For studentorganisasjonar

Studenttinget arbeider for at studentorganisasjonane i Volda skal ha gode rammer, både praktisk og økonomisk, slik at dei kan bidra til å skape eit godt og mangfaldig studentmiljø.

Treng din studentorganisasjon vegleiing eller tilrettelegging, tips og råd? Vil du starte eit nytt studentlag, eller vil du vite meir om eksisterande organisasjonar eller festivalar? Ta kontakt med vår velferdsansvarleg Guro Kvist!

 

Søknad om økonomisk støtte - velferdsmidlar 

Studenttinget i Volda tildeler økonomisk støtte til studentlaga og –organisasjonane i Volda gjennom ordninga med velferdsmidlar. Studenttinget kan dele ut inntil 5 000 kr per søknad. Innkomne søknadar vert handsama fortløpande, og svar sendt på e-post. 

 

 

Formelle krav for å få tildelt velferdsmidlar: 

  • Minst 80 % av medlemsmassen i laget/organisasjonen må vere studentar
  • Laget/ organisasjonen må kvart semester sende inn oppdatert kontaktinformasjon til Studenttinget.
  • Midlane kan ikkje brukast på alkohol. STiV får sine midlar frå Høgskulen og Studentsamskipnaden i Volda, og fylgjer deira retningslinjer på dette. 
  • Laget/organisasjonen må dokumentere bruken av minst 90% av midlane innan to månader etter utbetalingsdato (f.eks. bilete av kvitteringar). Ved manglande dokumentasjon kan Studenttinget krevje pengane tilbakebetalt.
  • Om tiltaket det er søkt midlar til vert avlyst eller endra, kan organisasjonen søkje omdisponering av midlane ved å kontakte stiv@hivolda.no 

 

    Behov for meir i støtte?

    Hugs at de også kan søkje velferdsmidlar gjennom Studentsamskipnaden i Volda! Dei deler ut velferdsmidlar to gongar i året, og alle lag og organisasjoner ved Høgskulen kan også søkje økonomisk støtte der.