Velferdsmidlar til studentorganisasjonar

Søk om velferdsmidlar

 

Søk om økonomisk støtte!

Studentparlamentet tildeler velferdsmidlar til studentlag, studentorganisasjonar og -festivalar i Volda. Parlamentet deler ut inntil 7 000 kr per søknad. Ein søkjer i utgangspunktet maks ein gong per semester. Om det er midlar til gode, opnar vi for fleire søknadar. Vi behandlar søknadane fortløpande. 

Studentparlamentet arbeider for at studentorganisasjonane i Volda skal ha gode rammer, slik at dei kan bidra til eit godt og mangfaldig studentmiljø. Treng din studentorganisasjon vegleiing eller tilrettelegging, tips og råd? Vil du starte eit nytt studentlag, eller vite meir om eksisterande organisasjonar eller festivalar? Ta kontakt med velferdsansvarleg Arnaud Duhamel!

Formelle krav for å få tildelt velferdsmidlar

  • Minst 80 % av medlemsmassen i laget/organisasjonen er studentar
  • Midlane kan ikkje brukast på alkohol. 
  • At organisasjonen dokumenterer bruken av minst 90% av midlane innan to månader etter utbetalingsdato ved å sende kopi av fakturaer/kvitteringar til studentparlamentet@hivolda.no. Manglande eller for sein innlevering (over 3 mnd) kan medføre krav om tilbakebetaling, og gjere at organisasjonen ikkje kan søkje velferdsmidlar i påfølgjande semester. 
  • Om tiltaket det er søkt midlar til vert avlyst eller endra, kan organisasjonen søkje omdisponering av midlane ved å kontakte studentparlamentet@hivolda.no  

 

    Behov for meir i støtte?

    Hugs at de også kan søkje velferdsmidlar gjennom Studentsamskipnaden i Volda! Dei deler ut velferdsmidlar to gongar i året, og alle lag og organisasjoner ved Høgskulen kan også søkje økonomisk støtte der.