Vidareutdanning (masternivå)
Digital kompetanse i barnehagen
Nettstudiet har fokus på utvikling av ein kreativ og skapande digital praksis og kompetanse i barnehagen. Du skal lære å planlegge, praktisere, dokumentere og evaluere det digitale som del av det pedagogiske arbeidet.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Nettstudium
- Studiepoeng:
- 30
- Varigheit:
- 2 semester (1 år)
- Studietype:
- Vidareutdanning (masternivå)
- Søk frå:
- 01.02.2026
Studiet har løpande opptak.
I lys av grunnleggande prinsipp for heilskapleg læring i barnehagen, som leik, omsorg og danning, vil du få forskingsbasert og praksisnær kompetanseutvikling, med eigen arbeidsplass som ein del av læringsarenaen. Studiet gir gode høve til å utvikle eigne praktiske ferdigheiter, men også utvikle evna til å vurdere når og korleis digitale verktøy skal nyttast. I dette ligg individuell utvikling men også utprøving og erfaringsdeling og evaluering i eige kollegium.
Utdanninga er eit tilbod under satsinga Kompetanse for framtidas barnehage Utdanningsdirektoratet (UDIR).
Opptakskrav
Fullført lærarutdanning (barnehagelærar eller liknande).
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Studiet er nettbasert og har ikkje obligatorisk pålogging. Det vert lagt opp til tett fagleg oppfølging, diskusjonar og moglegheit for samarbeid eller individuelt arbeid etter eige ønske. Fleire mindre arbeidskrav byggjer til saman vurderingsmappa ein til slutt leverer til eksamen. Undervegs får ein framovermeldingar frå medstudentar og faglærarar. Arbeidskrav i studiet er tett knytta opp mot eigen praksis og aktivitetar utført ved eigen arbeidsplass gjennom studiet.