Fadderveka i Volda
Fadderveka blir arrangert kvart år ved studiestart ved Høgskulen i Volda (HVO). Fadderveka gir nye studentar god start på studentlivet – her får du fantastiske moglegheiter til å bli kjent med Volda og andre studentar.

Program for fadderveka 2025!
Fadderveka består av sosiale samlingar, konsertar, arrangement, introduksjonar til HVOs ressursar og mykje anna. Du blir kjent med HVO og studentmiljøet på sitt beste!
Programmet blir fortløpande oppdatert!
Veke 33
Laurdag 16. august
Bli kjend på campus! Open campus kl. 12-16
Søndag 17. august
Bli kjend på campus! Open campus kl. 12-16
Veke 34
Mandag 18. august
Velkomstkveld, kantina/uteområde kl. 17-19
Dette er dagen før opningsseremonien og alle studentar som er på plass i Volda er invitert til Velkomstkveld i kantina på Berte Kanutte. Vi spanderar middag og på borda ligg samtalekort med bli-kjent spørsmål som ein kan bruke om ein vil. Alle er velkomne og får nokon å sitte saman med. Dette arrangementet er både for deg som ikkje kjenner nokon enda og deg som har budd i Volda før, men har lyst til å bli kjent med nokon nye! Kom så lenge eller kort du vil! Håper vi sjåast! P.S: Allergivenleg mat og vegetar er tilgjengeleg. Det er ingen påmelding, men fyst til mølla-prinsippet.
Torsdag 21. august
Pangaia International Fun Cup
Get ready for a day of laughter, teamwork, and friendly competition!😁 The International Fun Cup brings together students from around the world to take on exciting challenges like Spoon Dash or Pass the Beat 🤸🏻♂ Whether you’re here to win or just have fun, it’s all about connecting, playing, and celebrating our global community! 🌍
Fredag 22. august
Laurdag 23. august
VSI og KRIK arrangerer idrettsdag!
Det blir arrangert ei rekkje aktivitetar i idrettsbygget mellom klokka 12:00-15:00. Kom gjerne innom for å prøva nye sportar, testa konkurranseinstinktet og få nye bekjentskap:-)
OBS: Arrangementet er alkoholfritt.
Open dag i naustet med SiVolda
For å kickstarte sesongen i naustet inviterer vi til open dag 13.00-16.00!
Du kan teste utstyret, vi har både robåt, SUP og kano ved naustet, du vil få informasjon om sikkerheit på vatnet. I tillegg køyrer Sigbjørn i gang eit lite kurs i kameratredning i kano klokka 14.00 for dei som ynskjer (OBS! Du blir våt, så ta med skift).
Vi fyrer opp bålpanne og har med pølser og anna digg, musikk og god stemning.
Les meir på SiVolda.no
Temafest Heaven and Hell på Rokken
Søndag 24. august
Dokfilm inviterer til filmvisning, Volda Filmteater
Where? Samfunnshuset, Volda kl 18
Bli med på visning av dokumentaren SKI – som følger frikjører Nikolai Schirmer og barndomsvennen Vegard Rye når de tar deg med til urørte fjellsider og store drømmer.
Arrangert av Dokfilm – Volda sin dokumentarfilmfestival.
Veke 35
Mandag 25. august
Studentar stemmer
Studentparlamentet inviterer politikarar til debatt i kantina på Berte Kanutte. Stortingsvalet er 8. september. Studentparlamentet inviterer til interaktiv debatt med dei som vil representere deg. Kom med dine brennande spørsmål, vi serverer snacks og lover god stemning.
Amnesty arrangerer mocktailkurs - meir informasjon kjem
Tysdag 26. august
Organisasjonstorg i kantina/uteområde
Vil du prøve ein ny aktivitet? Kom og bli kjent med studentorganisasjonane vi har i Volda.
Åpen frivillig kveld på Rokken - meir informasjon kjem
Onsdag 27. august
Sandvolleyballkamp studenter og ansatte kl. 14 - meir informasjon kjem
Tekst og tanke, drop in mellom 11.00-15.00
Bli med å prøv ein miniversjon av drop in-lesestunda Tekst og tanke! Vi brukar lesemetoden samlesing/shared reading og blir kjent med god litteratur og gode menneske. Kom innom teltet vårt utanfor BK, få deg noko varmt i koppen og ein smakebit av Tekst og tanke. Alle er velkomne – både om du har lese mykje eller lite!
Tekst og tanke er eit studentvelferdstilbod ved Høgskulen i Volda som er opent for alle studentar. Vi møtast i mindre gruppe, det er ingen påmelding og det trengs ingen førebuingar eller forkunnskapar. Kom slik du er! Følg med i hendingskalenderen på hivolda.no og sivolda.no for neste drop in-lesestund. Tekst og tanke vert arrangert av studenthumanist Lone E. Knutsen, Elin Gundersen ved biblioteket og Guro K. Gjøsdal ved Nynorsksenteret.
Torsdag 28. august
Fredag 29. august
Laurdag 30. august
Søndag 31. august
Studentgudsteneste med Gospelkor
Bli med på å arrangere årets viktigste festivalveke!
Vi treng engasjerte studentar til å skape tidenes Fadderveke i 2026! Å arrangere Fadderveka byr på spennande moglegheiter og unike erfaringar. Fadderstyret arrangerer ein studentfestival for alle studentar ved høgskulen og viser alt det fantastiske Volda har å by på. Du får opplæring i styrevervet og moglegheit til å utvikle og tileigne deg ny kompetanse.
Les meir om styret og vis din interesse under!