Her er kandidatane studentane kan stemme på til Høgskulestyret

Sytten kandidatar stiller til val som studentrepresentant til Høgskulestyret ved Høgskulen i Volda (HVO). Bli betre kjend med dei og stem her! Du kan vinne gåvekort på 1000 kroner ved å stemme.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Frå 29. september til 6. oktober kl. 14.00 skal det veljast to studentrepresentantar og to vararepresentantar til Høgskulestyret.

Klikkar du på lenka i boksen under her får du vite kva kandidatane studerer, kva interesser dei har, kva dei vil jobbe for om dei blir vald inn i Høgskulestyret og kvifor ein skal stemme på dei.

Alle aktive studentar ved Høgskulen i Volda vil motta ein e-post med lenke til elektronisk stemmeskjema. Frå stemmeperioden opnar 29. september vil det også vere lenke til stemmeskjema her, der du også finn anna generell informasjon om valet.

Du kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.

Alle som stemmer blir automatisk med i ei trekning av tre gavekort à 1 000 kroner.

Kan påverke viktige saker

Studentrepresentantane i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju ordinære møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen. 

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir driven effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Del på: