Om Studentparlamentet

Studentparlamentet er det øvste organet i studentdemokratiet ved Høgskulen i Volda. Parlamentet er av og for studentane, og er bindeleddet mellom studentane og leiinga ved Høgskulen.

Vi arbeider for å betre studiekvardagen og studentvelferda ved Høgskulen, og fremjar studentane sine interesser og rettar. Studentparlamentet fattar vedtak og tek avgjersler som vedkjem alle studentane ved Høgskulen. Parlamentet har møter ca ein gong i månaden. 

Arbeidsutvalet (AU) til Studentparlamentet tek seg av den daglege drifta, legg fram saker for parlamentet og sørgjer for å gjennomføre dei vedtaka parlamentet fattar. 

Studentparlamentet vel studentrepresentantar til Høgskulen sine råd og utval, slik som utdanningsutvalet, læringsmiljøutvalet, internasjonalt utval m.fl. I alle utval med beslutningsmynde skal studentane utgjere minst 20 % av medlemmane.

Studentparlamentet er også paraplyorganisasjon for alle studentorganisasjonane ved Høgskulen, og har ansvar for dei tillitsvalde. Har du spørsmål eller innspel, er det berre å kontakte arbeidsutvalet eller stikke innom kontoret vårt på Berte Kanutte-huset vis-a-vis kantina. 

Parlamentet H2020