Studentvelferd: For ei trygg og god studietid i Volda

Her på Høgskulen i Volda bryr vi oss og tek vare på kvarandre - og ønskjer at alle får ei så trygg, god og enkel studietid som mogleg. Vi har tilbod om rådgjeving, nokon å snakke med om studentlivet, tilrettelegging av studiekvardagen, psykologteneste, gratis helsestasjon, tips til studiekvardagen og ulike tilbod til deg som er student. Her finn du meir informasjon, sjå om du finn det som passar for det du treng hjelp til.

Hald deg oppdatert og delta: Vi nyttar Facebook, Instagram og Snapchat (hivolda) for å informere og minne om ulike tilbod og arrangement, i tillegg kan du til ei kvar tid sjå i den offisielle kalenderen vår her på hivolda.no, og sjekke ut samleoversikta over ting som skjer i regi av høgskulen, Studentsamskipnaden og Studentparlamentet.

Har du tips eller ønskjer til kurs eller arrangement vi burde sette opp? Tips oss: kommunikasjon@hivolda.no Håper vi kan bidra til at du og medstudentane dine får ei kjekk, trygg og god studietid i Volda.