Studentparlamentet ved Høgskulen i Volda

Studentparlamentet er det øvste organet i studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda. Parlamentet er bindeleddet mellom studentane og  leiinga ved Høgskulen.

Vi arbeider for å betre studiekvardagen ved Høgskulen og sikre studentane sine interesser og rettar, både fagleg og sosialt. Studentparlamentet fattar vedtak og tek avgjersler som vedkjem alle studentane ved Høgskulen. Parlamentsmøta er opne for alle studentar. 

Studentparlamentet er også paraplyorganisasjon for alle studentorganisasjonane ved Høgskulen, og har ansvar for dei tillitsvalde. Har du spørsmål eller innspel, er det berre å kontakte arbeidsutvalet eller stikke innom kontoret vårt på Berte Kanutte-huset for ein hyggeleg prat.

Kontakt oss

Har du spørsmål eller lurer på noko? Kom innom kontoret vårt på rom BK155B i første etasje på Berte Kanutte, eller ta kontakt med arbeidsutvalet eller organisasjonskonsulenten vår.  

Åpningstid: 09.00 – 15.00
Tlf: 70 07 51 51
E-post: studentparlamentet@hivolda.no