Vidareutdanning (masternivå)

Spesialpedagogikk i barnehagen

Studiet gir deg innsikt i barnehagefaglege, institusjonelle, relasjonelle og individuelle utfordringar, og det å kunne skape inkluderande leike- og læringsmiljø står sentralt.

Start: 
Haust
Omfang: 
Deltid Samlingar
Studiepoeng: 
30
Varigheit: 
2 semester (1 år)
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Søk frå: 
01.02.2026

Studiet har løpande opptak.

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar utan spesialpedagogisk utdanning som arbeider i barnehagen. Vidareutdanninga tek for seg dei mest frekvente vanskane i barnehagealder. Desse er knytt mellom anna til samspel og åtferd. Tidleg innsats og inkludering er sentrale perspektiv i studiet.

Dersom du er lærar som er innvilga økonomisk støtte frå UDIR og ynskjer prioritert opptak på dette emnet må du laste opp dokumentasjon om dette i søknadsweb. Legg ved e-post eller kopi av brev frå UDIR. 

Har du spørsmål om dette så kontakt EVU-koordinator ole.frank.bakken@hivolda.no, 700 75 058

Her finn du meir informasjon om økonomisk støtte til vidareutdanning gjennom UDIR: https://www.udir.no/kvalitet-og-kompetanse/kompetanseutvikling/videreutdanning/


  
Meir informasjon om studiet

Studiet gir etterspurd kompetanse for å kunne planlegge og gjennomføre spesialpedagogiske arbeidsoppgåver i skule- og barnehage.

Utdanninga kan etter søknad godskrivast som del av Master i spesialpedagogikk (120 stp) ved Høgskulen i Volda. Ein eventuell søknad om godskriving skjer i etterkant av opptak på masterprogrammet.

Du får informasjon om pensum ved studiestart.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Studiet er samlingsbasert og elles organisert gjennom læringsportalen Canvas. Det er tre samlingar (kvar over to dagar) i Volda pr. semester. Det er obligatorisk frammøte til samlingane. Det er i tillegg lagt opp til skriftlege og/eller munnlege mellomarbeid mellom samlingane. Desse kjem i tillegg til arbeidskrava på emnet. For å gå opp til eksamen må alle arbeidskrav og frammøte knytt til emnet vere oppfylt.

Du kan lese meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanen.
 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Haustsemesteret

Onsdagar og torsdagar i veke 35, 41 og 47

Vårsemesteret

Onsdagar og torsdagar i veke 4, 11 og 17 

Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar eller liknande) og vere i arbeid i barnehage.

Studentar som får vikar eller stipendstøtte frå UDIR har prioritet ved opptak.

Studieplan - Deltid

Spesialpedagogikk i barnehagen

Studieprogram: 
Spesialpedagogikk i barnehagen - vidareutdanning
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
30
Studielengd: 
2 semester
Kull: 
2026
Studieplassar: 
35
Studietype: 
Vidareutdanning (masternivå)
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført lærarutdanning (barnehagelærar eller liknande) og vere i arbeid i barnehage.

Om studiet

Dette studiet ved Høgskulen i Volda vil gje ei brei innføring i dei mest vanlege utfordringane som er knytt til behovet for spesialpedagogisk hjelp i barnehagen.   

Studiet set søkelys på eit inkluderande læringsmiljø i barnehagen gjennom tilpassing og meistring for barn med ulike føresetnadar. Studiet omhandlar kunnskap om å legge til rette for eit allmennpedagogisk tilbod av god kvalitet for barn som treng spesialpedagogisk hjelp. Tematikken blir sett på ut frå både eit individ- og systemperspektiv. Kunnskap om foreldresamarbeid og tverrprofesjonelt arbeid inngår også. Samanhengar mellom åtferd og læringsmiljø er sentrale tema, samt kunnskap om implementering for å legge til rette for og gjennomføre relevante endringsprosessar.  

Det er mogleg å søke innpass for studiet Spesialpedagogikk i barnehagen, som ein del av Master i spesialpedagogikk ved Høgskulen i Volda. 

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Kandidaten skal ha:   

  • inngåande kunnskapar om sentrale overordna spørsmål som gjeld inkludering og tidleg innsats. 
  • omfattande kunnskap om spesialpedagogiske problemstillingar og endringsarbeid 
  • grundig kunnskap om tverretatleg og tverrprofesjonelt samarbeid, i tillegg til samarbeid med heimen 
Ferdigheiter

Kandidaten kan:   

  • analysere og vurdere perspektiv på læringsmiljø i eit inkluderande fellesskap  
  • identifisere, analysere og legge til rette tiltak ut frå enkeltbarn og gruppa sine behov og føresetnadar 
  • skape vilkår for førebygging av vanskar knytt til åtferd  
Generell kompetanse

Kandidaten kan:  

  • vurdere betydninga av inkluderande og likeverdige vilkår for utvikling og læring   
  • vurdere eigen yrkespraksis og kunne gjennomføre endringsprosessar med utgangspunkt i det spesialpedagogiske forskingsfeltet 
Organisering og arbeidsmåtar

Studiet er samlingsbasert med inntil tre fysiske samlingar à to dagar per semester. Arbeidsmåtane vil variere mellom forelesning og anna undervisning på campus og nett, seminar og workshops, gruppeoppgåver og individuelle oppgåver.  

Spesialpedagogikk i barnehagen
Navn: 
Spesialpedagogikk i barnehagen
Emne2026 Haust2027 Vår
1515
Krav til utstyr eller ferdigheiter

Studenten må ha tilgang til datamaskin med internett, nødvendig programvare og utstyr som webkamera, headset og mikrofon 

Ansvarleg
Anne Randi Fagerlid Festøy