Val av studentrepresentantar perioden 2026-2027

I tidsrommet 28. september – 5. oktober blir det val av to student­representantar og to vararepresentantar til Høgskulestyret.

Studentrepresentant i Høgskulestyret får vere med å bestemme viktige saker på høgskulen. Høgskulestyret har om lag sju møter i året og studentrepresentantane blir velt for eit år om gongen. Arbeidsspråket ved høgskulen er norsk.

Høgskulestyret sine oppgåver:

Styret er det øvste organet ved Høgskulen i Volda. Dei har ansvar for at den faglege verksemda held høg kvalitet og for at institusjonen blir drevet effektivt, i samsvar med lover og dei rammene som overordna styresmakt gir.

Nominasjon og stemming

I perioden frå 18. august til 17. september kl. 14.00 kan studentar ved Høgskulen i Volda nominere seg sjølve eller andre studentar. Sjå valreglementet § 14-5, 3. ledd om valbarheit.

Hugs å avtale på førehand med den eller dei studentane du vil nominere, slik at dei er einige i nominasjonen.

Husk at valdeltaking er viktig

I perioden 28. september – 5. oktober 2026 skal det veljast to faste studentrepresentanter samt to vararepresentanter. Alle som stemmer blir automatisk med i en trekning av tre gavekort à kr 1 000,–Du kan stemme på éin kvinneleg og éin mannleg kandidat.

Viktige datoar for studentrepresentantvalet:

  • 18. august – 17. september, kl. 14.00: Nominasjonsperiode
  • 21. september kl. 14.00: Svarfrist for dei nominerte
  • 25. september: Presentasjon av studentrepresentantane på nettsidene til HVO
  • 25. september – 28. september: Valkampperiode
  • 28. september – 5. oktober: Valperiode

Har du spørsmål om valet, kontakt valstyret på e-post: valstyret@hivolda.no