Lærarstudentar og elevar laga film av moderne eventyr

Finstasen var på og popkornet framme på Velle skule i Ørsta nyleg. Norsklærarstudentar og 5. klasse har laga moderne, digitale eventyr saman – og høgtideleg filmpremiere måtte til.

Lærarstudentar og LU-skulen Velle i Ørsta laga film.

Spente tilskodarar på filmframsyning. Foto: HVO / Tale Rørvik Lejon.

Tekst: Tale Rørvik Lejon, Foto: HVO / Tale Rørvik Lejon

- Oppdatert

Del på:

Norskstudentar på grunnskulelærarutdanninga (GLU) for 1.–7. og 5.–10.trinn ved Høgskulen i Volda (HVO) har denne hausten eit arbeidskrav om multimodale tekstar. Første del av jobben var å samarbeide med grunnskuleelevar om å lage digitale forteljingar. 

Studentane skreiv eigne manus med utgangspunkt i kjende folkeeventyr. 5.-klassingar ved Velle skule i Ørsta illustrerte forteljingane og kom med tips til filmane. Undervegs heldt elevane og studentane kontakten ved å sende brev til kvarandre fram mot filmpremieren 30. september. 

Lærarstudentar og LU-skulen Velle i Ørsta laga film.
Koseleg brev frå elevane med tips til studentane.

Tettare band til yrket 

Velle skule er ein av dei tre såkalla LU-skulane (lærarutdanningsskular) som HVO har eit tett samarbeid med i nærområdet, i tillegg til Ulstein ungdomsskule og Øyra skule i Volda. 

Førsteamanuensane Kristin Kibsgaard Sjøhelle og Eivor Finset Spilling ved Institutt for språk og litteratur har saman med LU-lærar Sunniva Redse Mjaaseth lagt til rette for opplegget. 

– Dette er første gong vi gjennomfører eit slikt opplegg med hjelp frå elevar. Temaet for studentane er eigentleg å lage ein samansett tekst, men ved å gjere det på denne måten lærer studentane også korleis elevane tenkjer når dei skal illustrere tekst. I tillegg fekk dei skape ei spesiell stemning rundt framvisinga av produkta, der dei gjorde skikkeleg stas på femteklassingane sin innsats. Eg er veldig glad for at vi fekk med den ekstra dimensjonen, fortel Sjøhelle. 

Sunniva Redse Mjaaseth er lærar i 5. klasse på Velle skule og underviser også på lærarutdanninga ved HVO. Ho meiner LU-samarbeidet med skulane styrker relevansen i undervisninga for studentane. 

– Når studentane lærer om spesifikke tema i skulen, kan eg kome inn og fortelje korleis det ser ut på 5. trinn. Det skapar ei bru mellom utdanninga og skulane, skildrar Mjaaseth.

Lærarstudentar og LU-skulen Velle i Ørsta laga film.
F.v.: Kristin Kibsgaard Sjøhelle, Sunniva Redse Mjaaseth og Eivor Finset Spilling er fornøgde med filmframsyninga.

Ei høgtideleg filmframsyning 

Nokre av studentane tok på seg ansvar for å gjere filmframsyninga ekstra spesiell for grunnskuleelevane. Elise Kristin Torsheim Nystøyl, Hedda Myklestul og Elise Kristin Fremmerlid laga eksklusive invitasjonar til alle elevane og kjøpte inn filmsnacks – for å gi  5.-klassingane ei «VIP-oppleving». 

– Eg synest dette arbeidskravet er veldig gøy. Det er litt anna enn å skrive tekstar. Vi får nytta pensum og ta det vi lærer, ut i praksis, fortel Myklestul. 

– Det er veldig stas at vi også har med læraren til 5.-klassingane på laget. Samarbeidet med elevane har vore veldig kjekt, og vi har fått med mange gode idear frå elevane til filmen, seier Nystøyl.

Lærarstudentar underviser Øyra-elevar i norsk under besøket.
F.v.: Lærarstudentane Elise Kristin Torsheim Nystøyl, Hedda Myklestul og Elise Kristin Fremmerlid med VIP-kort til framsyninga.

Elevane si oppleving 

5.-klassingane ved Velle skule synest det var kjekt å bli inviterte. Agnes og Bianca var med på å lage forteljinga om Askeladden som kappåt med nett-trollet. 

– Det var veldig gøy å sjå resultatet. Eg synest filmen var veldig morosam, seier Bianca. 

– Eg likte veldig godt lydeffektane, fortel Agnes. 

Johannes og Lauritz bidrog til filmen om dei tre små miljøsvina. Gutane er einige om at det var kjekt å teikne til eit ekte prosjekt. 

– Det her er litt variasjon frå andre ting vi gjer, og det er kjekt. Det var også kjekt å sjå dei andre sine filmar, seier Johannes. 

– Det har vore gøy å vere saman med studentane, legg Lauritz til.

Lærarstudentar og LU-skulen Velle i Ørsta laga film.
F.v.: Lauritz, Johannes, Bianca og Agnes er nokre av 5.-klassingane som hjelpte til med forteljingane. Dei viser stolt fram inngangsbillettane sine.
Lærarstudentar og LU-skulen Velle i Ørsta laga film.
Nokre av dei flotte teikningane elevane laga til dei moderne eventyra.

Del på: