Bli fadder
Engasjer deg i fadderveka, anten som fadder eller som medlem i styret! Her får du erfaring i å planlegge å gjennomføre høgskulen sin viktigaste festival for nye studentar.

Inga fadderveke utan fadrar! Fadrane har ei unik rolle for at nye studentar skal få ein god studiestart. Ei faddergruppe kan bestå av ca 10-20 studentar, og blir leia av 3-4 fadrar. Som fadder introduserer du dei nye studentane for studiestaden Volda og legg til rette for at dei blir kjent og inkludert i sosiale aktivitetar.
Fadderveka i Volda blir arrangert av studentane sjølve. Styret for Fadderveka består av 6 studentar som saman med Høgskulen, SiVolda og Rokken organiserer faddergrupper og set saman program og innhald for å skape ein knallgod oppstart for dei nye studentane.
Fadder
Som fadder bidreg du til ein sosial og inkluderande studiestart for nye studentar i Volda. Rolla inneber både ansvar og goder.
Krav til fadder
- Fullføre fadderspelet
- Fadderopplæring 15. august 2025 på Rokken
- Oppmøte på opningsseremonien 19. august 2025 der fadrar møter nye studentar
- Eit skift på Rokken som frivillig
Goder
- Vinn premier i fadderspelet
- Gratis mat under opplæring
- Fadder-t-skjorte
- God erfaring til CV-en
- Ekslusiv samling kun for faddere
- Gratis inngang på Rokken i fadderveka som takk for innsatsen!
Trygg fadder
- Du er inkluderande og motarbeider utanforskap, drikkepress og trakassering
- Du deler ikkje sensitiv informasjon om andre til uvedkomande utan samtykke
- Du viser respekt for andre sine grenser og slår ned på upassande oppførsel
- Du er bevisst på at du representerer høgskulen og er ein rollemodell for nye studentar