Praktisk-pedagogisk utdanning - allmennfag, deltid over 2 år

Yrkesutdanning

Praktisk-pedagogisk utdanning deltid (PPUD) for allmenne fag gjer deg kvalifisert for å undervise frå 5. klasse og oppover. Studiet er samlingsbsert og går over to år, med 30 stp og 30 dagar praksis per år. 

Du byggjer PPU på ei utdanning du har frå før, og som må innehalde minimum 60 stp i eitt fag du kan undervise i skulen med. Høgskulen i Volda har tilbod innan musikk, kunst og handverk, kroppsøving, religion og livssyn, samfunnsfaga, norsk, engelsk/framandspråk, realfag eller mediefag. For dei fleste fagområda innan allmenne fag er det krav om mastergrad. For dei praktisk-estetiske fag er det unntak frå krav om master fram til 2025.

Studiet er samlingsbasert, med eit stort innslag av digital undervisning, både i sanntid og asynkront. Sjå under "Tidspunkt for oppmøte og samlingar" for detaljar rundt praktisk organisering av studiet.

 

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 4 semester (2 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav
    • Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
    • Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eit av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga. 

    Meir om PPU her på Spørsmål og svar. 

  • Studieplan

Praksis og utveksling i utlandet

Gjennom undervisninga i studiet vil du møte også internasjonal utdanningsforskning. Praktisk pedagogisk utdanning er eit kort og intensivt studie som skal førebu kandidaten best mogleg til å arbeide som lærar i norsk skule, difor er det små moglegheiter for utveksling, men delar av praksis kan etter avtale  gjennomførast i utlandet. Høgskulen i Volda har eit stort internasjonalt nettverk. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Gjennom læringsarbeid knytt til dei ulike delane av studiet, skal studentane tileigne seg eit samla læringsutbytte som gir grunnlag for arbeidet som lærar, og som gir ein kunnskapsbase som skal vidareutviklast gjennom heile yrkeskarrieren.

Undervisninga i dei ulike emna vert organisert rundt åtte modular, og vert gjennomført gjennom digitale læringsressursar, arbeid med teori og arbeid i praksis og undervisning ved høgskulen. Sjå lenke til Praksis og samlingsrute under "Tidspunkt for oppmøte og samlingar". 

Emne i studiet

PPU-deltid for allmenne fag har eit omfang på 60 stp fordelt på to studieår.

PPU-Ped1 Pedagogikk 1 (15 stp),  vert avslutta med eksamen i mai/juni første studieår.

PPU-Ped2 Pedagogikk 2 (15 stp), vert avslutta med eksamen mai/juni andre studieår.

PPU-DID1FAG Didaktikkemne 1 (15 stp), vert avslutta med eksamen i første studieår.

PPU-DID2FAG Didaktikkemne 2 (15 stp), vert avslutta med eksamen andre studieår.

Undervisninga i fagdidaktikk er delt i to. Nokre overordna tema er samla i Felles fagdidaktikk. Noko av undervisninga er merka med tider i Praksis og samlingsruta, men mykje av denne undervisninga vert også gitt som «asynkron undervisning». Dette vil seie digital undervisning i Canvas du skal gå gjennom på eiga hand, innan ei tidsperiode. I tillegg skal du delta på undervisning i ei eller to blokker fagdidaktikk, avhengig av undervisningskompetanse i eitt eller to fag. 

Kva emne du vert plassert på er avhengig av kva undervisningsfag du har flest studiepoeng i. Vi har valt å kalle dette primærfaget ditt. Studentar med undervisningskompetanse i berre eitt fag skal fordjupe seg i dette faget. Dette gjeld også kandidatar med bachelor innan praktisk estetiske fag. Nokre av dykk har også undervisningskompetanse i fleire  fag. Vi kan tilby undervisning i eitt fag i tillegg til primærfaget, så sant dette let seg ordne timeplanmessig. Vi kallar dette sekundærfag. Vi tilrår alle med undervisningskompetanse (minimum 60 stp) i fleire fag å følgje undervisning for både primærfag og eitt sekundærfag. Det står meir om dette i emneplanar for fagdidaktikk. Vi vil vidare gå grundig gjennom ordninga ved oppstart

 

PRAKSIS

PPU har 60 dagar obligatorisk praksis i løpet av studiet (jamfør Rammeplan for PPU). Vi har fordelt likt antal mellom første og andre studieår. Praksisperiodane omfattar full arbeidsveke over heile dagar. Vi arbeider for å skaffe kvalitetssikra praksisplassar i overkomeleg pendlaravstand for alle. For studentar med undervisningsfag med få timar i skulen kan det vere utfordrande å finne nok praksisplassar, og du kan få lang reiseveg i praksis, eller det kan vere at nokre må bu ved praksisstad dei vekene det er praksis.

Haustsemesteret har 2 dagar observasjonspraksis i veke 39-44. I vårsemesteret (nyttår - påske) skal studenten ha 28 dagar rettleia undervisningspraksis ved den same skulen. Denne praksisen er hovudsakleg lagt til grunnskulen, men for nokre kan praksisen verte lagt til vidaregåande skule. I andre studieår vert praksisen i motsett skuleslag. Delar av praksis kan også vere i kulturskule. For studentar i jobb som lærar kan det vere aktuelt med praksis ved eigen arbeidsstad. Meir informasjon om dette ved studiestart.

Praksiskontorert organiserer all praksis i PPU-studiet. I oppstartsveka gjennomfører praksisansvarleg Torstein Drabløs ein samtale med kvar student om organisering av praksis. Her kartlegg vi mellom anna kvar du kan tenkje deg praksisplassering. Vi har praksisskuleavtale med fleire grunn- og vidaregåande skular i vår region. På grunn av praksisoppfølging, og kvalitetssikring av praksisopplæringa, er desse skulane mest aktuelle som praksisskular, men etter avtale vil vi også kunne organisere praksis andre stadar, og vi vil strekke oss langt for å få til kortast mogleg reiseveg i høve praksis.  Det er Høgskulen som etter ei heilskapsvurdering avgjer kvar du skal gjennomføre praksis. 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar vert nærare omtala i emneplanen for dei einskilde emna.

Aktuelle yrke og vidare studium

Praktisk pedagogisk utdanning er ei profesjonsutdanning som kvalifiserar for lærararbeid på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen, i vidaregåande skule, i vaksenopplæringa og innanfor høgare utdanning i dei fagområda studenten er kvalifisert for. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Studieåret 21-22 er første samling i veke 35 ved Høgskulen i Volda:

Onsdag 1. september: 09.15 -  ca 17.30: Velkomen til PPU, informasjon praksis, fagdidaktikk og pedagogikk.

Torsdag 2. september: 09.15 - 19.00: Fagdidaktikk, sjå Praksis og samlingsrute, lenke under. Undervisning i aktuelle fag, atterhald om justeringar på tidspunkt denne dagen. 

Fredag 3. september: 09.15 - 16.00: Undervisning, pedagogikk. 

Før du kjem til Volda første gongen håpar vi at du har registrert deg, og orientert deg i Canvas. Utover august vil vi legge ut meir informasjon i Canvas-romet PPUA-D deltid H21 praksis og adm (ikkje tilgjengeleg før etter at du har registrert deg).

 

Praksis og samlingsrute for heile året finn du HER (klikkbar lenke). Som ein ser av planen vert fysiske samlingar gjennomførte i Volda, Molde eller Ålesund. Det er i tillegg digital undervisning i sanntid. Desse øktene er merka «digital undervisning». Desse øktene styrer du altså sjølv kvar du vil vere, men du må ha PC og internett-tilkopling med bra kvalitet. Meir info om dette i oppstartsveka. Mindre endringar i planen kan førekome.

Studieplan

Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid

Studieprogram: 
Praktisk-pedagogisk utdanning for allmenne fag - deltid
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
30
Studietype: 
Årsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Søkjarar til PPU allmennfag vert tekne opp på eitt av følgande grunnlag:

a. Fullført mastergrad med minst eitt relevant fag som gir kompetanse til å undervise jf. forskrift 23. juni 2006 nr. 724 til opplæringslova kapittel 14 eller

b. Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskulen. Eitt av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eitt fag. Øvrige fag må ha eit omgang på minst 30 studiepoeng. Det er krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. Opninga for opptak på grunnlag av bachelorgrad i praktiske og estetiske fag er midlertidig. Frå 2025 gjeld masterkravet også i desse faga.

For meir om opptak, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda: https://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/§3-2 

Om studiet

Praktisk-pedagogisk utdanning kvalifiserer for undervisning 5. -13. trinn i grunn- og vidaregåande skule. Studiet er profesjonsretta, forskings- og erfaringsbasert med pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring i samanheng. 

Studiet skal utvikle komande lærarar sine evne til å sjå det unike ved kvart enkelt individ, til samhandling med elevane og til å stimulere elevane til læring og utvikling. Utdanningsprogrammet skal engasjere studenten i vitskaplege/kunstfaglege arbeidsformer, kritisk tenking og forskings- og utviklingsbasert kunnskap, basert både på nasjonal og internasjonal forskingslitteratur. 

Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum. Praktisk-pedagogisk utdanning skal legge til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet skal kvalifisere til å vidareutvikle skulen som institusjon for læring og danning i eit demokratisk og globalt samfunn. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5-13 trinn er grunnlaget for studiet. Studiet rekrutterer også til arbeid i kulturskular og frivillig sektor. 

PPU ved Høgskulen i Volda vektlegg faga sin eigenart i skulen, profesjonsbasert digital kompetanse for læring, og verdien av praktisk estetisk læringsarbeid i skulen. Mykje av undervisningsaktivitetane på studiet er nettbasert, og med undervisning både i sanntid og asynkront. Studiet har også nokre fysiske samlingar. Høgskulen i Volda har praksisskuleavtalar med skular i Møre og Romsdal og Nordfjord, men legg også til rette for praksis andre stadar i Noreg. Etter avtale kan det også vere aktuelt å få ta delar av praksis i utlandet.  

Nasjonale føringar

Utdanninga byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning, fastsett 21. desember 2015 av Kunnskapsdepartementet: 

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2015-12-21-1771  

Forskrifta skal sikre at det blir gitt ei utdanning som er profesjonsretta og basert på forsknings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap. Utdanninga skal ha høg fagleg kvalitet og skape heilskap og samanheng mellom fagstudier, pedagogikk, fagdidaktikk og praksisopplæring. Utdanninga skal forhalde seg til opplæringslova og gjeldande læreplaner for grunnopplæringen. Utdanninga skal også kvalifisere til å ivareta opplæring om samiske forhold, mellom anna kjennskap til statusen urfolk har internasjonalt, og samiske barn og ungdom sin rett til opplæring i tråd med opplæringslov og gjeldande læreplanverk.

Det er i tillegg utarbeidd nasjonale retningslinjer for utdanninga: https://www.uhr.no/_f/p1/i13d351d8-d4a8-4c93-ac64-f0d2fbbdc6c6/godkjente-retningslinjer-ppu.pdf

Dei nasjonale retningslinjene skal utfylle forskrifta og sikre ei nasjonalt koordinert lærarutdanning som oppfyller krava til kvalitet i utdanningen. Læringsutbytteformulerningar i dei ulike emneplanane i studiet byggjer på læringsutbytteformuleringar gitt i nasjonale retningslinjer. 

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar
  • har inngåande fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap for relevante trinn 
  • har brei forståing for skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringsløpet 
  • har kunnskap om og evne til å halde seg oppdatert på gjeldande lov- og planverk for profesjonsutøvinga 
  • har brei kunnskap om barne- og ungdomskultur og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og kulturelle kontekstar 
  • har oppdatert kunnskap om læringsstrategiar, læringsarenaer og arbeidsmetodar generelt og særleg i respektive fag 
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, herunder kunnskap om vald og seksuelle overgrep, og om barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv 
  • har kunnskap om korleis skulen kan jobbe for å fremje livsmeistring, helse og trivsel hos barn og unge 
Ferdigheiter
  • kan planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og utviklingsarbeid og erfaringsbasert kunnskap 
  • kan leie og legge til rette for undervisningslaup som fører til gode faglege og sosiale læringsprosessar 
  • kan bruke varierte arbeidsmetodar, differensiere og tilpasse opplæring i samsvar med gjeldande læreplanverk, og skape motiverande og inkluderande læringsmiljø 
  • kan beskrive kjenneteikn på kompetanse, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og eiga fagleg utvikling 
  • kan identifisere særskilde behov hos barn og unge, herunder identifisere teikn på psykiske vanskar, vald eller seksuelle overgrep. På bakgrunn av faglege vurderingar skal kandidaten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak 
Generell kompetanse
  • kan reflektere over pedagogiske og fagdidaktiske problemstillingar på eit avansert nivå 
  • har ei profesjonell holdning og kan kritisk reflektere over faglege, profesjonsetiske og fag- og utdanningspolitiske spørsmål 
  • kan med stor grad av sjølvstende vidareutvikle eigen kompetanse og bidra til elevar, kollegaer og skulen si utvikling 
  • kan bygge relasjonar til elevar og føresette, og samarbeide med aktørar som er relevante for skuleverket 
Organisering og arbeidsmåtar

Utdanninga er sett saman av desse emna: 

30 stp pedagogikk delt opp i to emne på 15 stp kvar. 

30 stp fagdidaktikk delt opp i to emne på 15 stp kvar.  

Minimum 60 dagar praksis i grunn- og vidaregåande skule, fordelt i to emne med 30 dagar praksis i kvart.

For dei fleste fagområda innan allmenne fag er det krav om mastergrad. Studentar med mastergrad og undervisningskompetanse i eitt skulefag, skal ha fagdidaktikk i det primære faget. Studentar med mastergrad og undervisningskompetanse i fleire fag får tilbod om å følgje undervisnings- og læringsaktivitetar i eitt sekundært fag, om dette er praktisk mogleg. Studentar som vert tatt opp på bakgrunn av bachelor i praktisk-estetiske fag skal i utgangspunktet ha fagdidaktikk i sitt primære praktisk-estetiske fag. 

Ein del av undervisninga vil vere samkøyrt med undervisninga for PPU heiltid. 

Praktisk pedagogisk utdanning er eit profesjonsstudium som skal kople saman studentane sin fagkompetanse med pedagogikk, fagdidaktikk og praksis, og innhaldet i dei ulike emna i studiet må sjåast i samanheng. Undervisninga i dei ulike emna vert organisert rundt  8 temaområde, eller det vi vil kalle modular. Ein modul inneheld undervisning på campus, digitale læringsressursar, arbeid med teori og arbeid i praksis. Gjennom læringsarbeid knytt til dei ulike delane av studiet, skal studentane tileigne seg eit samla læringsutbytte som gir grunnlag for arbeidet som lærar, og som gir ein kunnskapsbase som skal vidareutviklast gjennom heile yrkeskarrieren. 

Krav om skikkavurdering og autorisasjon

Praktisk- pedagogisk utdanning er ei av utdanningane med krav om skikkavurdering, dvs. at ein student vil bli vurdert om han/ho har dei faglege og personlege føresetnadane for yrkesutøvinga som utdanninga kvalifiserer til, jmf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-14. 

Viser også til Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning: 

https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2006-06-30-859?q=skikkethets 

Les meir om skikkavurdering ved Høgskulen i Volda her: https://www.hivolda.no/students%C3%B8rvis/regelverk/skikkavurdering 

Praksis

Praktisk pedagogisk utdanning er praksisbasert, der praksis i skule er ein integrert del av opplæringa i pedagogikk og fagdidaktikk. Det skal minimum vere 60 dagar praksis i studiet. Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert. 

Praktisk pedagogisk utdanning allmennfag er retta mot undervisning i allmennfag i grunnskulen og i vidaregåande opplæring.  Praksis skal vere både i grunn- og vidaregåande skule. For studentar med bakgrunn i dei praktiske- og estetiske faga er det også aktuelt med  inntil 50% av praksis i kulturskulen. Det kan også vere aktuelt med delar av praksisen i vaksenopplæring.   

Emneplan for praksis gir nærmare omtale av praksisorganisering og læringsutbytte for praksis. 

Internasjonalisering

Studentar kan etter avtale få gjennomføre delar av praksis i utlandet. 

Ansvarleg
Bjørnar Sæterås, bjornar.saeteras@hivolda.no, tlf 70 07 53 55
  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 4 semester (2 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav
    • Fullført mastergrad som inneheld minst ett relevant fag som gir kompetanse til å undervise, eller
    • Bachelorgrad med inntil tre fag som gir kompetanse til å undervise i praktiske og/eller estetiske fag i grunnskule. Eit av faga kan erstattast av drama/teaterfag. Det må inngå fordjuping på minst 120 studiepoeng i eit fag. Øvrige fag må ha eit omfang på minst 30 studiepoeng. Det stilles krav om gjennomsnittskarakter C eller betre frå bachelorgraden. For HVO sine bachelorprogram vil dette gjelde bachelorgrad i Design, kunst og handverk, Idrett og kroppsøving og Musikk. Merk at dette punktet gjeld for opptaket til og med hausten 2024. Frå opptaket hausten 2025 vil masterkravet også gjelde i desse faga. 

    Meir om PPU her på Spørsmål og svar. 

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 4301

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt