lukkast ikkje med å få seg ei forskarstilling med ein gang, men etter å ha jobba i NAV ei stund fekk ho tilslaget på ei stipendiatstilling ved HVO.

– Kva skal til for at du blir professor?

– Har vore med i fleire ulike forskingsprosjekt etter eg blei ferdig med doktorgraden og eg er rettleiar for stipendiatar. Eg er inne i arbeidsoppgåver som gjer at det er sannsynleg at eg kjem til å kunne søke professorstilling etter kvart.

Moro og mykje arbeid

Den tredje i panelet, Wenche Torrissen, som blei professor for om lag eit år sidan, synest det er heilt vidunderleg å få lov til å fordjupe seg i sitt fagfelt – teaterkunnskap. 

Bak alle dei kjekke opplevingane ho har hatt med arbeidet sitt og karrierevegen fram til professortittelen, ligg det mykje arbeid. Slik er det også i da.

– Eg har til tider dårleg samvittigheit for at eg jobbar for mykje, men eg prøver å kompensere. Eg prøver å legge arbeidet i litt bolkar, slik at det blir litt føreseieleg for dei rundt meg.

– Forsk på noko kjekt!

Dahl som sjølv er på god veg til å bli professor, har eit par poeng ho vil løfte fram, som kan vere med på å gjere karrierevegen litt enklare og kjekkare: 

– Det er viktig at arbeidsgivar legg til rette for at den tida som er sett av til forsking, også vert brukt til forsking, poengterer Dahl, før ho held fram:

– Mitt beste karriereråd er at du samarbeider med folk du har veldig lyst å samarbeide med om tema som du synest er veldig interessante. Vel deg et forskingsprosjekt som du faktisk synest er veldig interessant og som du har lyst til å jobbe med. Det tenker eg er superviktig. Då toler ein gjerne å jobbe litt meir med det også, avsluttar Dahl som sjølv er på veg mot å bli professor.

Del på