Tildelt rekordmange vidareutdanningsplassar for lærarar

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Høgskulen i Volda har for skuleåret 23/24 fått tilslag på seks heilt nye tilbod innanfor satsingane Kompetanse for kvalitet (KfK) og  Kompetanse for fremtidens barnehage (KfB), noko som gjer at HVO har rekord med 815 studieplassar fordelt på 20 ulike fagtilbod. 

I samarbeid med Utdanningsdirektoratet (UDIR) opna høgskulen for søknadar i desse satsingane 1. februar, med frist 1. mars. 

– Vi er særleg glade for å tilby tre heilt nye tilbod til barnehagelærarar. Vi har tidlegare berre hatt eitt samlingsbasert tilbod og eitt heilt nettbasert for barnehagen, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken. 

Han trur at Spesialpedagogikk for barnehagen vil bli populært etter mange år der høgskulen har hatt slikt tilbod for grunnskulelærarar. No er det barnehagane sin tur. 

– Eg har fått mange telefonar frå styrarar og lærarar i barnehage som spør om spesialpedagogikk, noko som syner at interessa er stor og at kompetanse innanfor dette fagfeltet er viktig for barnehagane. 

Dei heilt nye tilboda er:

Sjå alle HVO sine tilbod i satsingane her

Høgskulen har også ei rekke vidareutdanningar som ikkje er ein del av KfK eller KfB. Sjå alle tilboda her.

Dobbel læring

Aldri før har Høgskulen i Volda hatt så mange tilbod og så stort trykk på etter- og vidareutdanning som i 2023. 

– Det er viktig for ein lærarinstitusjon. Fyrst og fremst av di vi lyt vera nyskapande, praksisnære og leggje til rette for at tilboda våre er aktuelle med studentaktive læringsformer, men også fordi vi lærer mykje av lærarar som har lang erfaring frå praksis og som deler gjennom deltaking i vidareutdanningane. 

Slik oppnår vi eit dobbelt formål; Lærarar får fornya fagleg kunnskap og påfyll gjennom å diskutere, dele fellesskap og erfare saman med andre lærarar og dyktige undervisarar på høgskulen. Våre fagfolk får innsikt i røynda ute, lytte til praksisnære erfaringar som igjen skaper ny kunnskap og refleksjonar og slik utviklar og betrar lærarutdanningane, seier Bakken.

Nokre fakta om ordningane:

  • Staten nyttar om lag 2,7 milliardar på etter -og vidareutdanning i skule og barnehage. Storparten går til vikar og stipendordninga for lærarar i skulen og tilretteleggingsmidlar for barnehagen.
  • Krav om fullført lærarutdanning eller tilsvarande og ha ein arbeidsgjevar for å søkje opptak gjennom UDIR.
  • Om lag 7000 lærarar i skule og barnehage går kvart år vidareutdanning i satsingane.
  • Det er UDIR og arbeidsgjevar som prioriterer søknadar, Universitet og høgskular tar opp lokalt.
  • Lærarar i grunnskulen kan velje mellom vikarordning (frigjeven 37.5% i løpet av arbeidsåret, 30 stp) eller stipendordning (kr. 126 000 for 30 stp).
  • I barnehagen får arbeidsgjevar eit tilretteleggingstilskot på kr. 100 000 pr. 30 stp.

Treng du meir informasjon om vidareutdanning gjennom dei statlege satsingane i 2023 kan du sjå nettmøtet om dette her eller lese kvalitet og kompetanse i skule og barnehage her

Møter forventningane

– Høgskulen i Volda er ein viktig nasjonal tilbydar av vidareutdanning for lærarar. Det er viktig for oss å kome i møte UDIR og studentane sine forventingar til kvalitet og godt innhald i våre utdanningar. I våre søknadar på nye tilbod har vi vore særleg opptatt av å fremje studentaktive -og medverkande prosessar, seier Bakken. 

– Alle våre tilbod skal ha eit solid fagleg og fagdidaktisk innhald, og omfatte kunnskap om varierte og praktiske arbeidsmåtar, leiing av læringsprosessar og korleis vurdering kan støtte elevane sine læreprosessar og lærelyst, held Bakken fram.

Høgskulen i Volda har også dei seinaste åra hatt stor merksemd på kva den digitale utviklinga betyr for ulike fag. Gjennom DigiGLU-prosjektet og i opprettinga av Læringsverkstaden har høgskulen lagt til rette for at faga  har fått tilført profesjonsfagleg digitalt innhald og at vidareutdanningane også gjev studentane erfaring med å anvende digitale ressursar i opplæringa. 

Ta kontakt

Høgskulen har altså ei rekke gode gode vidareutdanningar for lærarar hausten 2023. Ta gjerne kontakt med Ole Frank Bakkene-post eller telefon 700 75 058 om du har spørsmål eller treng meir informasjon.

Del på