Studentombodet

Studentombodet er ein uavhengig bistandsperson som kan gje deg som student råd om kva rettar du har i høve til studiesituasjonen din på Høgskulen i Volda. Alle studentar ved HVO kan få hjelp av studentombodet.

Høgskulen i Volda har samarbeidsavtale med Høgskulen på Vestlandet om studentombodet, slik at studentombodet for HVL er også studentombod for HVO.


studentombodet.no finn du aktuelle nyheiter frå studentombodet, og du kan lese om kva studentombodet kan hjelpe med på denne sida, og om det er noko meir du lurer på er det berre å ta kontakt! 

Kva kan studentombodet hjelpe deg med?

Rådgjeving:
- Gje deg råd om kva rettar du har som student
- Gje deg rettleiing i korleis du kan gå fram med saken din
- Sjå til at saka di er eller blir forsvarleg behandla

Mekling:
- Vere nøytral part i møte mellom studenten og tilsette*

Informasjon:
- Gje kurs og opplæring til studenttillitsvalde
- Halde føredrag om studentrettar

 

Studentombodet kan dessverre ikkje:
- Hjelpe deg i høve som ikkje gjeld studiesituasjonen din (spør om du er i tvil)
- Ta parti eller vere representant for deg i saken i din
- Overprøve eller vere klageinstans for ein sak som er avgjort


* Mekling nyttast berre under spesielle høve og krev samtykke frå både studenten og den tilsette. 


 

Dine rettar som student

Som student har du ein god del forskjellige rettar knytt til studiesituasjonen. Samstundes har du ein del plikter som er førande for kva rettar du har - for eksempel plikta til å betale semesteravgift. Dei mest relevante rettane og pliktene dine finn du i universitets- og høgskulelova og i forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Nokre andre spesielle rettar for deg som student finn du i lov om studentsamskipnader og i forskrift om studentsamskipnader. For deg som bur i studentbolig gjeld og nokre særlege føresegn i husleigelova.

I tillegg finst det mange generelle lover som gjeld for Høgskulen i Volda og som gjer deg som tenestemottakar rettar i høve til ditt møte med høgskulen. Mellom anna gjeld både forvaltningslova og forvaltningslovforskrifta og offentleglova for høgskulen som forvaltningsorgan. I tillegg gjeld dei tre diskrimineringslovane om opphav, religion og livssyn, tilgjenge og seksuell orientering for alle i samfunnet. Til sist kan det vere verd å nemne at ein del studium ved høgskulen er omfatta av nasjonale fagplanar. I tillegg gjeld det ei nasjonal forskrift om skikkavurdering i høgare utdanning for utdanningar der ein kan komme i kontakt med svakare stilte personar.

Får du som student problem med tilhøve knytt til din studiesituasjon og synest det er litt mykje å sette seg inn i alt det som er nemnt over, kan du ta kontakt med studentombodet for å få hjelp. Hovudoppgåva til studentombodet er nettopp å gje deg som student råd og rettleiing i saker som har med dine rettar å gjere. Du kan òg ta kontakt med studentombodet om du opplev trakassering eller andre kritikkverdige forhold i samband med studiet.
 

Kontaktinformasjon

Studentombodet sine tenester er tilgjengelig for alle studentane på Høgskulen i Volda.

Om du vil komme i kontakt med studentombodet kan du sende ein e-post til studentombodet@hivolda.no, sende ei Facebook-melding til @studentomodet eller ta kontakt på telefon 458 47 150.

Årsrapportar

Kjem i løpet av våren

Kontaktinformasjon

 

Kjersti Møller
Kjersti Brevik Møller, studentombod HVO og HVL

 

E-post: studentombodet@hivolda.no

Messenger: @studentombodet

Telefon: 458 47 150

 

Facebook
Twitter
Instagram