Verdifull skredkveld under Forskingsdagane
Korleis tek vi gode val i vinterfjellet? Det fekk deltakarane lære meir om då Høgskulen i Volda inviterte til gratis skredkveld med innlegg frå erfarne fjellfolk, fagfolk og redningsmannskap.
Gustav Pless frå NVE var mellom foredragshaldarane på skredkvelden under Forskingsdagane 2025 ved HVO.
Arrangementet «Skredkveld: trygg ferdsel på tur!» samla både studentar, friluftsfolk og skientusiastar frå Volda og nærområdet under Forskingsdagane 24. september 2025.
Kvelden var eit samarbeid mellom Høgskulen i Volda (HVO), Noregs Røde Kors, Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Sunnmøre frikøyringsklubb, Sunnmørsk klatreklubb, Natura og Sunnmøre friluftsråd.
Menneskelege faktorar på tur
Først ut var tindevegledar og høgskulelektor Einar Løken ved Institutt for idrett og friluftsliv på HVO. Han løfta fram dei menneskelege faktorane bak trygg ferdsel.
– Kor godt kjenner vi dei vi er på tur med, og kva slags risikoaksept har vi eigentleg, spurde Løken.
Han minte om at ulykker ikkje berre handlar om snø og terreng, men også om val, kommunikasjon og dynamikk i gruppa. Under hans innlegg fekk deltakarane også prøve å blåse opp ein skredsekk – ei praktisk påminning om kor viktig førebuing er.
Plan A – og plan B
Deretter gjekk ordet til Gustav Pless, geolog og tindevegledar i NVE. Han snakka om snøskredvarslinga og korleis ein kan bruke varsel og kartprodukt for å finne tryggare ruter. Samstundes understreka han at fleksibilitet er avgjerande:
– Dei ambisiøse turane må vi spare til dei dagane forholda verkeleg tillet det. Difor må vi alltid ha fleire alternativ klare når vi planlegg, sa Pless.
Når ulykka skjer
Det tredje innlegget var ved Jan Peder Hoggen frå Røde Kors si nasjonale ressursgruppe for skred. Han delte erfaringar frå ekte redningsoppdrag i fjellet både sommar og vinter. Han viste korleis frivillige redningsmannskap jobbar når ulykka først er ute.
– Å høyre om reelle hendingar og korleis Røde Kors handterer dei, gjorde inntrykk. Det viser alvoret som ligg bak trygg ferdsel i fjellet, fortalde ein av deltakarane etter foredraget til Hoggen.
Viktig start på sesongen
Ein av dei som tok turen, var Thor Rune Ustad frå Sunnmøre frikøyringsklubb. Han meiner arrangementet var eit verdifullt høgdepunkt før vintersesongen startar:
– Eg har erfaring frå skredterreng, men det er alltid nyttig å friske opp kunnskapen. Særleg verdifullt var det å høyre om dei lokale skilnadene i forhold og vêrmønster, sa Ustad.
Gratis og ope for alle
Skredkvelden var del av Forskingsdagane 2025 ved HVO, og arrangementet var gratis og ope for alle.
Med ei blanding av fagleg tyngde, praktiske demonstrasjonar og deling av erfaringar fekk publikum både ny kunnskap og nye perspektiv på trygg ferdsel i vinterfjellet.
- Meir frå Forskingsdagane: Engasjerende foredrag om stortingsvalget i et historisk perspektiv